001_russerebus

Framnesrussen har grunn til å feira, og tredjeklassingane er kreative som få! Her ser de glimt frå måndagens rebusløp, der ein av postane utfordra deltakarane til å laga det beste og mest kreative lagbiletet. Trioen Arne Bjarte Lid, Ruben Fjell og Thomas Straumstein stakk av med sigeren. Lid stod på hendene i fjorden, med Fjell og Straumstein som gode støtter! Gratulerer!
Som de ser er det også mange andre gode løysingar...

Sjå fleire foto HER!

Tekst: Lars A. Oma, foto: Sverre Lindøy

2230_Framnes_ny_situasjon
Slik kjem truleg den nye idrettshallen på Framnes til å sjå ut, dersom prosjektet vert realisert etter dagens planar. Slik prosjektet føreligg no, får "Framnes arena" standard handballbane med parkett, og fotballhall på 27x36 meter – med krøllgras som dekke.
Vidare skal det vera 4 garderobar, i tilllegg til lærargarderobe og handicapgarderobe. I andre etasje vert det styrkerom på 170 kvm. Det vert óg eit disponibelt rom på 60 kvm som kan brukast til klasserom, spinningrom eller liknane. Det vert ca 220 sitteplassar på tribunen. I handballhallen vert det automatisk uttrekstribune med plass til 306 stolar.
Skulen held no på med sluttspurten i søknadsprosessen. Saka skal opp til godkjenning på IMS sitt årsmøte.
Dette blir saker!!

Tekst: Lars A. Oma

Vaktmeistrane på Framnes arbeider det dei kan for å gjera klar den nye doble sandvolleyballbanen. Ny overflatesand er på veg med sandskøyta! Om ei veke eller to er det kanskje klart for turnering... Banen er flytta og ligg no meir i le for austavinden.

Tekst og foto: Lars A. Oma

002varteikn
003varteikn
raking1
Medan det framleis er metervis med snø i høgfjellet er våren for alvor komen til Framnes. Vaktmeistrar og elevar som rakar plenane på skuleområdet er det sikraste vårteiknet som finst. Denne gjengen frå 3.klasse viste imponerande arbeidslyst og iver. Med humør, song og "showing" gjekk arbeidet som ein leik. Berre studér bileta! Ordspel som "Hei, Lars Arvid, dette RAKAR ikkje deg" eller "Eg må nok SKUFFE deg" svirra i lufta. På eit augneblink var jobben gjort. Vaktmeisteren bak rattet i traktoren var truleg nøgd med innsatsen.

Tekst og foto: Lars A. Oma

raking2
raking3
raking4
raking5
raking6




011franskmenn_i_kano
14 elevar og éin lærar frå Yssingeaux i Auvergne, 1,5 timar sør for Lyon i Frankrike, er på besøk. Gjestene kom på onsdag og skal vera her til torsdag neste veke. I dag fekk elevane boltra seg med kanopadling. Nokre av jentene havna i den kalde Hardangerfjorden, men det takla dei fint. Alle har naturlegvis flytevest på seg!
I helga skal dei franske gjestene vera med heim til nokre av dei norske elevane. Enkelte reiser heilt til Bryne! Elles skal dei vera med på litt av kvart. Elevane har mellom anna vore med på engelsk- og fransk-undervisinga på skulen.
Opplegget er ein del av eit utvekslingsopplegg mellom Framnes og ein skule i Yssingeaux.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

012franskmenn_i_kano016franskmenn_i_kano019franskmenn_i_kano
001god_paske
GOD PÅSKE!
Administrasjonen på Framnes ynskjer tilsette og elevar ei god påskehøgtid med mange gode opplevingar, mykje glede, fine turar – og rom for ettertanke!
Me snakkast onsdag 8. april. Då startar skulen opp igjen.
001norsk_framfring
I dag hadde ein del av elevane i tredje klasse litterær framføring i norsk. Elevene laga eit slags "program" der Sigbjørn Obstfelder, Jan Erik Vold og Paal Brekke diskuterte og framførde modernistisk lyrikk.
Foto: Lisbeth F. Oma

007evangeliesenteret

Framnes har besøk av seks flotte medarbeidarar frå Evangeliesenteret si avdeling i Østerbo ved Halden.

