013kvamskogen_1C_2014

1C reiste helga 28.-30.mars på vintertur til Kvamskogen. Kombinasjonen fint vêr og ein fin gjeng, gjorde sitt til at dette blei ein fantastisk tur. Laurdagen gjekk om lag halve klassen til topps på Kvitingen, medan resten grov snøholer som dei fekk sove i. Elles blei dagane fylt med oppsetting av leir, matlaging, bål, skredlære og mykje sol!"

Tekst og foto: Sveinung Nessa

Sjå fleire foto HER!

004_frankrike_2014

Sjå fleire foto HER!

Turen til Frankrike 22-31 mars

Laurdag morgon  klokka 6 møttest vi på Flesland: Petra og Ingrid frå 2b, Thea frå 2a og Gry. Dette var ein tur vi hadde gledd oss til i over eitt år, så stemninga var høg. Troll-stipendet vi hadde fått, gjorde at vi òg hadde planlagt ei helg i Paris i tillegg til veka med vennskapsskulen vår i Yssingeaux i Auvergne i sør-aust-Frankrike.

Dei to dagane i Paris var fantastiske, og vi følte verkeleg at vi fekk gjort «alt». I tillegg kom vi ikkje minst i gong med å snakke fransk. Elevane oppdaga at fransken dei hadde lært, faktisk fungerte, og dei kasta seg ut i pratinga.  Vi var i Eiffeltårnet, vi rusla i Le Jardin de Luxembourg, vi såg Notre-Dame,  vi var i Louvre og såg Mona Lisa. Vi vart ekspertar på metroen, men også le batobus («båtbussen») på Seinen.  Takka vera Troll-pengane kunne vi «flotte» oss på hotell og likevel ha pengar igjen til både lunch og middag. Tilpassingsdyktige som vi var, vart vi raskt vane med både to og tre rettar. J Den siste kvelden i Paris vart avslutta med besøk i Sacré-Cœur og middag i Montmarte.   No hadde vi fått smaken på fransk mat, så vi åt både sneglar, and og andre godsaker.

Mandag morgon begynte alvoret. Etter frukost med pain au chocolat og croissantar, men utan fat (som dei ikkje bruker til frukost i Frankrike), drog vi til ein av dei seks store togstasjonane for les grands lignes. Gry hadde bestilt billettar i 2. etasje på TGV, det franske hurtigtoget. Etter fire timar og eit togbyte, steig vi av toget i Sainte-Etienne, og der vart vi møtt av ein lærar på skulen, ein elev og mor hennar. Elevane skulle bu hos jenter dei kjende frå før, så kontakten var der med ein gong. Framme på skulen fekk vi croissantar og kake, og så drog vi kvart til vårt: jentene til sine familiar, eg til Hélène Rodier, læraren som har vore hos oss på Framnes tre gongar.

Livet i familien var rett og slett ei oppleving for livet, og både jentene og eg vart varta opp på kongeleg vis. Visst var det kvardag: skule til halv seks om kvelden med varm lunch og halvannan time pause, men varmen vi møtte i familiane kan nesten ikkje skildrast med ord. I den fyrste tekstmeldinga eg fekk frå Ingrid, skreiv ho: «Léonore er kjempegrei, og mora er fantastisk!» . Vi vart varta opp på alle måtar, og dei diska opp allverdens spesialitetar.  Heldige Gry fekk både sneglar og froskelår! Stort sett brukte vi skulen som base, men vi var og mykje rundt i området.  I Yssingeaux fekk vi mellom anna omvisning på den einaste nasjonale konditorhøgskulen i Frankrike, der vi fekk smaksprøvar(!),  og vi var òg i Lyon og andre nærliggjande byar. All guiding var på fransk, og jentene vart så flinke til å forstå og snakke! Regionen er frå gamalt av sterkt religiøs: faktisk er det der pilgrimsvegen til San Diego de Compostela byrjar, så  jentene lærte ord som pilgrim, helgen, biskop osv.   I løpet av veka  vart dei norske og dei franske så gode vennar at det var trist å ta farvel.  Då vi drog frå Yssingeaux søndag ettermiddag var ikkje eit auge tørt. . .

