Sigurd Singelstad (19) fekk spela dei siste sju minuttane på A-laget til Sogndal I kampen mot Førde i går. Den unge spelaren er nøgd og overraska.

– Det var svært uventa, litt rart og veldig kjekt, seier han.

Les mer …

Framnesrussen-2012Årets russekull på Framnes sette i dag tidleg kursen mot Lyngdal. 68 elevar skal i løpet av turnéhelga møta "russekollegaer" frå Kristen videregående skole, Lyngdal. Forutan ei rekkje akitivitetar og samlingar skal russen frå dei to skulane arbeida saman for årets misjonsprosjekt, til støtte for det humanitære arbeidet Mercy Ships utfører for å hjelpa fattige med livsnødvendige sjukehusoperasjonar.
– Det blir ei variert helg der me skal gjera alt me kan for å "sveisa saman" elevane frå dei to skulane, sa skuleprest Arne Opsahl-Engen rett før avreise.
Tekst og foto: Lars A. Oma

Les mer …

sigurd_singelstad_1Sigurd Singelstad (19), som har vore idrettslærer på Framnes KVGS det siste halvåret, reiser til Sogndal for å studera og spela fotball. Singelstad skal delta på 2. laget til tippeligaklubben.

– Eg kjem til å klina ti. Dette er ein mogelegheit eg kjem til å utnytta. Å gjera ein skikkeleg innsats vert min måte å takka for denne unike sjansen, seier fotballspelaren.

Han har spela på A–laget til Norheimsund dei siste tre åra. (Les meir under)

Tekst og foto: Lars A. Oma

 

Les mer …

P1000996Elevar frå klasse 1C deltok som dommarar under Norgescupen i telemark på Geilo 7. til 8. januar. Tilbakemeldingane frå arrangøren er svært gode. Elevar og lærarar sette seg i respekt når det gjeld kunnskapar og innsats som dommarar. Svein Olav Halvorsen, Espen Svåsand og Joar Skutlaberg frå 3c deltok i rennet.

Her kan du sjå film frå skirennet på Geilo: http://www.youtube.com/watch?v=L_NcVNa7_HI

Her er elevane si eiga skildring av turen, skrive av Gunhild Misje og Marta Galtung:




1C på tur til Geilo

Tidlig fredag morgon 6.januar (Sara Roaldsnes sin bursdag) var den spreke 1c-gjengen klare for vintertur. Med stappfulle sekkar og trøytte fjes, subba ”gogjengen” seg ned til minibussane som skulle frakte oss til Geilo.
NB! Les vidare under.

Les mer …

Framnesbasaren28. januar vert det trekning i Framnes-basaren. Ivrige loddbokselgjarar er allereie i sving. Ei stor mengd vinstar skal loddast ut, via loddbok og åresal. Det er også snakk om å få til ei tredje trekning. Mellom vinstane i boktrekninga finn ein til dømes ei bålpanne, eit tresnitt av Per Flatøy, ein sparkesykkel, eit fotoapparat med minnebrikke, diverse lappetepper og ein gutebunad. Dette er berre eit lite utval av det som dukkar opp på basaren i slutten av januar...

Les mer …

Desember_2011_063Torsdag 16. desember hadde elevane og personalet på Framnes den tradisjonelle juleavslutninga med festmiddag der elevane vart servert måltidet av personalet. Alle var pynta til fest. Etter middagen heldt festen fram i auditoriet, med programinnslag frå både elevar og lærarar. Kvelden vart avslutta med julegudsteneste i Vikøy kyrkje.

Foto: Håkon Bjelland

Personalet ynskjer elevar og føresette god jul og godt nyttår ! Velkommen til oppstart av nytt semester onsdag 4. januar. (Sjå fleire foto under)

 

Les mer …

maaneskinKjære elevar, tilsette og vener av Framnes!
Takk for året som har gått, og alle gode opplevingar. Me ynskjer dykk alle eit velsigna godt nytt og kreativt år, fullt av nye sjansar og godt samarbeid.
Foto: Lars A. Oma

pepperkake6Siste helgen før jul arrangerte miljøavdelingen pepperkakebaking. På lørdag ettermiddag kunne elevene komme og delta i baking og pynting av egne pepperkaker. På kvelden bygde gjengen Framnes-internatene som pepperkakehus. Mange elever var innom. De som stod i spissen for “internatene” var Ida Hanne Hagen og Marta Galtung. De mest ivrige i pyntingen var Sunniva Handeland og Ågot Bjotveit. (Se flere bilder under!)

Vi i miljøavdelingen ønsker alle en God Jul!

Tekst og foto: Kristina Ingvaldsen

 

Les mer …

Sierra_Leone_9 Natt til måndag 14. november sat me (les: skuleprest Arne Opsahl-Engen, leiar Håvard Drange, og nestleiar Kristin Eskeland) oss på flyet til Freetown, for å vitje Sierra Leone og M/S Africa Mercy. Dei tre første nettene budde me om bord på skipet til Mercy Ships. Her fekk me visning av heile skipet, vere med inn på ein leppe- og ganespalteoperasjon, og i tillegg snakke med nokre av pasientane. Særleg det siste gjorde sterkt inntrykk. Det var artig å sjå korleis små born som nyleg var blitt operert kunne krangle med kvarandre, le, eller leike i saman. (les meir under!)

Tekst: Håvard Drange

Foto: Kristin Eskeland

Les mer …

Talentiade_og_apen_dag_054

Laurdag 3. desember arrangerte russen Talentiade 2011 til inntekt for misjonsprosjektet. Elevane frå første til tredje klasse stod for heile 17 innslag, der dei fikk visa fram ei lang rekkje talent som sang, musikk, dans, drama, film og biketrial. Leiar for arrangementskomiteen, Gjermund Fure Johansen, er svært nøgd med kvelden, og kjempeglad over å ha selt om lag 350 billettar.

Konkurransen var delt inn i tre ulike kategoriar; publikumspris, mest originale innslag og juryens pris. Vinnaren av publikumsprisen gjekk til Benjamin Røen med sangen ”Stay with me” av Bernhoft. Det mest originale innslaget gjekk til Jens Ivar Melås og Erlend Løvfall, for filmen om to russiske gutar som hadde lova foreldra å vinna Framnes-talentiaden ved å gjennomføra eit dansenummer i tights og rulleskøyter. Prisen ”Juryens beste innslag” gjekk til biketrialtalentet Svein Olav Halvorsen, som imponerte med sine avanserte ferdigheiter på sykkel. (sjå fleire foto under!)

Tekst: Lisbeth F. Oma

Foto: Håkon Bjelland

 

Les mer …