jens_ivar_melas_2

 

Den nye idrettslæraren

Jens Ivar Melås (23) frå Åfjord i Sør-Trøndelag er tilbake på Framnes, no som faglærar i idrett.


Den unge læraren var russ på Framnes i 2012, og etter eitt år på folkehøgskule og ein fullført bachelor-grad frå NLA i kristendom og idrett, takka han ja til full stilling på Framnes.

– Eg trudde det skulle bli ”rart” å koma tilbake skulen som lærar, men det vart ikkje så ”rart” som eg trudde. Eg stortrivst i rolla, og det er meiningsfullt å byggja fellesskap med lærarane og personalet på skulen.  Det vert mykje arbeid no i starten, men eg held hovudet over vatnet, forsikrar han.

Slik er det vanlegvis for alle nye lærarar. Det er mange fag og nye rutinar å setja seg inn i.


Faglærar

Jens Ivar underviser i treningsleiing, treningslære, kroppsøving og har i tillegg litt spesialundervisning. I vinter skal han også ha breiddeidrett ski/telemarkkøyring. På sikt har han planar om å ta praktisk pedagogisk utdanning.

Jens Ivar er gift med Synniva Nese Melås. Ho er sjukepleiar og jobbar i helse- og omsorgstenesta i Kvam herad. Paret leiger hus i nærleiken av skulen.

– Kvifor valde du Framnes etter tiandeklasse?

– Eg ville ikkje gro fast heime. Foreldra mine anbefalte Framnes KVGS, og eg har to søstrer som har gått på kristne vidaregåande skular – og som også anbefalte dette. I tillegg ville eg til ein skule med idrett  og eit godt kristent fellesskap, forklarar Melås.


Møtte ektefellen på skulen

Han visste ikkje så mykje om Framnes på førehand, men han kom fort inn i miljøet.

– Eg hugsar eg likte godt treningsleiing på idrettslina. Det lærte eg mykje av, og det er kjekt å koma tilbake og dela kunnskap med elevane som går her no.

– Kva har Framnes betydd for deg?

– Her får ein gode og varige vennskap, og ein finn seg sjølv! Eg fekk eit tettare band til både meg sjølv og Gud. Og eg møtte kona mi her! fortel ein nøgd idrettslærar.

Jens Ivar har mykje positivt å seia om skulen.

– Det er eit godt fellesskap mellom elevane og eit godt fellesskap mellom lærarar og elevar.


Blir vestlendingar

Dei to søstrene hans bur i Bergen, og snart flyttar også foreldra til vestlandshovudstaden.

– Saknar du Trøndelag?

– Ja, men eg kjem ikkje til å slå meg ned på heimstaden. Men det er godt å besøkja staden eg vaks opp på. Det er rart å tenkja på at heile familien no hamnar i Hordaland, vedgår han.

Den nye idrettslæraren har mange interesser, og har eit hjarte for friluftsliv og sportsaktivitetar.

– Eg likar i grunnen alle typar idrett. Det er kjekt å prøva nye aktivitetar og utfordra kroppen. Til dømes er golf mykje artigare enn det ser ut til!

Jens Ivar spelar fast på A-laget til Norheimsund FK. Det inneber tre fotballtreningar i veka, pluss kampar. Litt badminton blir det også tid til.

– Kva med framtida?

– Det er vanskeleg å seia, men me kan godt enda opp her!

 

Tekst: Lars A. Oma

Aktivitetsfoto: Privat

jens_ivar_melas_1

jens_ivar_melas_3

jens_ivar_melas_4

jens_ivar_melas_5