solveig_heide_nedkvitne

Solveig Heide Nedkvitne (22), russ på Framnes i 2011, held på med det andre studieåret i lektorutdanninga ved NTNU i Trondheim. Målet er å ta master i geografi om tre år. I tillegg studerer ho engelsk.

I dag er Solveig tilbake for å vera engelsklærar for tre klassar i ei veke. Ho tek over medan språklærarane Atle Jansen og Gry Engeseth er på skuletur til Frankrike med elevar.

– Det er ikkje fyrste gongen er underviser, sjølv om dette blir det lengste strekket med undervising så langt. Me har praksis i vidaregåande skular i Trondheim. Likevel, eg både gler meg og gruar meg litt. Det er berre nokre få år sidan eg gjekk ut som elev på Framnes. Det er litt morosamt at eg plutseleg er på ”lærarsida”, saman med folk som var lærarane mine for kort tid sidan, seier Solveig.

– Kvifor geografi?

– Eg innbillar meg at eg har teke eit sjølvstendig val, med tanke på at begge foreldra mine har studert geografi. Eg siktar meg inn mot læraryrket. Samstundes trivst eg veldig godt med å vera ute i naturen, seier ho.

Etter vidaregåande på Framnes vart det to år på Nordfjord folkehøgskule, der friluftsliv står høgt i kurs.

– Tenkjer du på å koma tilbake til Kvam på lengre sikt?

– Det får tida visa. No er det studiane som er i fokus, og eg har lyst til å sjå meg rundt litt. Eg kan godt tenkja meg å bli kjent med den nordlege landsdelen, med tanke på geografi og natur, forklarar Solveig.

Snart er det tid for den fyrste engelsktimen, som lærar for tredjeklassingar.

– Eg trur det går fint, seier ho.

 

Tekst og foto: Lars A. Oma




005to_do

Elevar frå Framnes har nyleg vore ned på det rusførebyggjande prosjektet To or not to do. Les kva elevane skriv om deltakinga:

"To do or not to do, er et rusforebyggende program av Stiftelsen Bergensklinikkene og blir formidlet til niendeklassene i Kvam via ung til ung formidlere.
I en gjeng på 15 tredjeklasse-elever, var 7 formidlere representert av Framnes KVGS og 8 av Øystese Gymnas. Formidlerne var på en kick-off tur til Hardingasete der vi hadde kjekke aktiviteter og lærte om programmet.
Etter vi var ferdig kurset for ble vi sendt i team til ungdomskolene i Kvam og sammen med niendeklassene lærte vi mer om rus. Læringen inneholdt presentasjoner, øvelser og aktiviteter. Opplegget var lærerikt for både formidlerne og elevene på ungdomskolen. Det var veldig gøy å være i klassen og å være formidler!
I tillegg hadde vi seminar på Kvam rådhus, og vi fikk trene oss selv med rollespill og ulike praktiske øvelser."

Arrangør var utekontakten i Kvam.

Tekst: Thea Ekerhovd og Susanne Fernandez Henriksen
Foto: Jeanine Heide

SJÅ FLEIRE FOTO HER:

001bildy_2014

Student Kristoffer Vågstøl (f.v.), lærar Kristoffer Norbye, PR-medarbeidar Sigve Ferstad og student Sigmund Husebø frå Bildøy bibelskule har vore på sjarmoffensiv på Framnes sidan onsdag (4.3.)

– Hovudmålet er å reisa rundt og rekruttera elevar til Bildøy, og samstundes skapa stigande stemning og Jesus-begeistring. Me ynskjer å nå elevar som vil ha meir kunnskap om bibelen – som eit fundament i livet, i kombinasjon med eigne interesser. Eller som Ole Brumm seier det, ”ja takk begge deler”. Me håpar å sjå nokre av dei blide Framnes-ansikta på Bildøy til hausten, seier Norbye.

