miljarbeidarar

Årets miljøarbeidarar på Framnes, Katrine Brakvatne (20) frå Hjelmås, Martine Vik Sønstabø (20) frå Litlesotra og Kristine  Husa (19) frå Fedje, er allereie godt i gang med arbeidet på skulen. Alle tre var russ på Framnes i 2015.

Miljøarbeidarane skal saman med lærar John-Sindre Sætrenes legge til rette for eit godt miljø og god trivsel for både internatbuarar og heimebuarar.

I vekedagane vert det til dømes arrangert møter, KRIK-aktivitetar, bibelgrupper og andre tiltak, medan det i helgane ofte er aktivitetar for dei elevene som er igjen på tunet, og heimebuarane. Miljøarbeidarane vil gjera sitt beste for at alle skal ei god fritid på skulen!

Viktig jobb

– Kvifor ville de bli miljøarbeidarar?

– Når ein har vore elev på Framnes, veit ein kor viktig det er med gode miljøtiltak og kjekke aktivitetar. Og så har eg hatt hatt lyst til å bruka eit år som eittåring eller miljøarbeidar, fortel Martine.

– Eg har ikkje hatt ein plan om å verta miljøarbeidar, men plutseleg fekk eg lyst til å bruka eit år på dette. Kvifor ikkje? tenkte eg, fortel Katrine.

Ho tykkjer det er ein viktig jobb, der det er avgjerande å vera engasjert.

(Kristine var forhindra i å møta til intervjuet)

Miljøarbeidarane har fram til no vore aktive med i bli-kjent-turane for 1.klassingane, og dei har mellom anna arrangert såpefotballturnering, volleyballturnering og kjempeligretto, og tur til Dalamot (friluftstur i nabolaget).

Overnattingsturar?

– Kva er planen vidare?

– Ein del av aktivitetane ligg fast i planen vår, som onsdagsmøter, KRIK og Framnes premier league. Elles har me mange idear. Kanskje me til dømes kan få til overnattingsturar. Elevane har mellom anna etterlyst fleire sundagsmøter og åndeleg ”påfyll” som lovsongsmøter og bønnevandringar. Me får sjå kva kapasiteten gjev rom for, seier miljøarbeidarane.

– Kva har Framnes hatt å seia for dykk?

– Skulen har eit godt sosialt fellesskap. Ein får med seg gode minner og vennskap som varer. Det er noko av grunnen til at eg ikkje har prioritert å gå på folkehøgskule. Åra som elev på Framnes var kjekke, men det gjer at eg ikkje har det same behovet for eit år på folkehøgskule, seier Martine.

Katrine har mange av dei same erfaringane frå åra på Framnes.

– Ein får vennskap som varer. Det har betydd mykje å ha kristne vener. Eg har mange gode minner, men det er ikkje tvil om at det sosiale til tider gjekk ut over skulearbeidet, vedgår Katrine.

 

Tekst og foto: Lars A. Oma