godt_nyttar_1
Godt nyttår alle saman! Me helsar det nye året velkommen med nokre foto av dagens vinterstemning på Framnes.

Foto: Lars A. Oma

godt_nyttar_2
godt_nyttar_3
godt_nyttar_4
Nedanfor finn du skuleruta for 2017 - 2018

Vedlegg:
Last ned denne filen (Skulerute 2017-18.pdf)Skulerute 2017-18.pdf[ ]74 Kb
stol_nettsida
Slik ser stolane ut, men fargen i Framnes Arena vert blå.



Idrettshallen kostar 40 millionar kroner, noko som er eit stort løft for Framnes.

Prislappen var eigentleg 48 millionar. Men eit såpass høgt beløp var det vanskeleg å få finansiert ved eigenkapital og lån. For å få kostnaden ned til 40 millionar måtte me forenkla prosjektet på nokre område, og noko måtte takast ut av det opphavlege anbodet. Til dømes vart teleskoptribuna teke ut.  Her var prisen i utgangspunktet 7.000 kroner per sete (alt inkludert). (480 seter vert ein kostnad på 3,3 millionar kroner.)

Målet er å finna ei rimelegare løysing, for tribune må ein uansett ha! No har me fått til ein avtale gjennom firmaet Menighetsservice AS, som har direkte kontakt med ein solid leverandørar i Kina. På denne måten har me klart å få prisen per sete ned til 1.500 (som totalt blir kr. 720.000). Studieinspektør Odd Inge Austevoll var med Menighetsservice ein tur til Kina for å sjå nærare på kvaliteten; og den er i høgste grad godkjend. Det kinesiske selskapet hadde ein kontrakt på 160.000 seter til OL i Brasil, så me er rimeleg trygge på at dette er solide saker!

Sidan den opphavlege tribuna vart teken ut av anbodet må me finansiera den nye løysinga med gåver. Vil du vere med å dra lasset?

Me utfordrar bedrifter, forsamlingar og enkeltpersonar til å støtte Framnes sitt arbeid med idrettshallen med å kjøpe ein stol.

Dei som «kjøper» ein stol får namnet sitt synleg på stolen (på eit lite skilt). Kvar stol kostar 1.500 kroner. Du kan kjøpe ein eller fleire stolar.

Slik gjer du det:

Betal til Elevlaget sin konto 3530.51.51503 og merk giroen med «Stolsponsing» og namnet ditt eller namnet på firmaet. Treng du meir informasjon, ring Odd Inge på 926 27 332.

Pr i dag er det kjøpt 108 stolar. Tusen takk!

 

idrettshallen00001

Den nye idrettshallen, Framnes Arena, ligg godt an i løypa både økonomisk og tidsmessig

Inspektør Odd Inge Austevoll, som brukar mykje tid på å følgja opp prosjektet, er godt nøgd med framdrifta.

– Dei ulike entreprenørane samarbeider godt, og arbeidet med hallen går etter planen. Alle er løysingsorienterte og finn ut av utfordringane etter kvart som dei dukkar opp. Det er også god kontroll på kostnadene, fortel Austevoll.

Framnes Arena skal overleverast frå hovudentreprenøren Brødrene Ulveseth AS 1. mai. Slik det ser ut no er det god grunn til at tidsskjemaet held.

Når bygget er overlevert frå entreprenøren er det tid for dugnad: Det skal mellom anna leggjast krøllgras, monterast spilepanel, monterast tribune med stolar på galleriet, og alt utstyret frå det gamle styrkerommet skal flyttast over i hallen.


Den nye idrettshallen får full handballbane (44x23meter) med parkett. Framnes Arena vert det første idrettshallen i Noreg som tek i bruk krøllgras utan gummikuler. I staden vert det nytta ein gummimatte som ligg under krøllgrasduken. Den nye teknologien er allereie teken i bruk internasjonalt, og vart til dømes nytta under VM i innandørsfotball i USA i 2015.

Den nye innandørs fotballbanen i Framnes Arena måler 27x36 meter.


