01_russenturne

Les om elevane sine eigne opplevingar frå russeturnéen 2014:

Sjå fleire foto her!

Rapport frå russeturné 2014

Tekst og foto: Henrik Sandtorv

Torsdag

Årets russeturné var eit fire dagars opplegg for russen på Framnes KVGS. Turen gjekk til Stord, Karmøy og Haugesund. I tillegg til desse plassane, var kullet innom fleire mindre områder og deltok og leia møter. Ved å reise rundt på desse møta skulle det bli samla kollekt for misjonsprosjektet til Framnes.

Bilane drog frå Framnes klokka 15.00, ferdigpakka tidlegare på dagen og fullasta med elevar som var klar for ei minneverdig oppleving.
Etter tre timar med køyring var gruppene framme ved dei ulike bedehusa. Personleg var eg på Fitjar bedehus der temaet var Bibelens truverde, kristne verdiar og Jimi Hendrix.

Klokka 21.00 var alle møta ferdige og gjengen var no ved Horneland bedehus på Stord, her skulle vi vera den første natta. Det hadde vore ein lang dag med mykje køyring, møter og lite mat. Difor drog naturlegvis ein gjeng på cirka tjue til McDonalds for å balansere kaloriinntaket.
Då alle hadde funne seg til rette, skulle vi ha eit kjapt møte for å informere om dagens møter, inntekter til misjonsprosjektet og morgondagens aktivitetar. Alle var godt nøgde med gjennomføringa av dei ulike møta og kunne velfortent ta kvelden fri for å spele spel, sosialisere eller berre slappe av.


Fredag

Alle var tidleg opp denne fredagen (etter elevane sin standard). Klokka ni stod frukosten på bordet for å mette både trøtte og mindre opplagte. Det skulle vera nye møter, men ikkje før kvelden, så ein kan tenkje seg at elevane skulle få lov til å sove lenger, men denne føremiddagen hadde bolleeting på Karmøy prioritet. Innan klokka hadde slått tolv slag, var Horneland bedehus rydda, vaska og lagt bak oss. Neste stopp var Berøa bedehus, Karmøy.

Nytt bedehus, same opplegg. Vi kom, slengte frå oss bagasje og drog vidare til ekte gourmetbollar á la Karmøy. Dette hyggelege besøket hos mor til ei frå idrettsklassen, var berre ei ut av dei mange aktivitetane som skjedde på turen. Den neste var nye bedehus, nye møter og ei ny sjanse til å samle inn pengar til India.

Denne gongen skulle gruppa mi ha opplegget, med skuleprest Arne Opshal-Engen, i spissen. Temaet var det same, berre omformulert. Same song, ny tekst. Denne gongen hadde vi også førebudd nokre songar som blei framført med kor.

På kvelden var det mykje det same opplegget, berre at russen no var klar for både helg, skøy og sprell. Denne kvelden var det større fridom for aktivitetar, men ikkje så fritt at korkje skuleprest eller miljøarbeidarane klarde å halde styr på folket. Aktivitetane som var mest populære var dei musikalske innslaga som vart høyrde ut over kvelden.
Berøa bedehus hadde nemleg ei scene med instrument som piano, gitarar, bass, tromme og mikrofonar for dei som ikkje har koordinasjon, rytme eller talent for instrument. Kvelden vart dermed ein lang jamsession. Kan kjapt nemne at det vart ekte norsk fredagsmiddag med taco denne kvelden.

Denne natta var sovehallane delt inn etter når folk ville leggje seg, framfor reine gute – og jentesalar. Nokon gjekk til sengs rimeleg tidleg, andre sovna ikkje før klokka fem om morgonen. Kort fortalt, klokka fem var tida eg stod opp for å ta brannvakt.
Brannvakta var ei plikt som hadde to hovudoppgåver: å vekkje frukostansvarlege og passe på at bygget ikkje tok fyr. Å vera brannvakt kunne vera utmåteleg kjedeleg viss ein skulle gå rundt og passe på at korkje telefonladarar, kaffitrakarar eller andre plutseleg sjølvantennelege gjenstandar tok fyr på mystisk vis. Dermed vart det gått rundar for å notere all form for aktivitet, hendingar og ikkje minst snorking.


Laurdag

Laurdagen fekk folk faktisk sove heilt til klokka ti. Heile dagen var sett av til å bli betre kjent med folk. Miljøarbeidarane hadde sett opp ”teambuilding” på programmet, i form av kortspelet president, papirflykasting og sugerørtårnbygging. Det var ikkje sett opp fleire møter enn eit kort eitt om morgonen og eit litt lenger om kvelden.

