Foto: Andreas EideI går, torsdag 12. mars, var det konsert på Framnes. HotZound hadde tatt turen i frå alle delar av landet for å spille til inntekt for misjonsprosjektet og samtidig kaste glans og spre glede over halvøya. Alle dei gode klassikarane frå 90-tallet var å høyre og det varma godt på ein kald mars-kveld.

HotZoudAlle dei godt over 100 elevane som hadde møtt fram for å få med seg konserten, fekk oppleva 90-tallet på nært hald. Rockefoten gjekk non-stop og dei aller, aller fleste merka det nok litt i nakken dagen derpå. Frå scenen vart det kasta gavedryss i form av bananer og McMusic-cdar. Noko som på ingen måte la ein dempar på festen! Ein aldri så liten telemarks-gut klarte og å lure seg til historiens beste "stage-dive" med påføgende sceneshow.

 

Alle var me einige om at det var godt å mimre litt!

Sjå fleire bilete i galleriet.