Karane har delteke på fleire kveldsmøte, morgonsamlingar, KRIK-økter og såkalla ”gulbolleshow”.

Det har også vore tippekonkurranse, der elevane skulle tippa vekta (i gram) til eit ”godtepåskeegg” (to ugåver).  Vinnarane fekk gleda av å sikra seg 2,5 kilo påskegodteri, eller proviant, som det også vert kalla.

Til historia høyrer ei kreativ premieutdeling. Ein av vinnarane, Mathias, var ikkje til stades då den eine premien skulle delast ut. Dermed fekk ein annan Mathias i salen prisen…  ”Innbyttaren” drog naturleg nok på det, men tok mot prisen.

Med andre ord, det har heilt klart vore høg stemningsfaktor desse dagane.

– Me har opplevd imøtekomande elevar. Det har vore ei oppleving å vera her, seier Ferstad.

– Oppmøtet har vore kjempebra. Det er ein rikdom å bli kjend med elevane, seier Norbye.

I dag reiser gjengen tilbake til basen på Sotra.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

002bildy_2014

003bildy_2014

016nm_telemark_2014

Eirin Venaas (biletet) frå Framnes KVGS gjorde ein solid innsats i NM i bakketelemark i Oslo vinterpar i starten av februar. Det vart eit gull og to sølv til Venaas i dei tre disiplinane i juniorklassen. Gull i klassisk og sølv i sprint og paralell. Gratulerer så mykje!

Sjå fleire foto frå NM i bakketelemark i Oslo HER


Info på skiforbundet sine sider finn du HER

004jan_tore_noreng

Framnes KVGS hadde i dag besøk av forfattar Jan Tore Noreng (46) i regi av Den kulturelle skulesekken.

Noreng formidla på ein levande måte løyndomane og verkemidlane bak det å kunna å skriva bøker som fenger, og som kan passera nålauga hjå forlaga og redaktørane. Han oppmoda skriveglade elevar til å skriva vidare. Ifølgje Noreng sluttar altfor mange unge å skriva historier når dei vert eldre.

– Dei fleste forlaga er på jakt etter unge talentfulle forfattarar. Så her er det berre å stå på, sa den engasjerte forfattaren til norsk-elevane i 1A og 1C.

Å få publisert bøker hjå dei store forlaga er slett ikkje lett. Ifølgje Noreng blir ni av ti manus refuserte, men ein bør ikkje gje opp av den grunn. Eit manus er uansett ikkje ferdig når det vert levert inn fyrste gongen, dersom nokon skulle tru det.

– Mange har opplevd å få det ”høflege brevet” frå forlaget, som ikkje er anna enn eit venleg avslag.

Noreng gav elevane innblikk i sin eigen veg til forfattarskapet, om det å ta nokre rundar før ein er i mål. Han har alltid skrive tekstar, men det var først i vaksen alder tok han steget ut i livet som forfattar (2011).

­– I starten prøvde eg å vera lur og skriva om ”smarte ting”, men det fungerte ikkje. Det finst andre som har skrive smarte ting tidlegare. Eg tenkte med meg sjølv: ”kva om eg ikkje skriv om dei smarte tinga…”.

Forfattaren frå Senja, som har bakgrunn som lærar, trekte parallellar til filmspråket, og omtala likskapar og ulikskapar med tanke på verkemidlar. Mykje er ulikt, men det å skapa karakterar og gode historier er felles. Det finst teknikkar ein bør beherska.

– Hjarta mitt ligg veldig nært film og filmspråk, sa han.

Men når manusforfattaren til ein spelefilm kan nytta musikk, lyd og visuelle effektar, må forfattaren bruka språket, karakterar, forteljarteknikkar og historier for å fengsla lesarane.

Noreng gav også elevane ei innføring i karakterane i den siste boka hans, ”Skyggefødt”, om ungdom frå skuggesida i samfunnet – unge som slit og trekkjer seg unna det vanlege livet. Forfattaren tek opp samspelet og konfliktane mellom fire ungdommar, alle med krevjande bakgrunnar, og skildrar psykiske vanskar, kjærleik, angst og ”fucking kollaps”. I denne prosessen dukkar ulike monster opp.

