opning
Sommaren er på hell, og det nærmar seg skulestart. Programmet for åpningshelga ligg under "Informasjon til foreldre".
Programmet finn du HER
framnes_fra_lufta2
Me her på Framnes KVGS ynskjer alle elevar og Framnes-vener ein retteleg god og avslappande sommar med gode høve til å lada opp "batteria".
Som de ser ligg Framnes fint til ved Hardangerfjorden!

elevstemne1

Dei siste førebuingane før årets elevstemne er godt i gang. Sørvispersonalet gjer sitt beste for å skapa ei fin ramme rundt stemnet, som alltid. Ifølgje internatleiar Anne Marie Solsvik har rundt 170 ”framnesingar” meld seg på. 5-årsjubilantane stiller med 36 og 50-årsjubilantane har passert 50 deltakarar. Dette vert dei største jubilantgruppene denne gongen.

– Det er totalt litt færre deltakarar samanlikna med stemnet i fjor, men me satsar på eit nytt storstemne med mykje god mimring og godt samvere, seier Solsvik. Ho er takksam dersom "framnesingar" som kjem på dagsbesøk, og som ikkje har meldt seg på stemnet, gjev melding dersom dei treng mat. Kjøkenet treng å vita kor mange det skal lagast mat til.

Vel møtt!

DSC03513

Neste års russ har bestemt seg for å støtta misjonsprosjektet  "Like mye verdt", i regi av Normisjon. Prosjektet arbeider for å betra jenter sine levekår i India, Nepal og Bangladesh. Gjennom helsetilbod, utdanning, godt barne- og ungdomsarbeid, bibel- og misjonsskule, og samfunnsutvikling, er målet å byggja berekraftige lokalsamfunn der jentene si verdigheit vert sett i fokus.

DSC03705

Her er neste års misjonsprosjektleiarar: Jan Håkon Reinemo og Lena Bognøy Kleivdal

02avslutningsfest2014
På avslutningsfesten fekk Evangelisten overrekt sjekken frå årets Misjonsprosjekt. Summen er rett og slett imponerande: Nesten 1,3 millionar kroner, eller heilt nøyaktig 1276342,35 kroner. Dette vert det mykje hjelpearbeid ut av. Pengane går til Evangelisten sitt arbeid i India. Gratulerer med innsatsen!
Framnes_avsl_2014-12
14. juni vart årets russekull (biletet) feira med stor og fin avslutningsfest. Me er stolte og glade for den tida me har fått vera i lag med desse flotte ungdommane, og skulen ynskjer kvar og ein lukke til med framtida og kursen vidare! Hugs at de alltid er velkomne innom tunet.
avslutninga
Det var høgtid under avslutningsfesten. Her ser me avgangselevane på scena, i sin finaste stas.
avslutninga2
Lærarane, her representert ved Magnus Hisdal (t.v.) og Arne Kaldestad, stod for mange fine innslag til ære for elevane og foreldra deira.

Foto: Lisbeth F. Oma og Audun Galtung
SJÅ ALLE BILETA HER!

til_nettside

«Ekstrem innsamling» på foreldrehelga i oktober resulterte i 64.000 kroner til misjonsprosjektet. For det fyrste kjem det godt med til Evangelisten sine hjelpeprosjektet i India, men superinnsamlinga denne helga i fjor haust vart også starten på mange fine utkledningar til «showtime» på morgonsamlinga i dag. Til høgare sum, til fleire av personalet måtte kle seg ut i tråd med tildelte roller.

Me fekk møta ei gavmild utgåve av bestefar, Ludvig og Solan, Reodor Felgen, bønder, catwoman, beachboys, ein gjetar, «Dag Otto Lauritzen», ein ekte soss, skifreak, medlemmer av Olsenbanden, Spicegirls, 70-talls treningsnarkoman, tannfe, Viking-supporter og ein kar med nyfarga hår. I ettertid dukka også Askepott, prinsen i Askepott-forteljinga, Batman, indianar, Messi og ei flaggermus opp.

Alt for dei hjelpetrengande i India!

For orden skuld. Misjonsprosjektet passerte 1,1 million kroner allereie i slutten av februar. Målet om 1,2 millionar er kanskje allereie passert…  Me kan vera stolte av elevane på Framnes!

SJÅ FLEIRE FOTO HER!

Tekst og foto: Lars A. Oma

 

 




001vikyevjaLAO14

Heradstyret i Kvam vedtok måndag samrøystes den nye reguleringsplanen for Vikøy-evja. Dermed er planprosessen fram mot byggestart for den nye idrettshallen komen eit viktig steg vidare.

