ventilasjonshus1

Arbeidet med det nye ventilasjonshuset for klasseromdelen i etasjen over kjøkenet og matsalen, er godt i gang.  Arne Frode Lilleås AS har saman med vedlikehaldsavdelinga på skulen gjort forarbeidet før sprenging. Karane har mellom fjerna ein stor septiktank, reinska området og sikra eksisterande kablar og avløp. Det er også ordna drenering til sjø.

– Etter planen startar sprengings- og betongarbeidet i løpet av hausten, så snart det formelle er på plass. Går det slik me har tenkt, skal betongbygget vera klart på nyåret, seier vedlikehaldsleiar Kjell Magne Solsvik.

Han reknar med at ventilasjonssystemet vert sett i gang hausten 2018, når Kantek AS, er ferdig med installasjonen.

På litt lengre sikt er det planen å byggja ein etasje over det nye 70 kvadratmeter store ventilasjonshuset. Her vert det ekstra lokale for kjøkenavdelinga, mellom anna lager og garderobar.

Når ein fyrst er i gang med arbeidet er det ifølgje Solsvik naturleg å tenkja framtidsretta i forhold til varmegjenvinning og energiøkonomisering. Ein reknar med at prosjektet totalt, inkludert etasjen over ventilasjonshuset, vil kosta rundt 5 millionar kroner.

Tekst og foto: Lars A. Oma

ventilasjonshus2
ventilasjonshus3
ventilasjonshus4