kvamskogen_1C_2015_05

Elevane på Framnes er ferdige med bli-kjent-turane denne hausten:
Først ut med ein liten fotorapport er elevar og lærarar i klasse 1C:

«Trass vêret koste elevane i 1C seg på turen i helga. Me gjekk først opp Steinskvanndalen, så vestover forbi Byrkjefjellet til Gamlestølen. Deretter gjekk turen ned Skeiskvanndalen til Eikedalen.
Elevane fekk prøvd både kreativitet og samarbeid på turen, sidan regnværet stadig gav oss nye utfordringar. Mellom anna tok dei seg over den eine og andre elva utan store problem!

Tekst og foto: Tarjei Kristensen

Fleire foto HER!

ny_idrettshall_nedskalert

Det nærmar seg stadig realisering av den nye idrettshallen på Framnes. Byggestart er sett til 1. april neste år. Eit år seinare skal bygget stå klart til bruk! Skuleeigaren satsar og alle formalitetar (byggesøknad og rammeløyve) er i boks. Anbudsrunden vert avslutta 16. oktober (stor interesse!) og ein reknar med å skriva kontrakt med den som får hovudentreprisen, i starten av desember. Nokre månader seinare brakar det laus! Me gler oss!
Ei lang, intens og innhaldsrik opningshelg er over. Nye og gamle elevar er på plass, rundt 260 i talet. 230 på internat og om lag 30 heimebuarar. Opningssamling, elevsamtalar, orienteringsmøter av ulikt slag, kafé, basar, fadderoppgåver, kick-off med miljøavdelinga, aktivitetar ute og inne, og gode trivelege måltid. Og for ikkje å gløyme alle dei gode møtepunkta mellom programpostane.
Hjarteleg velkomne til Framnes, alle saman! Og takk til foreldra som overleverte dei fine ungdommane til oss. Me skal ta godt vare på dei!

Sjå fleire foto i album HER!

030opningshelga

oppstart2015
Vel overstått sommar og hjarteleg velkomne til skulestart og nytt skuleår! Oppstartshelga nærmar seg med stormsteg. Laurdag 15. august møtest me på Framnes-halvøya. Gamle elevar, nye elevar, føresette, lærarar og medarbeidarar i personalet. Dette vert kjekt!
(Arkivfoto frå oppstartshelga 2014)

Her er programmet for dagen:

08.30-09.30:    Frukost (fleksi)

09.30-12.00:    Innkvartering fram til opningssamlinga (Innkvarteringa held fram frå kl.         13.00.)

09.30-11.50:     Startsamtale for nye elevar og føresette (Innkalling kjem i posten)

12.00-13.00:    Opningssamling i gymsalen

13.05-14.05:    Klassesamlingar (Val av foreldrerådsrepresentant)

14.10-14.30:    Faddermøte for nye elevar i auditoriet

14.00-15.30:    Middag (fleksi) for elevar, føresette og tilsette

15.15-16.00:    Samling i gymsalen for nye elevar og føresette

16.00-16.30:    Samling i gymsalen for VG2-VG3 elevar som skal på Hellastur

16.00-17.00:    Foreldrerådsmøte, rom 4. (Ein foreldrerådsrepresentant frå kvar klasse)

16.00-18.00:    Basar i peisestova. Misjonsprosjektet.

16.00-19.00:    Startsamtale for nye elevar og føresette (Innkalling kjem i posten)

18.30-19.30:    Kveldsmat (fleksi) for elevar, føresette og tilsette

20.00:    Bli-kjent-samling for elevane. Viss veret er fint, vert det grilling i etterkant av samlinga.

01.00:        Inn på internata.

02.00:        Inn på eigne rom
for å sova.

Tilsyn:    Odd Inge Austevoll, Øystein Mongstad
001sommaravslutning
Fredag 19. juni inviterte skuleleiinga heile personalet til sommaravslutning og god lunsj på Thon Sandven hotell i Norheimsund. Det vart eit godt måltid, hyggeleg samvær, gode ord og vemodig avskjed med trufaste medarbeidarar.
GOD SOMMAR!

Foto: Lars A. Oma
002sommaravslutning
003sommaravslutning
004sommaravslutning
005sommaravslutning
006sommaravslutning
007sommaravslutning
009sommaravslutning
forside
Elevstemnet 2015 gjekk av stabelen helga 19.-21. juni, i strålande sol (som det ikkje har vore for mykje av i sommar).
Det var 189 påmelde jubilantar. Som vanleg var det 50-årskullet det var mest av, med 45 stk. Men i år var det to andre store grupper med 44 stk. 5-årsjubilantar og 42 stk. 40-årsjubilantar. Vidare var det 23 stk. 30-årsjubilantar, 14 stk. 60-årsjubilantar, 13 stk. 55-årsjubilantar og 7 stk. 20-årsjubilantar. Av 10-årsjubilantar var det berre 1 som stilte, og det var vår alles kjære Alf Magne Tveitnes.

