Kjære foreldre/føresette!

Velkommen til Framnes på foreldredag/helg laurdag, 7. februar 2009.
Programmet for laurdagen er noko endra frå tidlegare foreldredagar. Vi har byrja med klasseforeldremøte som vert leia av klassen sin foreldrekontakt og så har vi endra tid/innhald på fellessamlinga. Vonar de ser dykk tid til å koma å vera saman med oss denne laurdagen.

Trykk på "Les meir" for å sjå programmet for helga. Melde deg på? Trykk her!

Program for dagen vert slik:

Kl. 12.00-13.30 Fellessamling i auditoriet/gymsal:
Ord for dagen, elevinnslag og litt orientering
”    13.45-14.15 Klassesamling for elevar i 1. klasse
”    13.45-14.15 Klasseforeldremøte for 2. og 3. klasse (leia av foreldrerådsrepr.)
”    14.15-14.45 Klasseforeldremøte for 1. klassen (leia av foreldrerådsrepr.)
”    14.45-18.30 Elevar m/foreldre kan møta kontaktlærar, husmor, skuleprest el.a.
Sjå vedlegg for påmelding og mrk. dykk fristen.
Påmelding kan og skje til resepsjonen, tlf. 56550500 el. via nettet:
www.framnes.vgs.no/pamelding

”    15.30-16.30 Foreldrerådsmøte
”    20.00-21.30 Samling i peisestova     for dei som ynskjer det

Mat:

Kl. 11.00-11.50 Servering av graut (fleksi)
”    13.30-18.00 Kafe i peisestova o.a. tiltak for misjonsprosjektet
”    14.30-15.30 Varmrett (fleksi)
”    19.00-19.45 Kvelds


Til deg som har lyst å vera her heile helga så har ikkje skulen  ledige rom til overnatting.

Treng du/de overnatting kan de kontakta:
Torbjørn Vaagen, rom – og hytteutleige, Vikøy     ”    56 55 25 21 og 90 93 40 06
Sandven Hotell, Norheimsund             ”    56 55 20 88
Hardangerfjord Hotell, Øystese ”    56 55 63 00

VEL MØTT!

Framnes, 14. januar 2009


Med venleg helsing
Framnes kristne vg. skule


Harald Voster, rektor

P.s.: Bassenget er ope så har du lyst å ta deg eit bad så hugs badetøy! (Badevaktene er på plass.)