vikafjellet_2018_0_-_4
Torsdag til laurdag var 1C på friluftstur på Vikafjellet. Elevane fekk oppleve høgfjellet på sitt vakraste med kveldssol i varme haustfargar, men dei fekk óg oppleve kor fort været kan skifte frå sol og til tett skodde og vidare over til sludd og regn. Dei fekk med andre ord både sett kor vakker natur vi har og dei fekk gjort nyttige erfaringar i forhold til kva ein må kunne forvente på turar i den norske fjellheimen. Det viktigste på denne turen var likevel det sosiale samværet og dei nye felles opplevingane dei fekk både rundt kveldsbålet, ved stormkjøkkena, i telta medan regnet piska like over hovudet og ikkje minst dei 17km saman med storsekk på ryggen. Makan til positiv og sprek gjeng skal ein leite lenge etter, så dette lovar godt for resten av skuleåret.

Tekst: Frede Hatlen
Foto: Elevar og lærarar (byline på kvart foto)

Sjå fleire foto på Facebook!

vikafjellet_2018_0_-_8