15175550_10153992610830143_321611473_n

Torbjørn 60 år
I går vart ein av medarbeidarane våre, Torbjørn Vågen, 60 år. Vedlikehaldsleiar Kjell Magne Solsvik heldt tale til jubilanten, som har vore tilsett som vaktmeister på skulen i 14 år.
– Han er, slik eg kjenner det, den mest rotfeste og trufaste Vikøy-buaren eg veit om, sa Solsvik til heidersgjesten under lunsjen i går.
Torbjørn har budd i Vikøy i alle år, bortsett frå militærtenesta.
Han har fagbrev som bilmekanikar, og har arbeidd ved fleire bilverkstader i Kvam, mellom anna Mo Auto AS i Steinsdalen og Kvam bilhus. Etter militærtenesta byrja han i Vågen Transport og byggefirma. Det førte mellom anna til at han gjekk laus på ny læretid og tok fagbrev i tømrarfaget.
Etter kvart tok han over firmaet til faren, Vågen bygg. Det som no er ”hovudgesjeften” utanom Framnes er Vågen rom- og hytteutleige, med over 30 sengeplassar.
Torbjørn er ein mann med mange jarn i elden. Friluftsliv og folkemusikk/folkedans er noko av det han set høgt. Eldstejenta Kjersti deler interesse med faren, noko som har resultert i fleire prisar for hardingfelespelet.
– Nøyaktigheit er noko av det som kjenneteiknar Torbjørn. Det går også att i arbeidet hans. Han set si æra i å gjera nøyaktig og godt arbeid, og kjem ofte med gode innspel som bidreg til ein god prosess fram mot gode val og gode løysingar for Framnes, sa Solsvik.
Dagen på Framnes vart feira med kaker og mykje merksemd.

Tekst (henta frå talen): Lars A. Oma
Foto: Geir Johnny Undal