Foto: Lars A. Oma

Historisk_Vikyevja_19.05.14_003

Vegen over Vikøyevja til Framnes, som har vore brukt sidan 1980-talet, er historie. På måndag vart den gamle vegen stengd, og den nye vegen, som går langs bukta, vart opna for trafikk. Endringane er ein del av det store prosjektet på evja. Det kjem ny idrettshall, utandørsbanar, gang- og sykkelveg og felles parkanlegg.

Foto: Berit Byrkjeland
Historisk_Vikyevja_19.05.14_001

002beritLAO14

Skulesekretær Berit H. Byrkjeland (62) tok til i jobben på Framnes 1. september 1998. I slutten av mai takkar ho av etter 16 års trufast teneste på skulen.

– Det har vore ein god, spennande og interessant arbeidsplass, men no er eg klar for eit friare liv. Eg gler meg til å ta fram aktivitetar som har ”stått på vent”. No skal eg ”byrja å leva” og dyrka mine eigne interesser, seier førtidspensjonisten Berit.

Ho sluttar eigentleg 1. juli, men på grunn av ferieavvikling har ho siste dagen på jobb 28. mai.

Trampeklapp

Torsdag vart ho teken fram på talarstolen i auditoriet framfor alle elevane (biletet), der skulprest Arne Opsahl-Engen på vegner av tilsette og elevar takka for innsatsen. Elevane kvitterte med å reisa seg og gje Berit ein overveldande applaus. Det er ikkje tvil om at ho har vore ein viktig støttespelar for elevane. Berit har hatt svar på mange konkrete spørsmål om postgang, studielån og andre praktiske utfordringar i skulekvardagen.

– Det er flott å arbeida med ungdom. Det er elevane som har vore den største inspirasjonskjelda mi. Eg har nok vore ”mammo” og ”besto” for mange av dei. Det er ikkje alltid lett å vera ung og langt heimanfrå, seier Berit.

Ho har på nært hald sett kor mykje flott ungdom Framnes har på tunet. Tilbakemeldingane er mange og gode frå dei som har vore i kontakt med elevane, på turar eller i andre samanhengar.

Mislikte låsevakt

– Har det berre vore kjekt?

– Det har sjølvsagt vore nedturar og kjedelege stunder også. Det verste eg visste tidlegare var å ha låsevakt og tilsyn. Eg ler av det no i ettertid, men eg kunne vera skikkeleg sint då det røynte på som verst, vedgår ho.

Berit har lang fartstid frå kontor- og sekretærarbeid. Ho har mellom anna jobba i Jondal kommune, på legekontoret og på kontoret for pleie- og omsorg, og hjå Fonna kontorservice.

– Korleis hamna du må Framnes?

– Eg søkte ikkje, men vart oppmoda til å ta jobben då stillinga vart ledig, fortel ho.

Ho vart med då mannen hennar, Helge, var på intervju til ei lærarstilling på skulen. På same tida vart barnehagen på Framnes utvida og dåverande skulesekretær Kari Valland gjekk over i barnehagearbeidet.

– Rektor Per Tjøstheim ringde og spurde om eg kunne tenkja meg å arbeida som skulesekretær på Framnes. Slik hamna eg her, fortel ho.

Forma arbeidsplassen

Det stod ingen datamaskin på pulten då Berit starta. Arbeidet var manuelt,  og skrivinga vart gjort for hand.

Ei veke seinare stod datamaskina på bordet.

– Eg har i stor grad fått utvikla min eigen arbeidsplass. Det har vore veldig motiverande og interessant. Det har vore store endringar undervegs, med mange og varierte oppgåver. Eg har mellom anna delteke i arbeidet med elevopptaket, fortel ho.

Berit tok til i jobben to år etter at Framnes vart ein vidaregåande skule.

– Eg har alltid vore interessert i jobben. Eg trivst når ting fungerer!

Poteter og høner

– Kva skal du gjera no?

– Eg kjøpte ny symaskin for to år sidan. Den har eg ikkje fått tid til å setja meg inn i, så langt. Eg håpar det vert stunder til det no. Elles lever me på eit småbruk med fleire mogelegheiter. Eg har fått potetene i jorda og kanskje vert det nokre høner på tunet også etter kvart. Og for ikkje å gløyma at me har fem barneborn. Det vert nok litt farting. Med andre ord, eg trur ikkje det blir fritidsproblem, understrekar ho.

 

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

003beritLAO14