open_helg_014

Me kan sjå tilbake på ei travel helg med besøk av mange flotte ungdommar. 126 tiandeklassingar deltok på Open helg! Og me kan notera ny rekord når det gjeld deltakarar frå Kvam! (kommunen der Framnes ligg). Dei kjekke tiandeklassingane kom frå store delar av Noreg; i områda mellom Vesterålen i nord, Oslo i aust, Lillesand i sør og Øygarden i vest.
Fredag var det velkomstsamling i peisestova, konsert med Norheimsund og Øystese ungdomskor og til slutt kafé med diverse spel.
Laurdag var det informasjon om fagtilboda på Framnes, med fem fagstasjonar (med fleire fag på kvar stasjon) – med både lærarar og elevar i sving med fagformidling. Strålande innsats!
Matservering og ulike aktivitetar – som ballspel og juleverkstad, gjekk slag i slag utover dagen og kvelden.
Sjølve rosina i pølsa var Taletiaden, med over 20 innslag frå elevar på Framnes. (NB!: Bileta frå Talentiaden kjem litt seinare!!)

Tekst: Lars A. Oma
Foto: Lars A. Oma, Lisbeth F. Oma og Jostein Moldsvor

SJÅ FLEIRE FOTO HER!