Den siste kvelden i Paris tok vi metroen til Le Moulin Rouge og fann ein liten restaurant med rødrutete duk. Medvitne om å «oppleve» til siste augneblink, åt vi lauksuppe, and, og sjølvsagt mousse au chocolat.  Mette og førnøygde av gode opplevingar drog vi til Triumfbogen, som sjølvsagt var opplyst og heilt fantastisk vakker, og rusla ned Champs-Élysées. Måndag formiddag drog vi heim, og klokka ni om kvelden sette eg av tre slitne jenter med stjerner i blikket  på parkeringsplassen på Framnes.  4 dagar etter heimkomsten bestilte Ingrid ny tur til Frankrike. Eg seier ikkje meir.

Tekst: Gry Engeseth, lærar



021_darmstadt_2014

Byen Darmstadt ligg i Hessen, eit av dei 16 bundeslanda i Tyskland. Ei veke har sju elevar frå vg2 saman med to lærarar vore på utveksling dit. Framnes har ein venskapsskule der som heiter Sabine Ball-Schule. Denne skulen er ein kristen privatskule med ca 450 elevar frå 1. klasse til og med vidaregåande. Elevane har budd privat hos vertselevar, noko som har gjort at dei har fått sett og møtt tysk kultur og tyske vanar på nært hald. Dagleg har me hatt utflukter og aktivitetar. Turen starta med utflukt til Frankfurt, Tysklands «skyline». Frankfurt er også kjend som bank- og finansby! Der besøkte me Main Tower, Goethe-Haus, rådhusplassen og Römer. I tillegg til shopping, sjølvsagt! På fredag gjekk turen til Heidelberg, ein gammal universitetsby med rik historie både med hertuger og fyrstar. Byen er svært ulik Frankfurt, noko elevane også merka seg. På måndag gjekk turen vidare til Wiesbaden, der den hessiske «Landtag» har sitt sete. Frå gammalt av er byen kjend for dei varme kjeldene sine. I Darmstadt har me hatt byvandring på Matildenhöhe og sett på jugendstil som pregar fleire av bygningane og arkitekturen der. På rådhuset i byen fekk me høyra byen si historie fortalt av ein pensjonert, men svært engasjert lærar som også hadde vakse opp i byen rett etter krigen. Me veit alle kva ein «baseball» er laga av og korleis innhaldet kan bli til både genser og sokkar.

Turen har vore både morosam og lærerik – varm og vårleg frå start til slutt! Takk til elevar og lærarar på Sabine Ball-Schule for ei flott veke og stor gjestfridom!

Tekst: Ingvill Sørheim

SJÅ FLEIRE FOTO HER - ALBUM 1

SJÅ FLEIRE FOTO HER - ALBUM 2

DSC_0405

Framnes-elevar har vore på reise i alle himmelretningar den siste tida. Denne gjengen, spanskelevane frå VG2, har vore i Spania. Trivnaden er stor, berre sjå rapporten som kom i forgårs:

”Her i Toledo har med det supert! Elevane bur i spanske familiar og lærer mykje om den spanske kulturen. Me har vore med i undervisninga på skulen, vore på byvandring i Toledo og i dag har me laga norsk frukost til dei. Brunosten falt overraskande nok i smak hos mange! Snart er me klare for fotballkamp - heia Noreg!”

Helsing Ranveig Bjelland

Sjå fleire foto HER!

IMAG0070

Elevar frå Framnes har vore med som portdommarar og hjelpemannskap på fleire Worldcup-renn i telemark den siste tida. I helga var dei på Rjukan.

– Me kan melda om veldig flinke elever, strålande vêr, ein sprudlande Odd Inge Austevoll og eit knirkefritt arrangement. Det er fint å være på friluftslivtur med elevane i 3c, sa lærar Magnus Hisdal i ei av løypemeldingane undervegs.

