DSC02058

Årets Framnes-basar gjekk av stabelen i går, laurdag 27. Januar, i ei fullsatt peisestove. Arrangementet vart leia, med myndig hand, av Geir Johnny Undal. Brit Gjerde Voster hadde andakt og Nancy Karin Sangolt hadde med seg nokre jenter frå Shine og KSC som song.

Som alle år tidlegare var det mange gevinstar, der mange er gjevne av firma som Framnes kjøper varer hos. Det kom inn ca. kr. 30.000. Takk til alle som kom og var med oss denne kvelden, og spesielt takk til basarkomiteen!

Tekst og foto: Jostein Moldsvor

DSC02082

DSC02091

DSC02093

DSC02099_2

DSC02102

DSC02107


til_nettsida
I år blir det elevstemne i jonsokhelga, 22. til 24. juni. Sett av helga og kom! I samband med elevstemna vil me gjerne ha tak i dei adressene me manglar. Dersom du ikkje fekk Ljosglytt til jul, tyder det på at me anten har feil adresse eller manglar adressa til deg. Send gjerne inn namn og rett adresse til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen .

juleavslutning_-_3

I oktober hadde Framnes besøk av Dag William Stang frå Vil Vekst. Han hadde seminar om sex og samliv. Elevane fekk klassevis lytta til bodskapen frå Stang, og dei lét seg engasjera.
I dag var han tilbake med del to av seminaret. Denne gongen tok han mellom anna føre seg korleis ein kan bygge gode relasjonar, korleis kjærleikens fem språk fungerer, og ein del om kva me gjer når me er frustrerte: Klarar me å sette ord på kjenslene, og korleis taklar me konfliktar og ubehagelege opplevingar? Nokre velgjer skilpaddestrategien (trekker seg tilbake, gøymer seg og håper at ting går over) medan andre velgjer sjimpansestrategien (smeller til, letter på trykket).Sjå biletet!
Elevane var så interesserte at gjesten knapt nok fekk tid til å eta lunsj. Det fortel vel ein god del om interessa for temaet.
Takk for besøket!

Tekst og foto: Lars A. Oma

juleavslutning_-_11

juleavslutning_-_9

juleavslutning_-_14

I dag vart vår kjære kollega Lillian Hamstad feira med blomar og kaker i lunsjen. Ho fylte 30 år i jula, men det er aldri for seint å gjera stas på folk i personalet. Gratulerer med vel overstått!
Odd Inge Austevoll heldt tale og overrekte blomar, og damene på kjøkenet diska opp med kaker. Gode greier!

juleavslutning_-_12

008miljoarbeidarar
VIL DU BLI MILJØARBEIDAR?
* Lurer du på kva du skal gjera til hausten? Har du lyst på eit spennande år saman med flotte ungdommar i vakre Hardanger?
* Framnes kristne vidaregåande skule søkjer etter miljøarbeidarar for skuleåret 2018 - 2019.
* Ta kontakt med John-Sindre Sætrenes (tlf. 901 63825/ Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen ) for meir informasjon.
Dagens miljøarbeidarar (biletet), Anna Lena Nævdal og Lars Rognald Midtgård Matre, kan skriva under på at dette er ein kjekk jobb!

Søknadsfrist: Fredag 19. januar.
Skjermbilde_2017-12-22_kl._12.39.03
Me ynskjer alle elevar, foreldre, tilsette og andre Framnes-vener ei velsigna julehøgtid og eit godt nyttår! Me helser dykk alle med eit lite videoglimt frå juletregangen på avslutningsdagen før heimreise – til ein velfortent juleferie.
Skjermbilde_2017-12-22_kl._12.28.51
Årets juleavslutning hadde mykje å by på. Latterkulene sat laust då kreative sjeler frå personalet skapte undehaldning for elevane: Her er filmen frå festkvelden!

DSC01911

Fredag 15.desember 2017 vart ein merkedag i Framnes si historie, sidan den siste av dei to store poplane (trea) då vart saga ned. Poppelen var blitt så roten at me var redde for at den ville blåse ned i neste storm. Og det har òg falle ned nokre store greiner i samband med sterk vind, noko som kunne vore livsfarleg dersom folk tilfeldigvis hadde vore i nærleiken. Difor vart vart fredag skjebnedagen for den store poppelen, og eit kjent landemerke på Framnes er dermed historie.

Det var Kristoffer Nerhus i Hardanger Hagehjelp som stod for saginga.

Tekst og foto: Jostein Moldsvor

DSC01915

DSC01917a

DSC01921

DSC01923

DSC01926

DSC01928

DSC01931




DSC01846_2

Foreldrelaurdagen i helga starta for alle elevane med eit seminar ved tidlegare Framnes-elev Sondre Høysæter. Han er tilsett hjå Hope for Justice, ein organisasjon som jobbar mot moderne slaveri. Han fortalde at i dei 200 åra slavehandelen pågjekk var om lag 10 millionar menneske involverte i slaveriet. I dag er minst 25 millionar menneske ramma av det moderne slaveriet. Det er truleg sexindustrien som er mest kjent og omtala. Men Høysæter viste òg mange døme på barnemisbruk og barnearbeid, tvangsarbeid og kriminell aktivitet utført av organiserte bandar med bakmenn. Det er lett å tenke at «moderne slaveri» pågår i U-land. Men han peika også på døme frå Norge:

a) Korleis kan ei korg med jordbær berre koste 15 kroner?

b) Korleis kan ein person vaske ein bil manuelt billegare enn kva ei maskin gjer? Dersom ein bilvaskar utfører jobben utan støvlar og hanskar kan det tyde på tvangsarbeid.

c) Fleire firma i Norge har tilsette som anten lever på luselønn eller er direkte involverte i tvangsarbeid/slaveri. Eller desse firmaene brukar underfirma som nyttar seg av tvangsarbeid.

d) Mange av bandane som reiser rundt i Norge på «tjuveritokt» er ungdommar som er styrt av bakmenn.

e) Dersom eit firma vil ha betaling kontant utan kvittering kan det bety at det «berre» er svart arbeid, men ofte er det også tvangsarbeid/slaveri inne i bildet.

  

Dette var eit tankevekkande foredrag!


Tekst og foto: Jostein Moldsvor

Foto: Ingvill Sørheim takkar Sondre etter foredraget


001misjonslopet2017


Her kjem bileta frå misjonsløpet i helga, der elevane, representantar for personalet – og andre Framnes-vener, ”sprang inn” 824.845 kroner.  Det er rett og slett imponerande!

Pengane, som er del av det russen kjem til å samla inn denne skulevinteren, går til å støtta prosjektet Mental helse i Nepal, eit arbeid som Himalpartner driv i det vakre med fattige landet ved Himalaya. Det skal mellom anna byggjast eit nytt senter i hovudstaden Kathmandu, der ein kan gje god behandling til psykisk sjuke, og trening i praktiske ferdigheiter for desse pasientane. Ein skal også gje helsearbeidarane i allmennhelsetenesta opplæring i behandling av psykisk sjuke. Behandlingstilbodet for denne pasientgruppa er i dag i praksis lik null i Nepal. I eit land med nær 30 millionar menneske er det eksempelvis berre éin barnepsykiater, og landet har berre eitt psykiatrisk sjukehus – med berre 40 senger.

(Kjelde: Lege og psykiater Hans Kristian Maridal, som arbeider for Himalpartner)


Sjå fleire foto HER!

Foto: Håkon Bakke Jensen

Tekst: Lars A. Oma

015misjonslopet2017

017misjonslopet2017