Hallen får fire garderobar, to lærar/dommar-garderobar, kjøken/pølsebod, foaje på 170 kvadratmeter, styrkerom på 170 kvadratmeter, klasserom med staseleg utsikt mot Hardanger-landskapet. Den nye teleskoptribunen får 464 stolar, og tribunen på galleriet får 165. Med andre ord, det vert sitjeplass til 629 personar!

For å redusera kostnadene satsar ein på å importera teleskoptribune frå ein kjend kinesisk leverandør, som mellom anna har levert tribuneløysingar til store internasjonale stadionanlegg – mellom anna til OL i Brasil.

For å redusera kostnadene ytterlegare vert alle Framnes-vener utfordra til å sponsa stolar: ”Slå eit slag for Framnes og kjøp ein stol til 1.500 kroner og få namnet ditt på den”. Kanskje det kan vera ei julegåve? (det kjem snart ei eigen sak om dette).

Teleskoptribunen skal monterast av Menighetsservice AS.

Hallen skal innviast på Indremisjonssamskipnaden (IMS) sitt årsmøte på Framnes 16. – 18. juni. Ein reknar med at hallen er komplett og klar til bruk når elevane dukkar opp hausten 2017.

idrettshallen00005

idrettshallen00002

idrettshallen00003

idrettshallen00006

 

 

 

 

 




open_helg_035

Talentiaden er ein av dei mange sterke tradisjonane på Framnes.
Med over 20 innslag og masse energi på scenen og i salen måtte det bli god stemning under Talentiade 2016!
Det var mange kreative innslag, men nokre av dei sjarmerte både juryen og publikum i senk. Parodien "Din bedre halvdel" fekk publikumsprisen. Juryens favoritt vart bandet "Polaris", og "Bleach" vart tidenes beste husband. Gratulerer!
Takk til alle for fint show!
Her er bileta frå Talentiade 2016!:

Tekst og foto: Lars A. Oma

SJÅ FLEIRE FOTO HER!

 

 

open_helg_014

Me kan sjå tilbake på ei travel helg med besøk av mange flotte ungdommar. 126 tiandeklassingar deltok på Open helg! Og me kan notera ny rekord når det gjeld deltakarar frå Kvam! (kommunen der Framnes ligg). Dei kjekke tiandeklassingane kom frå store delar av Noreg; i områda mellom Vesterålen i nord, Oslo i aust, Lillesand i sør og Øygarden i vest.
Fredag var det velkomstsamling i peisestova, konsert med Norheimsund og Øystese ungdomskor og til slutt kafé med diverse spel.
Laurdag var det informasjon om fagtilboda på Framnes, med fem fagstasjonar (med fleire fag på kvar stasjon) – med både lærarar og elevar i sving med fagformidling. Strålande innsats!
Matservering og ulike aktivitetar – som ballspel og juleverkstad, gjekk slag i slag utover dagen og kvelden.
Sjølve rosina i pølsa var Taletiaden, med over 20 innslag frå elevar på Framnes. (NB!: Bileta frå Talentiaden kjem litt seinare!!)

Tekst: Lars A. Oma
Foto: Lars A. Oma, Lisbeth F. Oma og Jostein Moldsvor

SJÅ FLEIRE FOTO HER!

 