Sjå fleire foto HER!

tyrkia2014__011
Etter det me forstår har gjengen som reiste på fotballtur til Tyrkia 14. mars hatt det skikkeleg kjekt. Meir om opplevingane kan de lesa i dei to fargerike rapportane som vart sendt heimover på turen:
(FLEIRE FOTO FINN DU HER!)

Kjære alle hjemme... (1)

Fredag 14.03.14 flyktet Norheimsund FKs a- lag og damelag, i samarbeid med Framnes Kvgs., til Tyrkia og Club Grand Aqua for å unnslippe det vi må kalle begredelig vinter/vår - vær i Hardanger for å trene å gjøre seg fete og brune en ukes tid i solsteika. Reisen var lang og slitsom, og først kl. 04.30, lokal tid, var slitne ungdommer og ledere klare for puta. Alle sovnet momentant ettersom ingen sov i bussen da det var stor frykt for at vår mildt sagt trøtte sjåfør skulle sovne før vi kom fram.

Lørdag morgen sto vi opp til deilig sommervær, med litt forbi 20+. Første økt bar preg av en lang reise, og bare vår kjære Blix  og Thomas måtte slave i solsteika som straff for ymse uregelmessigheter.... Vi andre koste oss med en rolig økt preget av firkant og lystbetont spill, etterfulgt av konkurranse med dertil kjepphøye trenere i B.A Austevoll, og mr. Magnus Hisdal og kroppspleie...taning er et stikkord for etterarbeid denne dagen, og måling av maskulinitet. Eivind med sin forhåndsbetalte brunfarge ledet an...

Søndag var det dags for Liverpool vs. M.United. Dette dramaet skulle vise seg å nesten kjøre hele treningsopplegget i grøfta, men da Liverpool stakk av med en "ufortjent" seier, ble likevel dagen en stor suksess, mener Hovedtrener B.A Austevoll. ps. Innsatsen på treningen denne dagen var svært bra, det var heldigvis ikke bare dette drittresultatet som fikk treneren til å smile. Været var helt greit denne dagen for fotball, men ikke for soling :( Christoffer fikk omsider tilbakelevert en pc han glemte på flyet, denne hadde han fortsatt ikke husket å savne!!!!!! BRA CHRIS

Mandag : Den store handledagen. Strålende solskinn med 24++ grader i skyggen! Deilig dag der hovedøkta egentlig tok plass i bassenget vi bruker til restitusjon og nedkjøling av legger. Et voldsomt dynkeslagsmål av dimensjoner der en to meter høy Austevoll, Markus, viste at det er muskler også i høyden... en forsmådd Christian Kjosås måtte ta til takke med forsøket da han omsider fikk komme opp etter luft. Kun unge lovende Aksnes fikk kjempen overende, men ble selv nesten druknet i basketaket. Senere på dagen fikk Aksnes lov til å styre en dameøkt, rytme, bryting og knallharde skudd ble nøkkelord. En damegjeng som vet å trykke til på trening dette her.

Senere denne ettermiddagen var det shoppingtrangen som måtte få utløp, og turen gikk med buss til et outlet for å hamstre sko. Der andre nordmenn går for snus og annet rask, går NFKs spillere for kvotehandel av fotballsko. Uvisst hvor mye av dette som egentlig er lov å ha med hjem  av store kvantum.

Med vennlig hilsen

Onkel reisende Mac (aka Henrik TIger og Harald A)

 

Kjære der hjemme... (2)

I Tyrkia er det godt og være på leir.... Maten er fantastisk og og været likeså... vi har fått smaken på luksuslivet her på grand aqua...er det dette som er å være fulltidsspiller?? det er kanskje ikke så verst det...?

