vip_1

Framnes KVGS skal ta i bruk Skoleprogrammet VIP (Veiledning og Informasjon om Psykisk helse i skolen).
I dag var leiar og psykiatrisk sjukepleiar Espen Hansen og vegleiar/konsulent Maya Kaur frå Vestre Viken i Helse Sør-Øst på besøk for å ha opplæringskonferanse om Skoleprogrammet VIP, og korleis programmet kan inkluderast i det generelle skulearbeidet.

VIP er eit tiltak som i første omgang rettar seg mot Vg1-elevar i vidaregåande skule. Hovudmålet med programmet er å gjera elevar betre rusta til å ta vare på eiga psykisk helse og verta merksame på kor ein kan søkja hjelp. Dette vert gjort gjennom opplæring av skulens tilsette, og gjennom samarbeid mellom skule og lokal psykisk helseteneste.

Dei to gjestene brukte først ein skuletime saman med heile personalet, og deretter to klokketimar med dei av personalet som skal gjennomføra programmet på Framnes.
Personell frå psykisk helseteneste i kommunen vert også ein del av programmet på skulen.

Tenesta vert omtala som eit helsefremjande og førebyggjande tiltak. VIP-programmet vert finansiert av Helsedirektoratet som ein del av satsinga Psykisk helse i skolen, saman med andre program som dekker heile skuleløpet.
VIP er ein del av Lærings- og mestringssenteret (LMS) i Vestre Viken.

Tekst og foto: Lars A. Oma

vip_2