idrettshallen00001

Den nye idrettshallen, Framnes Arena, ligg godt an i løypa både økonomisk og tidsmessig

Inspektør Odd Inge Austevoll, som brukar mykje tid på å følgja opp prosjektet, er godt nøgd med framdrifta.

– Dei ulike entreprenørane samarbeider godt, og arbeidet med hallen går etter planen. Alle er løysingsorienterte og finn ut av utfordringane etter kvart som dei dukkar opp. Det er også god kontroll på kostnadene, fortel Austevoll.

Framnes Arena skal overleverast frå hovudentreprenøren Brødrene Ulveseth AS 1. mai. Slik det ser ut no er det god grunn til at tidsskjemaet held.

Når bygget er overlevert frå entreprenøren er det tid for dugnad: Det skal mellom anna leggjast krøllgras, monterast spilepanel, monterast tribune med stolar på galleriet, og alt utstyret frå det gamle styrkerommet skal flyttast over i hallen.


Den nye idrettshallen får full handballbane (44x23meter) med parkett. Framnes Arena vert det første idrettshallen i Noreg som tek i bruk krøllgras utan gummikuler. I staden vert det nytta ein gummimatte som ligg under krøllgrasduken. Den nye teknologien er allereie teken i bruk internasjonalt, og vart til dømes nytta under VM i innandørsfotball i USA i 2015.

Den nye innandørs fotballbanen i Framnes Arena måler 27x36 meter.


Hallen får fire garderobar, to lærar/dommar-garderobar, kjøken/pølsebod, foaje på 170 kvadratmeter, styrkerom på 170 kvadratmeter, klasserom med staseleg utsikt mot Hardanger-landskapet. Den nye teleskoptribunen får 464 stolar, og tribunen på galleriet får 165. Med andre ord, det vert sitjeplass til 629 personar!

For å redusera kostnadene satsar ein på å importera teleskoptribune frå ein kjend kinesisk leverandør, som mellom anna har levert tribuneløysingar til store internasjonale stadionanlegg – mellom anna til OL i Brasil.

For å redusera kostnadene ytterlegare vert alle Framnes-vener utfordra til å sponsa stolar: ”Slå eit slag for Framnes og kjøp ein stol til 1.500 kroner og få namnet ditt på den”. Kanskje det kan vera ei julegåve? (det kjem snart ei eigen sak om dette).

Teleskoptribunen skal monterast av Menighetsservice AS.

Hallen skal innviast på Indremisjonssamskipnaden (IMS) sitt årsmøte på Framnes 16. – 18. juni. Ein reknar med at hallen er komplett og klar til bruk når elevane dukkar opp hausten 2017.

idrettshallen00005

idrettshallen00002

idrettshallen00003

idrettshallen00006