Representantane for det landskjende alternativet i rusomsorga har delteke i undervisinga med faglege innspel, har hatt kveldsmøte på skulen og har delteke på morgonsamlingar.

I dag var det fagleg samling for tredjeklassingane som har faga sosialkunnskap og psykologi. Elevane fekk høyra fleire sterke historier om rusmisbrukarar som har funne vegen tilbake til eit normalt liv, takk vera møte med konkret menneskeleg omsorg og den kristne bodskapen.

Mange nytta høvet til å stilla spørsmål.

– Eg er overvelda av responsen. Elevane er både interesserte og engasjerte. Det rører oss djupt, seier Kirsten Einvik.

Ho delte historia si om korleis ho vart fanga av amfetamin, og kom med ei klar oppfordring om ta avstand frå rus og samfunnstrendar som vil riva ned menneskeverdet og sjølvbiletet, i kampen for å vera ”perfekt”.

Einvik understreka at alle menneske er like mykje verd. Noko anna er vranglære, usant og falskt. Ho oppfordra elevane til å droppa rusen og heller ta heller i bruk ekte glede, ekte styrke og ekte kjærleik.

– Trua på Jesus Kristus er ein mykje betre rus, sa ho.

Stiftinga Pinsevennens Evangeliesenter (til dagleg: Evangeliesenteret) er ein privat, ideell og frivillig organisasjon som er forankra i Pinsebevegelsen. Stiftingas formål er å oppsøke, hjelpe og rehabilitere menneske som er komne i sosial nød på grunn av misbruk av rusmidlar.

Tekst og foto: Lars A. Oma

003evangeliesenteret
004evangeliesenteret
006evangeliesenteret
008evangeliesenteret

003russen

(Arkivfoto)

Dei siste åra har Framnes hatt mange søkjarar til skulen. Også i år er det gode søkjartal, med omlag 180 søkjarar til VG1. Nytt av året er at me har hatt ekstra mange søkjarar til andre klasse og tredje klasse. Fleire har allereie takka ja til plass.

Totalt har 382 søkt om plass på skulen, det er ein svak nedgang samanlikna med dei siste to åra, som har hatt rekordsøkning.

– Tilbod om plass er sendt ut, og me vil om nødvendig gjere eit nytt inntak når svarfristen går ut 1. april, seier rektor Harald Voster.

Viss nokon ønskjer å søke, kan det ennå vere mogleg å få plass sidan det alltid pleier vere nokon som trekkjer søknaden.

007aktivitetsveke

Då tredjeklassingane Ingrid Hatten og Eirin Venås utfordra medelevar til å bli med på ei aktivitetsveke, var det mange som tok utfordringa. Resultatet vart fire dagar med fargerike kreative aktivitetar, med aktiv trening og ein god porsjon humor.

To rundar med spinning, ”babysymjing” der elevar fekk spela babyar og foreldre, zumba, yoga, crossfit og aerobic. Alt gjennomført med tilhøyrande sprelske antrekk (sjå bileta!). Ei lang rekkje elevar deltok som instruktørar på kvar sine ”fagfelt”.

– Målet var å finna på noko moro, som alle kunne vera med på uansett klassetrinn. Eg trur folk har hatt det fint, seier Eirin.

– Det har vore god stemning, legg Ingrid til.

Ifølgje initiativtakarane har både instruktørar og deltakarar gått inn i dei ulike rollene med liv og lyst. Tilbakemeldingane har vore gode.

– Når folk svarar ja, går dei inn i oppgåvene og gjer det skikkeleg, seier Eirin.

Trening er gøy, særleg i ei slik ramme, slår Ingrid og Eirin fast.

Mykje tyder på at det kan bli fleire aktivitetar framover. Jentene planlegg mellom anna utekino ein dag vêret er bra.

Tekst: Lars A. Oma

Foto: Elevar

 

FLEIRE FOTO HER!