klassetur_1A_1B_2012_7Årest oppstart-turar har gått i mange ulike retningar, til fjells og på fjorden. Først ute med glimt frå opplevingane er elevane i 1A og 1B.
Dei gjennomførte ein to dagers "bli-kjent-tur" til Wallemtunet på Kvamskogen, med avreise frå Framnes tidleg torsdag morgon.
Elevane fekk ein lang dag som skulle fyllast med ulike aktiviteter. Fyrst en fottur til Skeiskvannsdalen, der ulike typar stafettar og grilling stod på programmet. Nokre "friskusar" nytta høvet til ein dukkert i elva på veg tilbake.
Vel heime igjen på Wallemtunet stod det taco på menyen. Elevene var flinke til å hjelpe til med matlaging og oppvask for over 70 personar!
På kvelden var elevane ansvarlege for programmet, med leikar og konkurransar. Kvelden vart avslutta med ord for kvelden og lovsong.
Før heimreise på fredag vart det tid for "ord for dagen" og sporløype i området rundt tunet.
Me sit att med mange gode inntrykk av ein elevflokk som var postive og engasjerte. Kjekt å sjå at nye vennskap dukka opp!

Tekst: Lisbeth F. Oma
frida_bergeFrida Berge forsvarte tittelen frå i fjor og tok gull på 1500 meter i NM i friidrett i Kristiansand 24.-26. august. Berge går i tredje klasse på Framnes og spring for Gular IL. Ho vann på tida 4,25,39 framfor Kristine Eikrem Engeset frå Skjalg IL, som kom i mål hakk i hel på tida 4,26,47.
opningshelga_2012_16Dagleg leiar Øystein Samnøen i den norske avdelinga av Mission Aviation Fellowship (MAF) gler seg storleg til samarbeidet med russen på Framnes om årets misjonsprosjekt.
Organisasjonen fraktar helsehjelp, praktisk bistand og evangeliet med fly til avsidesliggjande landsbyar i mange fattige land i Sør-Amerika, Afrika og Asia.
– Eg takkar elevane og Framnes for tilliten. Det avgangselevane på Framnes har fått til med misjonsprosjekta opp gjennom åra er utruleg imponerande, seier Samnøen.
Han deltok på opningshelga på Framnes med andakt og presentasjonar av det omfattande arbeidet til MAF.

Les mer …

opningshelga_2012_42Skulekvardagen på Framnes er i full gang etter ei innhaldsrik opningshelg. Laurdag var det eit yrande liv med ei rekkje aktivitetar. Elevar, foreldre, søsken, besteforeldre og store delar av personalet var på plass. Startsamtalar, opningsfest, "bli kjent-opplegg" med aktivitetar, kafé og fadderordning med elevar frå VG2 og VG3 var noko av det som fyllte dagen. Sundag var elevane og personalet på føtene att, men ei lang rekkje utandørsaktivitetar. Heldigvis var vêret fleire hakk betre denne dagen.
Og for ikkje å gløyma fyrsteklasses matservering frå Framnes-kjøkenet begge dagar. Det skal røynsle og kunnskap til for å servera mat til så mange menneske.
Me ynskjer både nye og gamle elevar hjarteleg velkomne til nytt skuleår!

Ta turen innom det omfattande fotoalbumet frå helga HER!
solstraleboken_1"Me treng eit sterkt indre for å stå imot eit stadig meir krevande ytre"!
Tysdag 14. august hadde psykolog og kurshaldar Trond Haukedal (t.v. på biletet) seminar på Framnes om motivasjon og korleis me kan yte vårt beste som arbeidstakarar. Med stort engasjement og mykje humor peika han på kor viktig det er med regelmessig trening, ikkje berre fysisk, men også psykisk.  Det handlar gjerne om å leie seg sjølv på ein god måte. Alle menneske har positive og negative sider. Ofte  har ein meir fokus på dei negative enn dei positive sidene, men kva om ein greier å snu dette? Å oppleve aksept, tillit og tryggleik frå seg sjølv og dei som er rundt ein, er svært viktge føresetnader for å kunne møte krav i kvardagen.  "Dersom eit menneske oppdagar sin eigen verdi, kan det skje undervek, " hevda han. Oppfordringa er difor både å gje ros og å få ros og tru på denne! Kom igjen, SOLSTRÅLE!

Tekst: Ingvill Sørheim
grilling_5Når kalenderen viser at halve august er passert og det samstundes vert servert fyrsteklasses grillmat, saft, kaker og kaffi på tunet – krydra med eit yrande liv, er det ikkje tvil lenger: Det nærmar seg skulestart. Til helga brakar det laus med oppstartshelg for nye og gamle elevar.
Foto: Lisbeth F. Om
Sjå fleire foto HER!
brannving_007Årets brannøving på Framnes var av det kreative slaget. Dei tre vaktmeistrane på skulen laga eit fiktivt internatrom som vart øvingsobjekt for personalet. Ei fredeleg stund på "internatet" vart plutseleg omgjort til eit røykfylt drama. Som de ser av biletet var lærar Sverre Lindøy ein "handlingens mann" som tok seg av flammane. Gjengen i sofaen vart "berga".
Foto: Gunhild Fagerli og Rebecca Hummelsund
Sjå fleire foto HER!
telemarkstilbudDet kan vera lurt å droppa innkjøp av kostbare skijakker og skibukser før skulestart. No er det mogeleg å skaffa seg fyrsteklasses skiklede til ein svært god pris gjennom Framnes. Skulen har fått tilbod på GoreTex-jakke og skibukse frå MissingLink som kan bestillast på opningsdagen for alle som ynskjer det. Det er den same dressen som telemarklandslaget brukar. Jakka kostar 1999,- og buksa 1199,- Det vert også tilbod om dunjakker til redusert pris.
Utstyret vert bestilt på Framnes, og henta og betalt på Mo Sport seinare.
hjortDet er ikkje berre elevar, tilsette og sommargjester som interesserer seg for Framnes-halvøya. For nokre veker sidan var det observert hjort på tunet. Det stakkast dyret var ein tanke forvirra, særleg på fotballbanen. Etter  eit stund hoppa den unge hjorten rett inn i sikringsgjerdet i enden av banen. Det såg ut som om han skulle skada seg, men det gjekk bra!
Videoopptak: Karsten Augestad

Sjå videoklippet HER
sommarhelsingSkuleåret 2011-2012 er historie. Me kan sjå tilbake på både meiningsfulle utfordringar og mange flotte opplevingar. Skulen vil takka tilsette, elevar og foreldre for samarbeidet og ynskjer alle ein god sommar!
Biletet er frå personalavslutninga på Hardingasete måndag.