Foto: Lars Kristian KvåleSøndags morgon la ein aldri så liten ekspedisjon ut over "evja" med Sjusete som neste stopp. Klokka var straks halv elleve og Martin Dalane var blid og nøgd. Med seg hadde dei bl.a. skifeller, kaffi, dunjakke og rosiner. Kva i alle dagar var det no dei skulle?


Foto: Lars Kristian KvåleOmsider, etter lange krunglete svingar og smale vegar, trilla dei inn på parkeringsplassen på Sjusete. Der plukka dei opp eit par ekstra medlemmer til ekspedisjonen. Antal deltakarar var no ca. akkurat ein plass mellom 10 og 20...

Målet med turen var å bestige Torefjell som strekk seg 1060 m.o.h. og som gir ein fantastisk utsikt over Foto: Lars Kristian KvåleNorheimsund og Øystese. Vegen opp var til tider ganske så lik bilvegen; svingete, smal og bratt. Men barske som dei var, så beit dei i seg høgdemeter for høgdemeter. Alle som ein kunne føle korleis det kribla i beina etter å køyre ned att, der dei gjekk å vassa i tørr nysnø.

Etter å ha løfta skia opp over den siste kanten, var det strake vegen mot toppen. Der kunne ein nyte ein heilt ubeskriveleg fin utsikt på ein solfylt og skyfri dag. Vel nøgde, og glade for å ha nådd toppen, gjekk dei litt ned igjen, i le for vinden, for å spise niste og drikke den utsøkte tur-kaffen som nyforelska Hallvard Nessa hadde med i sekken sin. Nistepakken gjekk ned på høgkant, men så satt dei plutseleg kaffien i vrangstrupa. Ut frå intet høyrte dei: "Heeeeiiiisann!". Og der kom jammen Kristian Moskvill susande i joggebuksa for å få seg ein kopp kaffi og ein bit "Walters mandler".

Litt etter litt snørte den eine etter den andre sekken igjen, og beina kribla meir og meir etter å flyte nedover fjellsidene dekt med tørr nysnø. Nedturen vart på ingen måte ein nedtur, men ein opptur (om ein kan kalle det det). Ord kan ikkje beskrive kor utruleg fint det var! Vegen ned gjekk gjennom busker og kratt, over klipper og steiner og nedover jorder.

Til slutt stod heile gjengen samla ved minibussen igjen og alle var einige i at livet var verd å leva.

Sjå i galleriet for fleire bilete.

Takk til Lars Kristian Kvåle for flotte bilete!