001_tunisia
Framnes hadde besøk av fredsarbeider Njål Haugland og dottera hans Deborah rett etter påske. Familien Haugland arbeider i organisasjonen "Friends of Tunisia".


Støttar fredsarbeidet i Tunisia

Fredsarbeidar Njål Haugland frå organisasjonen Friends of Tunisia arbeider for å hjelpa det gryande demokratiet i landet med å finna gode førebilete i utviklinga av folkestyret etter revolusjonen i 2011.

Tekst og foto: Lars A. Oma

Etter 20 års innsats i turistbyen Sousse byrjar det å skje spennande ting. Dører opnar seg og Friends of Tunisia får stadig tettare kontakt med det nye leiarskapet. Organisasjonen arbeider no for å oppretta eit freds- og studiesenter i byen Sousse, i samarbeid med bystyret.
I april var Haugland og dottera Debora (15) på Framnes for å fortelja om arbeidet i Tunisia, og om den spennande utviklinga. Elevane fekk innblikk i arbeidet gjennom fleire morgonsamlingar, i klasseromma og på ein eigen Tunisia-kveld.
Familien Haugland består av Njål og ektefellen Mari, og dei fem borna, Debora (15), Sara-Helen (13), Samuel (10), Noah (8) og Viktor (3). Njål kan vitna om ei dramatisk omvending i byrjinga av 20-åra. Etter dette vart det avgjerande for han å møta menneske med bodskapen om fred, rettferd og glede.
Han og ektefellen flytta til Tunisia for 20 år sidan, og har sidan den gongen arbeidd for å nå sine medmenneske i det nordafrikanske landet.

Ei tenande innstilling
Friends of Tunisia nyttar høvet til å møta folket med gjensidig respekt og fredsverdiar i praksis.
– Det beste me kan gjera i dette landet er å rekkja ut hendene våre og spørja: Korleis kan me hjelpa dykk? Kva kan me bidra med? Det viktigaste for oss er å gje menneska verdi og mot til kritisk tenking. Me vil spela på lag med folket og byggja bruer. Då opnar dørene seg, og folk byrjar å spørja om kor me har henta tankane våre frå. Då kan me naturleg fortelja om djupare verdiar, forklarar Haugland.
Haugland legg difor vekt på å møta folket og leiarskapet i byen med ei tenande haldning, ikkje som herrar. Folk er skeptiske til tidlegare kolonimakter og land som dei fryktar vil utnytte Tunisia. Dei ser heller mot dei skandinaviske landa, nasjonar som dei oppfattar som meir nøytrale og «ufarlege». Tunisia er i ein demokratisk prosess der ein ser etter gode førebilete og rollemodellar i utviklinga av demokratiet: «Kor skal me henta ideala våre frå?» «Kva land ser me opp til?»
– Her kan me vera med og støtta det tunisiske folket i ein avgjerande fase, forklarar Haugland.
Ein tunisisk dialogkvartett fekk i 2015 Nobels fredspris. Dette var eit kraftig løft, men framleis treng det unge demokratiet hjelp.

Ungt demokrati
Landet har fått på plass eit demokratisk styre etter revolusjonen, men det er framleis ungt og umodent. Utfordringane for det veksande demokratiet er mange. Den største utfordringa er den store arbeidsløysa.
– Eg trur på ein grasrotreformasjon og eit samarbeid med dei som er i leiinga, seier Haugland.
Han er overtydd om at nøkkelen til eit vellukka arbeid for fred og demokratisk utvikling er å gjera ein innsats i grunnskulen. Friends of Tunisia driv ein skule med 52 elevar, der Mari er rektor. Pedagogikken og verdiane i skulen vert lagt merke til av styresmaktene. Dei ser på nært hald korleis skulen får born til å bløma, born som foreldre og den offentlege skulen har gjeve opp fordi dei ikkje taklar prestasjonspresset. Foreldra er glade i borna sine, men metoden for å få dei til å yta er ofte fysisk straff.
Ein skule som ut frå positive verdiar, og skandinavisk pedagogikk, lærer at alle er like verdfulle, gjer at desse borna endeleg får kjenna seg trygge. Dermed blømer dei som menneske og elevar. Når folk rundt ser resultatet, kjem foreldra. Det er medisin for samfunnet.
– Dette er verdiar som er avgjerande for den demokratiske utviklinga. På denne måten kan me vera med og støtta det tunisiske folket, seier han.
Ein gong samla dei fleire hundre ungdommar frå ungdomsskulane og gymnasa i kultursenteret i byen til filmkveld, i samarbeid med dei lokale skulesjefane. Gjennom filmen «The beauty and the beast» fekk dei i gang ein dialog om verdiar. I etterkant vart det oppretta skulelag på skulane der ein kan arbeida vidare med gode verdiar og utfordringar som til dømes mobbing og narkotikamisbruk.
I april var det skulekonsert i Sousse med det norske bandet The Main Level. 600 studentar kom for å høyra på. Deltakarane i bandet oppfordra dei unge til å stå opp for gode verdiar. Skulesjefen og studentane samarbeider aktivt for at positive og konstruktive verdiar skal verta ein del av kvardagen i skulane i byen.

Vil stoppa radikalisering
For nokre år sidan var det ei alvorleg terrorhandling i Sousse, der nær 40 turistar vart drepne på ei strand. Terroristen var ein radikalisert ungdom som utførde udåden for IS. Målet var å øydeleggja for det unge demokratiet ved å gå laus på turistnæringa.
– Skal ein få slutt på IS og terrorisme, må ein stoppa rekrutteringa. Difor er arbeidet i dei tunisiske fengsla eit viktig satsingsområde, seier Haugland.
Den tunisiske aktivisten og bloggaren Lina Ben Mhenni vart kjend under Jasminrevolusjonen i 2010-2011 for sin uredde kamp for ei demokratisk utvikling i landet. Ho har mellom anna stått i bresjen for å fjerna ekstrem islamistisk litteratur i 15 tunisiske fengsel. No står resten av fengsla for tur. I staden vert det oppretta nye fengselsbibliotek med bøker som står for konstruktive og gode verdiar. Bøker som formidlar det som til dømes Nelson Mandela, Desmond Tutu, og Malala Yousafzai står for, om tilgjeving og kamp for likeverd og menneskerettar.
– Her får me vera med og tilby bøker med konstruktive verdiar. Me fokuserer på hjarta til menneska, ikkje på religion.