Foto: Andreas EideDenne veka har det vore arrangert verdenscup i telemark på Rjukan. Der er ein god gjeng tidlegare og nåværande elevar tilstades som funksjonærar. Elevar frå 3C -05, -07, -08, -09 og 2C 09 + Øystein Kalvenes med Odd Inge Austevoll i spissen har bl. a hatt som oppgåve å stildømme løparane.

Stemninga er på topp blandt deltakarane på turen, som har vorte ein tradisjon for idrettsklassane på Framnes. Grunna at det i år vart lagt til vinterferien, kunne ikkje det arrangerast skuletur, så då vart det på frivilleg basis.

Allereie på det første rennet vart det dramatikk då verdenscup-leiar Eirik Rykhus vart diskvalifisert før rennet hadde starta. Dette grunna uhøvisk køyring under besiktigelsen. Det medførte at han mista verdescup-leiinga og ikkje fekk delta.

Fredagens renn vert TV-sendt på NRK Laurdag kl 14.00, så følg med!