001misjonslopet2017


Her kjem bileta frå misjonsløpet i helga, der elevane, representantar for personalet – og andre Framnes-vener, ”sprang inn” 824.845 kroner.  Det er rett og slett imponerande!

Pengane, som er del av det russen kjem til å samla inn denne skulevinteren, går til å støtta prosjektet Mental helse i Nepal, eit arbeid som Himalpartner driv i det vakre med fattige landet ved Himalaya. Det skal mellom anna byggjast eit nytt senter i hovudstaden Kathmandu, der ein kan gje god behandling til psykisk sjuke, og trening i praktiske ferdigheiter for desse pasientane. Ein skal også gje helsearbeidarane i allmennhelsetenesta opplæring i behandling av psykisk sjuke. Behandlingstilbodet for denne pasientgruppa er i dag i praksis lik null i Nepal. I eit land med nær 30 millionar menneske er det eksempelvis berre éin barnepsykiater, og landet har berre eitt psykiatrisk sjukehus – med berre 40 senger.

(Kjelde: Lege og psykiater Hans Kristian Maridal, som arbeider for Himalpartner)


Sjå fleire foto HER!

Foto: Håkon Bakke Jensen

Tekst: Lars A. Oma

015misjonslopet2017

017misjonslopet2017