Noreng har sidan 2011 gjeve ut fire bøker, i første rekkje for born og ungdom. ”Dødens skole”, ”Drømmejegeren”, ”Skyggefødt”, og ”Grusom”. Neste bok ut er ”Alfahannen”, som skal vera klar i løpet av året.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

002jan_tore_noreng



IMG_0758

Mix-laget frå Framnes KVGS gjorde ein solid innsats under NM i volleyball for vidaregåande skular. Det vart ein svært solid 5.plass!

Sjå filmen som Oda Sæbø Lier har laga, HER:

Her er referatet frå turen:
En gjeng på 10 elever, to miljøarbeidere, en lærer og en liten maskot reiste til Ålesund forrige helg. Målet var NM for VGS i Ålesund og etter mange gymsaltimer følte gjengen seg klar.
Framnes stilte et veldig godt mixlag med mange ivrige og talentfulle spillere.
Vi startet med seier mot KVT (Kristen VGS Trøndelag), deretter tapte vi etter en kamp under par mot Fusa som var forhåndsfavoritt og som vant turneringen.
Vi kom da til åttendalsfinalen hvor vi møtte Grenland folkehøgskole, en skole med to volleyball liinjer. Dette var en jevn kamp, men vi var best og vant 2-0. I kvartfinalen møtte vi et godt Ålesundlag med bare aktive Blindheimsspillere på banen. Vi var fullt på høyde med de, det var mange gode og lange ballvekslinger, vi endte med å tape 23-25 i begge settene. Rutinen til de mer kamperfarne Ålesundgutta avgjorde nok de siste poengene. Da var det litt laber stemning etterpå, som det skal være etter et surt tap. I stedet for å spille semifinale ble det kamp om 5 plassen. Der møtte vi Åmli og Asker, vi spilte veldig godt og vant begge kampene fortjent.
Veldig moro å se at laget presterte så godt, med farlige angrep både fra midt, kant og tremeter. En enorm innsats i forsvar og en lagmoral som ingen andre kan matche:) Vi endte med en god femteplass. Det var en fornøyd gjeng som kjørte ni timer buss tilbake søndagen.. Takk til Roland som kjørte og Mathias som var "presseansvarlig". Og takk til fem jenter og fem gutter som spilte fantastisk god volleyball.

Martin Dalane (idrettslærar)
001anne_marie
Vår kjære internatleiar, Anne Marie Solsvik, fylte 60 år i går (29.01).
Me vil alle gratulera deg med vel overstått stordag! Takk for alt du gjer for at elevane skal trivast på Framnes!
002anne_marie
Her er dei heldige vinnarane frå Framnes-basaren:
Last ned pdf-fila.

Vedlegg:
Last ned denne filen (Vinnarliste januar 2015.pdf)Framnesbasaren[Liste over vinnarane]55 Kb
IMG_1409_lite
Me ynskjer våre kjære elevar og alle andre Framnes-vener ei God Jul og eit strålande kreativt nytt år!
009minesprak4

Om lag 80  10. klassingar kjem til Framnes denne helga for gjera seg kjende med skulen. Tilsette og elevar gjer sitt beste for at 10. klassingane skal trivast og finna seg til rette. Det er aktivitetar store delar av helga, som til dømes den tradisjonsrike Talentiaden på laurdagskvelden.
Fredag føremiddag var fransk-elevane i 2. klasse i full gang med å førebu seg til Open helg. Dei brukte franske oppskrifter og lagar mousse au chocolat og quiche lorraine, og quiz, til 10. klassingane. Det lukta fantastisk godt då me stakk innom det "franske kjøkenet" ein snartur medan elevane og læraren deira heldt på.

010minesprak4

013minesprak4

012minesprak4