_Volleyball_i_Tnsberg184Volleyball-gjengen som deltok i NM i volleyball for vidaregåande skular i Tønsberg i helgen, kom tilbake med en solid 6. plass i bagasjen. Laget beit godt frå seg og sette seg i respekt. Ifølgje trenar Martin Dalane kunne laget ha sikra seg finaleplass dersom ein hadde klart å halda det nivået spelarane presterte på det beste i kampane.

Sjå fleire foto i fotogalleriet HER:

Under kan du lesa korleis spelarane opplevde turen og turneringa:


Les mer …

ernring_og_svn_175Fredag sist veke hadde Framnes besøk av folkehelsekoordinator Reidun Braut Kjosås frå Kvam herad. Ho hadde føredrag for alle elevane på skulen om kva som skal til for sikre overskudd og god helse. Braut Kjosås tok mellom anna fram betydninga av næringsrik mat, mosjon, nok søvn og gode rutinar. Ho understrekar kor viktig det er å ta vare på helsa allereie i ung alder, både med tanke på læring og utdanning, og det å førebyggja sjukdom i eit langsiktig perspektiv.
opningshelga_2012_18Hei!
9. februar er det ny foreldredag. De er hjarteleg velkomne!
Info og program for dagen finn du HER.
framnesbasar_2013_139Den tradisjonsrike Framnes-basaren står for døra. Laurdag 26. januar klokka 16 er det på ny høve til å vinna fine vinstar og oppleva hyggeleg basarstemning i peisestova. Det vert hovudtrekning, åretrekning og eiga trekning for born.
Marit Andresen Røen skal halda andakt, og barnekoret King Sing frå Samnanger deltek. Det vert også musikkinnslag og servering av kaffi og kaker.
(Arkivfoto)

Velkommen til ein hyggeleg ettermiddag på Framnes!
Arr: Framnesforeningen
julestemning_313Personalet på Framnes vil med dette ynskja elevar og alle Framnes-vener Godt Nyttår. Takk for året som har gått, takk for innsatsen og lukke til med året som kjem!
harnes_fotball_NYTidlegare Framnes-elev, Karoline Harnes frå Hærøy, er teken ut til å spela på landslaget (all-American soccer team) til National christian college athletic assosiation i USA. Harnes var russ på Framnes for to år sidan og studerer no på Palm Beach Atlantic University. Ho spelar til vanleg fotball for Sailfish women´s soccer, som er ein del av Palm Beach Atlantic University Athletics.

Les meir HER
juleavslutning_12__102Tida går så fort. Akkurat no er elevane våre på veg heim for å feira jul og nyttår. I går var det juleavslutning med festmiddag, der personalet stod for serveringa, og førjulssamling i auditoriet – med underhalding, song og "mat for sjela". Seinare på kvelden var det kveldsgudsteneste i ei fullsett Vikøy kyrkje.
I dag var det lang og god frukost med tradisjonell gang rundt juletreet rett etterpå. Så var det endeleg juleferie!
Me ynskjer våre kjære elevar God jul og Godt nyttår!

Sjå fleire foto i Fotogalleriet

ljosglytt_skal_framHjelpsame elevar deltek i siste innspurt med pakking av bladet Ljosglytt. No går elevlagsbladet i posten, og er forhåpentlegvis framme til jul.

Foto og video: Berit H. Byrkjeland

 

Sjå video HER!


nettsidaSom dei fleste allereie har oppdaga er skulen si nettside fått eit løft med ny layout og betre struktur. Me håpar alle finn fram!
For å letta leitinga prøver me no å losa dei ulike brukargruppene inn i sida. Nye søkjarar kan gå rett inn i "Søkjar", dagens elevar kan nytta seg av "Elev" og forelde har ein eigen kanal i "Foreldre". I hovudmenyen er det også eit nytt punkt, "Karriere". Dette er eit satsingsområde for skulen. Gå inn og sjå kva Framnes legg i omgrepet.
Det er truleg ting på sida som må korrigerast, men me arbeider med saka! Dersom de oppdagar noko, så er me takksame for konstruktive tilbakemeldingar!
Facebook-anbefalinga er ute av drift, men skal reparerast så snart råd er.
Webmaster
terrengsykkel_04Framnes har hatt tilbodet Toppidrett sykling i om lag eitt år no. Forutan standard sykkeltrening på asfalt er elevane også med på landevegssykling, som også omfattar terrengsykling. Dette vert rekna for å vera eit godt supplement, særleg i den kalde årstida. Det er mellom anna ein god måte å halda varmen på. Bratte bakkar og lågare fart får blodet til å pumpa. Me vart med gjengen på trening, på fine stiar i Tørvikbygd.

Sjå fleire foto i Fotogalleriet HER


Sjå video HER