Mange kom på fredagskvelden. Sola varma, og gjensynsgleda var stor. På laurdag føremiddag kom resten. Kl. 14.30 var det jubilantsamlingar, der kvart kull fekk kvart sitt rom. Ut frå «støynivået» høyrdes det ut som at det var mykje å prate om sidan sist dei hadde vore saman. Kl. 18 var det festmiddag i matsalen, og festen fortsatte etterpå i gymsalen. Leiaren i elevlaget, Per Helleve, leia middagen og festen på ein god og humoristisk måte. Audun Mosevoll (50-årsjubilant) hadde festtalen, og 5-årsjubilantane Linn Borgny Røen og Vigdis Oskarsdottir song vakkert, akkompagnert av Ole Henrik Flekstad Vik på flygel.

Søndag var det først årsmøte: Per Helleve vart vald som leiar i 2 nye år. Øystein Mongstad og Atle Jansen vart vald i 2013 for 4 år, og stod ikkje på val. Marita Staurland vart vald inn i styret for 4 år, mens Johannes Brekke vart vald til vara. Jostein Moldsvor er Framnes sin representant, med Eimund Solsvik som vara. Kl. 11 var det møte med tale av Øystein Ådland (som var lærar i mange år i folkehøgskuletida), mens Linn Borgny, Vigdis og Ole Henrik song/spela igjen. Etter festen var det sal av pølser og brus ute på plassen, og kvelden vart avslutta med bål på Verdens ende. Dvs.: Eg trur at kvelden vart avslutta med mange gode samtalar utover natta.

Takk for eit flott elevstemne! Det var kjekt å sjå dykk igjen her på Framnes!

Beste helsing Jostein Moldsvor

Sjå fleire foto HER!
HER finn du gruppefoto av kulla som du kan lasta ned!
028avslutningsfest2015
Ufatteleg kor tida går. Laurdag var det avslutningsfest for tredjeklassingane. Ein flott og livsfrisk gjeng stilte opp i sin finaste stas, saman med stolte foreldre og eit personale som ville ynskja dei alt mogeleg godt i framtida. Kjøkkenet serverte festmat til over 280 middagsgjester og festen baud på flott festtale, god musikk, misjonsprosjektoverrekking og fine helsingar.
Og rosina i pølsa: Leiarane for Misjonsprosjektet 2014-2015, Lena Bognøy Kleivdal og Jan Håkon Reinemo, overleverte nær 1,3 millionar kroner til Normisjon sitt prosjekt Like mye verdt. Regionleiar i Normisjon Hordaland, Bjørn Malvin Hisdal, tok mot pengane – og kvitterte med ei hjartevam helsing til russen. Han var mektig imponert over innsatsen til elevane.
Lukke til vidare kjære tredjeklassingar, og takk for fine år!

På biletet ser me misjonsprosjektleiarane Lena Bognøy Kleivdal og Jan Håkon Reinemo, og regionleiaren for Normisjon Hordaland, Bjørn Malvin Hisdal, rett etter avslutningsfesten.
(det finst fleire foto på Framnes KVGS si offisielle Facebook-side)

Tekst og foto: Lars A. Oma
misjonsprosjektleiarar
Her er dei to leiarane for det nye misjonsprosjektet på Framnes: Ingrid Birkeli og Lars R. Midtgård Matre. Andreklasseelevane på Framnes har valt organisasjonen Mercy Ships som samarbeidspartnar for misjonsprosjektet 2015 – 2016, og dei har valt Lars som leiar og Ingrid som nestleiar.
– Det er veldig kjekt å bli valt til denne oppgåva. Me skal gjera vårt for at dette skal verta eit godt fellesprosjekt der alle er inkludert, seier Lars.
Ingrid er samd.
– Det er mykje ansvar med ei slik oppgåve, men me skal gjera vårt beste, seier ho.
Ryktene fortel at den kreative gjengen tek sikte på å selja lodd i sommarferien... Ikkje dårleg!
Me ynskjer Lars og Ingrid, og resten av andreklassen lukke til når hausten kjem!

Tekst og foto: Lars A. Oma
009tour_des_fjords_mathias
Elevane frå Framnes lèt ikkje sjansen gå frå seg då Tour des Fjords-sirkuset passerte Vikøy onsdag ettermiddag. Grilling, ansiktsmaling, mykje show og moro skapte entusiasme og glød for det store arrangementet. Bileta fortel det meste!
Og ikkje minst, mange elevar frå Framnes deltok som vakter under arrangementet i Kvam. Det var mellom anna mange avkøyringar og vegkryss som måtte vaktast.

SJÅ FLEIRE FOTO HER:
drange
Andreklasseelevane på Framnes har valt organisasjonen Mercy Ships som samarbeidspartnar for misjonsprosjektet 2015 – 2016. Det er berre fire år sidan sist denne organisasjonen fekk vera mottakar av misjonsprosjektet til russen.
Representantar for sju organisasjonar presenterte prosjekta sine for andreklassingane i går.
Håvard Drange, som sjølv var russ og leiar for misjonsprosjeket (saman med Kristin Eskeland) sist Mercy Ships var samarbeidspartnar, var tilbake og presenterte organisasjonen.
Forutan Mercy Ships, fekk elevane læra meir om aktuelle prosjekt i Åpne Dører, KRIK/Strømmestiftelsen, Evangelisk Orientmisjon, North-South Partnership Aid, Norea Mediemisjon og Stefanus-Alliansen.
Mercy Ships trekte til slutt det lengste strået, med over 50 prosent av stemmene i ”finalerunden”.
Neste års russ skal samla inn pengar til medisinsk utstyr og medisinar til hospitalskipa.