15175550_10153992610830143_321611473_n

Torbjørn 60 år
I går vart ein av medarbeidarane våre, Torbjørn Vågen, 60 år. Vedlikehaldsleiar Kjell Magne Solsvik heldt tale til jubilanten, som har vore tilsett som vaktmeister på skulen i 14 år.
– Han er, slik eg kjenner det, den mest rotfeste og trufaste Vikøy-buaren eg veit om, sa Solsvik til heidersgjesten under lunsjen i går.
Torbjørn har budd i Vikøy i alle år, bortsett frå militærtenesta.
Han har fagbrev som bilmekanikar, og har arbeidd ved fleire bilverkstader i Kvam, mellom anna Mo Auto AS i Steinsdalen og Kvam bilhus. Etter militærtenesta byrja han i Vågen Transport og byggefirma. Det førte mellom anna til at han gjekk laus på ny læretid og tok fagbrev i tømrarfaget.
Etter kvart tok han over firmaet til faren, Vågen bygg. Det som no er ”hovudgesjeften” utanom Framnes er Vågen rom- og hytteutleige, med over 30 sengeplassar.
Torbjørn er ein mann med mange jarn i elden. Friluftsliv og folkemusikk/folkedans er noko av det han set høgt. Eldstejenta Kjersti deler interesse med faren, noko som har resultert i fleire prisar for hardingfelespelet.
– Nøyaktigheit er noko av det som kjenneteiknar Torbjørn. Det går også att i arbeidet hans. Han set si æra i å gjera nøyaktig og godt arbeid, og kjem ofte med gode innspel som bidreg til ein god prosess fram mot gode val og gode løysingar for Framnes, sa Solsvik.
Dagen på Framnes vart feira med kaker og mykje merksemd.

Tekst (henta frå talen): Lars A. Oma
Foto: Geir Johnny Undal

misjonslpet2016_11

Elevane på Framnes, saman med nokre representantar for foreldra og dei tilsette, sprang inn om lag 720.000 kroner under misjonsløpet på foreldrelaurdagen.

Pengane frå misjonsprosjektet går denne gongen til organisasjonen NSP Aid, som skal byggja ein barnelandsby for foreldrelause born i Voi i Kenya. Bygget som pengane går til, ”Framnestunet”, vert ein del av Malaika Childcare Villages. Det nystarta arbeidet skal gje foreldrelause born tryggleik og ei ny framtid.
NSP Aid har fått tilgang på ei tomt på 600 mål og arbeider no med å få på plass formalitetane. Målet er å byggja mange husklynger, med ni bustadhus i kvar klynge. Kvart hus skal ha ei ”mor” og åtte born. I tillegg tek organisasjonen sikte på å byggja skule og barnehage.

Foreldredagane på Framnes samlar mykje folk, og slik var det også denne gongen: Misjonsløp, festsamling, foreldresamtalar, klassesamlingar, matfellesskap og kafé skapte stemning og engasjement.

Tekst og foto: Lars A. Oma

Sjå fleire foto på Facebook!

 

 

tapas_vg1_spansk_2016_1

Den siste tida har spanskklassane i vg1 jobba med temaet spansk mat, og fredag før haustferien vart det til meir enn berre teori. Då var nemleg bordet dekka til tapas, og elevane fekk smaka på ulike smårettar, som tortilla de patatas (potetomelett), jamón serrano (serranoskinke), chorizo (sterk pølse), ensaladilla rusa (russisk salat, tross namnet er det faktisk ein typisk spansk rett!), patatas bravas (steikte poteter med sterk saus), aceitunas (oliven) mm. Dei fekk også bl.a. prøve seg på nokre spanske songleikar, og det vart ei kjekk avslutning før ferien!

Tekst og foto: Ranveig Bjelland

tapas_vg1_spansk_2016_2

tapas_vg1_spansk_2016_3

tapas_vg1_spansk_2016_4

tapas_vg1_spansk_2016_5

tapas_vg1_spansk_2016_6

tapas_vg1_spansk_2016_7

hareide01

I går, 17. oktober, hadde Framnes besøk av partileiar for Krf, Knut Arild Hareide.
Under besøket hadde han gjesteforelesing for alle elevane og lærarane på skulen; om kristent samfunnsengasjement. Etter føredraget fekk elevane stilla spørsmål. Mange nytta høvet til å utfordra partileiaren med gode problemstillingar. Hareide gav uttrykk for at han var imponert over engasjementet hjå elevane.
Seinare på dagen deltok han på middag saman med KrF-politikarar i Kvam og nabokommunane.
Hareide er også stortingsrepresentant for Hordaland KrF, og tidlegare miljøvernminister i Bondevik II-regjeringa.

Foto: Sondre Olsen, Krf

hareide02

hareide03

hareide04

hareide05

hareide06