DSC01846_2

Foreldrelaurdagen i helga starta for alle elevane med eit seminar ved tidlegare Framnes-elev Sondre Høysæter. Han er tilsett hjå Hope for Justice, ein organisasjon som jobbar mot moderne slaveri. Han fortalde at i dei 200 åra slavehandelen pågjekk var om lag 10 millionar menneske involverte i slaveriet. I dag er minst 25 millionar menneske ramma av det moderne slaveriet. Det er truleg sexindustrien som er mest kjent og omtala. Men Høysæter viste òg mange døme på barnemisbruk og barnearbeid, tvangsarbeid og kriminell aktivitet utført av organiserte bandar med bakmenn. Det er lett å tenke at «moderne slaveri» pågår i U-land. Men han peika også på døme frå Norge:

a) Korleis kan ei korg med jordbær berre koste 15 kroner?

b) Korleis kan ein person vaske ein bil manuelt billegare enn kva ei maskin gjer? Dersom ein bilvaskar utfører jobben utan støvlar og hanskar kan det tyde på tvangsarbeid.

c) Fleire firma i Norge har tilsette som anten lever på luselønn eller er direkte involverte i tvangsarbeid/slaveri. Eller desse firmaene brukar underfirma som nyttar seg av tvangsarbeid.

d) Mange av bandane som reiser rundt i Norge på «tjuveritokt» er ungdommar som er styrt av bakmenn.

e) Dersom eit firma vil ha betaling kontant utan kvittering kan det bety at det «berre» er svart arbeid, men ofte er det også tvangsarbeid/slaveri inne i bildet.

  

Dette var eit tankevekkande foredrag!


Tekst og foto: Jostein Moldsvor

Foto: Ingvill Sørheim takkar Sondre etter foredraget