Etter dager med trening var det på tide å få prøvd ut formen i kamp, og både a-laget og damelaget har vært i aksjon. Begge lagene har fått godt utbytte av treningen i vinter, og vant komfortabelt begge sine kamper, mot henholdsvis Hareid (a-laget) og et sveitsisk lag (damelaget). Våre eminente trenere på både herre og damesiden er svært fornøyde med prestasjonene og gleder seg stort til seriestart.

Men treningsleir er ikke bare fotball. Prutende tyrkere, ”adventure land” og talentiade har også stått på programmet.

Prutingen er det logisk nok møregjengen vår som er best på, sammen med jentene selvfølgelig, som lett hamler opp med innpåslitne selgere som tror fotballspillere fra Norge er et lett bytte. Nei her er det modige norske sjeler som vet å holde på penga.

Modige i ”adventure land” var de òg. Overvinne skumle løyper og susende taubaner skulle vise seg som en lek for våre tapre kvinner og menn, her er kun sikringen begrensningen og noen valgte til og med å hvile seg i de store klatrenettene. Nei høyde det var ingen fare for denne gjengen nei.

Da vi ikke trodde gjengen kunne prestere på høyere nivå, viste lagene våre hva som virkelig bodde i de, med storslåtte prestasjoner i talentiaden. Her var det sang og dans, dunking og andre fantasifulle innsalg. Strenge dommere til tross, og stort publikum, gikk Jørgen, Fredrik og Simon av med seieren etter en strålende parodi på vassendgutane.

Reisen vår er øyeblikk ved veis ende, og vi kommer hjem til dere. Vi må bare beklage deres utrolig stygge vær der hjemme, og dere får tilgi oss at vi er så brune, nyklipte, veltrente og fine når vi kommer hjem.

Hilsen Onkel reisende Mac (Aka Harald A)

Sjå fleire foto HER!
vikyevja_005

Vikøyevja endrar seg stadig. Går det som planlagt vert det parkanlegg og ny idrettshall om ikkje altfor lenge... Tomta er i alle fall i ferd med å ta form.

Sjå større foto HER!
sandarbeid_001
Sandvolleyballbanen på Framnes får ny sand. Om lag 20 kubikkmeter skal på plass. Då er det godt å få hjelp av arbeidsvillige elevar frå 2C (breiddeidrett).
Det er berre å gle seg til varme vår- og sommardagar med mykje volleyballspeling!

sandarbeid_002
sandarbeid_004
revy2014
Eit av dei beste vårteikna på Framnes er russerevyen. Årets kreative høgdepunkt nærmar seg!

Her er russen sine eigne ord om framsyninga:

Framnesrevyen 2014, “#That Story”


 “Skrivende stund var 25.mars.

Våren er definitivt i anmarsj.

På Framnes, noe stort skal skje.

Vi skal showe, du skal (forhåpentligvis) le.

På Framnes kvgs det skal være.

Inn i auditoriet, ja da er du nære.

Danse, synge, dramatisere.

Og hvem vet, kanskje noe mere.

Men over til de konkrete info.

Hold deg fast, og stå i ro.

Lørdag er premieren, 20.00

Det er definitivt ikke tull.

Da er datoen 5.april.

Noen må nok kjøre mange mil.

Søndag 6. er siste sjanse.

Hvem vet, kanskje vi har en sjimpanse.

Forhåndsbestille, du kan på 94809637.

Du kan kjøpe og bestille på dagen, men jeg ville gjort det nuu.

Ikke nøl med dette, det kommer til å bli topp.

Velkommen du skal være, tommel opp.”


 framneshalvya_003

Til saman 409 har søkt om plass skuleåret 2014-2015. Det er berre 8 under rekordåret i fjor. Om lag 100 søkjarar står på venteliste.

– Me er veldig godt nøgde med interessa for skuleplass på Framnes. Samstundes vil eg oppfordra dei som ikkje har fått plass til å halda motet oppe. Det vil truleg bli endringar fram mot skulestart, og gode sjansar til å koma inn sjølv om det ser mørkt ut no, understrekar rektor Harald Voster. Skulen har plass til 270 elevar.