opningshelga_2012_16Dagleg leiar Øystein Samnøen i den norske avdelinga av Mission Aviation Fellowship (MAF) gler seg storleg til samarbeidet med russen på Framnes om årets misjonsprosjekt.
Organisasjonen fraktar helsehjelp, praktisk bistand og evangeliet med fly til avsidesliggjande landsbyar i mange fattige land i Sør-Amerika, Afrika og Asia.
– Eg takkar elevane og Framnes for tilliten. Det avgangselevane på Framnes har fått til med misjonsprosjekta opp gjennom åra er utruleg imponerande, seier Samnøen.
Han deltok på opningshelga på Framnes med andakt og presentasjonar av det omfattande arbeidet til MAF.

Les mer …

opningshelga_2012_42Skulekvardagen på Framnes er i full gang etter ei innhaldsrik opningshelg. Laurdag var det eit yrande liv med ei rekkje aktivitetar. Elevar, foreldre, søsken, besteforeldre og store delar av personalet var på plass. Startsamtalar, opningsfest, "bli kjent-opplegg" med aktivitetar, kafé og fadderordning med elevar frå VG2 og VG3 var noko av det som fyllte dagen. Sundag var elevane og personalet på føtene att, men ei lang rekkje utandørsaktivitetar. Heldigvis var vêret fleire hakk betre denne dagen.
Og for ikkje å gløyma fyrsteklasses matservering frå Framnes-kjøkenet begge dagar. Det skal røynsle og kunnskap til for å servera mat til så mange menneske.
Me ynskjer både nye og gamle elevar hjarteleg velkomne til nytt skuleår!

Ta turen innom det omfattande fotoalbumet frå helga HER!
solstraleboken_1"Me treng eit sterkt indre for å stå imot eit stadig meir krevande ytre"!
Tysdag 14. august hadde psykolog og kurshaldar Trond Haukedal (t.v. på biletet) seminar på Framnes om motivasjon og korleis me kan yte vårt beste som arbeidstakarar. Med stort engasjement og mykje humor peika han på kor viktig det er med regelmessig trening, ikkje berre fysisk, men også psykisk.  Det handlar gjerne om å leie seg sjølv på ein god måte. Alle menneske har positive og negative sider. Ofte  har ein meir fokus på dei negative enn dei positive sidene, men kva om ein greier å snu dette? Å oppleve aksept, tillit og tryggleik frå seg sjølv og dei som er rundt ein, er svært viktge føresetnader for å kunne møte krav i kvardagen.  "Dersom eit menneske oppdagar sin eigen verdi, kan det skje undervek, " hevda han. Oppfordringa er difor både å gje ros og å få ros og tru på denne! Kom igjen, SOLSTRÅLE!

Tekst: Ingvill Sørheim
grilling_5Når kalenderen viser at halve august er passert og det samstundes vert servert fyrsteklasses grillmat, saft, kaker og kaffi på tunet – krydra med eit yrande liv, er det ikkje tvil lenger: Det nærmar seg skulestart. Til helga brakar det laus med oppstartshelg for nye og gamle elevar.
Foto: Lisbeth F. Om
Sjå fleire foto HER!
brannving_007Årets brannøving på Framnes var av det kreative slaget. Dei tre vaktmeistrane på skulen laga eit fiktivt internatrom som vart øvingsobjekt for personalet. Ei fredeleg stund på "internatet" vart plutseleg omgjort til eit røykfylt drama. Som de ser av biletet var lærar Sverre Lindøy ein "handlingens mann" som tok seg av flammane. Gjengen i sofaen vart "berga".
Foto: Gunhild Fagerli og Rebecca Hummelsund
Sjå fleire foto HER!
telemarkstilbudDet kan vera lurt å droppa innkjøp av kostbare skijakker og skibukser før skulestart. No er det mogeleg å skaffa seg fyrsteklasses skiklede til ein svært god pris gjennom Framnes. Skulen har fått tilbod på GoreTex-jakke og skibukse frå MissingLink som kan bestillast på opningsdagen for alle som ynskjer det. Det er den same dressen som telemarklandslaget brukar. Jakka kostar 1999,- og buksa 1199,- Det vert også tilbod om dunjakker til redusert pris.
Utstyret vert bestilt på Framnes, og henta og betalt på Mo Sport seinare.
hjortDet er ikkje berre elevar, tilsette og sommargjester som interesserer seg for Framnes-halvøya. For nokre veker sidan var det observert hjort på tunet. Det stakkast dyret var ein tanke forvirra, særleg på fotballbanen. Etter  eit stund hoppa den unge hjorten rett inn i sikringsgjerdet i enden av banen. Det såg ut som om han skulle skada seg, men det gjekk bra!
Videoopptak: Karsten Augestad

Sjå videoklippet HER
sommarhelsingSkuleåret 2011-2012 er historie. Me kan sjå tilbake på både meiningsfulle utfordringar og mange flotte opplevingar. Skulen vil takka tilsette, elevar og foreldre for samarbeidet og ynskjer alle ein god sommar!
Biletet er frå personalavslutninga på Hardingasete måndag.
misjonsprosjektetPå avslutningsfesten laurdag overleverte årets misjonsprosjekt på Framnes nesten 1,2 millionar kroner, nærare bestemt 1.160.000 kroner til Mercy Ships. Det er eit imponerande resultat som kjem til å gje mange fattige i Vest-Afrika eit nytt og betre liv.
At misjonsprosjekta på Framnes er hundre prosent elevstyrte gjer ikkje innsamlinga mindre imponerande! Her er det gjort mykje godt arbeid. Gratulerer!
På biletet ser me leiarane i misjonsprosjektet 2011-2012, Håvard Drange og Kristin Eskeland, saman med Erling Natvig frå Mercy Ships Norge, rett etter overleveringa av "den store sjekken".
5Fysikk_tilpasning4Kva skal til for å skyta rakettar laga av 160 grams papir over den høgaste skulebygninga på Framnes? Det fann elevane i Fysikk 1 svaret på her om dagen.
Fysikklærar Ole Bjørn Kristensen gav elevane i oppgåve å laga rakettar av papir og testa dei ut på ei oppskytingsrampe med trykkluft. Koparrøyr, vinkelkoplingar, skøytepluggar, røyrpluggar, kuleventilar, luftventilar og ei kraftig pumpe var dei viktigaste delane, som Kristensen sette saman med god hjelp frå vaktmeistrane på skulen. Etter fleire vellukka rakettoppskytingar var det tid for å gjera utrekningar av startfart og akselerasjon, med utgangspunkt i trykk, utskytingsvinkel og utskytingslengde. Med trykk på om lag 70 psi, eller meir, fekk dei lette og spesialforma rakettane kraftig akselerasjon. Ved 90 psi og 45 graders vinkel vart det måla ein startfart på 80 km/t og ei utskytingslengd på om lag 52 meter. Det er mykje god lærdom i praktisk fysikk...
Oppgåva er henta frå Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM).

Sjå fleire foto HER