Elevstemnet_2016_5

Elevstemnet 2016

(17. - 19. juni.)
Fredag ettermiddag var dei første på plass med stor gjensynsglede og mimring frå «gamle dagar». Men det store innrykket kom først på laurdag. Etter ein god lunsj var det jubilantsamlingar, der kvart kull samlast på kvar sine klasserom. Det var mykje som skulle forteljast og pratast om etter mange år. Så var matsalen pynta til festmiddag. På festen i gymsalen var det festtale ved 40-års-jubilanten Svein Harberg,  rektor Harald Voster hadde ei helsing frå skulen, inspektør Odd Inge Austevoll orienterte om idrettshallen som no er under bygging , musikalsk innslag ved Kjersti Vågen (dotter til ein av vaktmeisterane) som spela hardingfele, og alt vart fint leia i ein humoristisk tone av leiaren i elevlaget Per Helleve. Etter kaffipausa var det «mønstring» der kvart kull kom opp på scena og hadde ei lita helsing eller eit minne frå tida på Framnes. Etter ein lang og god fest var det godt å kome ut der Elisa Urhaug og Ida Hanne Hagen hadde fyrt opp grillen. Og kvelden, eller kanskje heller natta, vart avslutta med bål på Verdens Ende.
Søndag føremiddag var det møte der rektor Harald Voster tala, tidlegare rektor Per Tjøstheim hadde opningshelsing og inspektør Jostein Moldsvor viste ein lysbildeserie med musikk.  Totalt var det 157 jubilantar på elevstemnet i tillegg til tidlegare og noverande tilsette og andre. Dei tre største kulla var 50 årsjubilantar (45 stk.), 5 årsjubilantar (39 stk.) og 40 årsjubilantar (25 stk.).
Takk for eit flott elevstemne!

Tekst: Jostein Moldsvor
Foto: Jostein Moldsvor og Eimund Solsvik

SJÅ FLEIRE FOTO HER!

HER KAN DU LASTA NED FOTO AV JUBILANTKULLA!