Laurdagen var nok høgdepunktet i form av aktivitetar. Rundt klokka tolv splitta gjengen seg opp og drog til anten ”paintbal”, ”vaksen-leikeland” eller vart igjen på bedehuset for å raide næraste matvarebutikk for utgåtte matvarer.

Etter aktivitetane var det klart for at vel 50 elevar frå Framnes invaderte Egon i Haugesund. Her fekk vi kjøpt oss eit ekte herremåltid for nokre hundrelappar, medan andre valde den meir økonomiske varianten og åt så mykje pizza som mogleg for 105 kroner.

Kveldsmøtet var meir eit mimringsmøte der kvar og ein skulle koma med eit minne dei hugsa ekstra godt, og fortelja om planane for tida etter Framnes. Møtet kunne by på latter og god stemning, men samstundes ei kjensle av kristent fellesskap, for alle fekk tilbod om å bli bedt for, eit tilbod berre nokre få avslo. Det var ei kjekk kveld med over tre timer med mimring.


Søndag

Denne morgonen hadde vi ekstremt dårleg tid på å stå opp, ete frukost og rydde før søndagsskulen kom. Brannvaktene hadde sovna på vakt og dermed var det ingen som kunne vekkja. Heldigvis var folk raske nok til å kaste innpå litt mat og fekk rydda bedehuset før søndagsskuleborna kom.
Turnéen blei avslutta ved at det vart teke gruppebilete av alle som var med på turen. Deretter var det strake vegen tilbake til perla i Kvam, Framnes.


Vil takke alle som var med på turen. Det blei ei fantastisk oppleving og eit minne for livet. Vil takke alle som har bidrege på møter og for inntekt til misjonsprosjektet. Vil takke skuleprest Arne Opshal-Engen og miljøarbeidarane som var med. Til slutt må vi takke turnéansvarlege som gjorde det mogleg å ha denne opplevinga.


Sjå fleire foto HER!




forskingsprosjekt1

Nyare idrettsforsking viser at ein kjem ikkje langt med berre tekniske eigenskapar dersom ein skal gjera karriere i fotball.

Uansett teknisk kunnskap og tekniske eigenskapar må ein vera rask for å nå toppen. Dette har toppidrett fotball på Framnes teke konsekvensen av. Ei gruppe idrettselevar på tvers av årskulla er med på eit unikt forskingsprosjekt i regi av Høgskolen i Nord-Trøndelag. Ansvarleg for prosjektet er høgskulelektor Terje Dalen, tidlegare idrettslærar på Framnes. Har arbeider delvis som forskar på høgskulen.

Utviklingsavdelinga i fotballklubben Brann deltek også i prosjektet.

– Me har eit ”testbatteri” på Framnes som mellom anna måler fotballutholdenheit (yoyo), fotballhurtigheit, reell styrke, spenst og fotballtekniske ferdigheiter. Målingane viser at elevane jamt over scorar relativt dårleg på ”hurtigheitstestar”. Dette er noko av grunnen til at me ser på dette prosjektet som svært interessant, seier idrettslærar Magnus Hisdal.

Elevane starta 6. januar, der Dalen var med under starttestinga. 10. mars vert det retesting. Då vil ein kunna måla effekten av den spesialtilpassa treninga.

– Elevane som deltek i prosjektet trenar fire økter i veka, med økter på 1–1,5 timar kvar. Ein trenar spesielt på hurtigheit og ”power” – hurtigheit kombinert med ytre belastningar, repeterande sprint og raske vendingar, forklarar Hisdal.

Ein reknar med at den spesielle treninga vil gje betringar i prestasjonane testpanelet har vinkla på i forskingsprosjektet. Det er grunn til å tru at deltakarane også vil nyta godt av bonuseffektar av treninga.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

Sjå fleire foto HER!

 







framnes_pa_facebook

Framnes KVGS har endeleg fått si eiga side på Facebook. FØLG OSS!
framnesbasar__011
Årets utgåve av den tradisjonsrike Framnes-basaren vart ein suksess (som vanleg). Oppmøtet er alltid godt, men denne gongen var det ekstra godt oppmøte. Det kom inn om lag 77.000 kroner! 41.000 kroner på basaren og resten på loddbøker i forkant. Det var yrande liv og stor stemning, med trivelege gjester frå alle generasjonar. Arrangøren, Framnesforeninga, med sine trufaste hjelparar, gjorde ein imponerande innsats. Og deltakarane kvitterte med å bruka mykje pengar. Midlane går til miljøtiltak for elevane.
Hovudvinsten, ein iPad av siste utgåve, gjekk til Maria Øyen frå Frekhaug.

SJÅ FLEIRE FOTO HER!

Tekst og foto: Lars A. Oma

Vinnarliste frå Framnesbasaren 25.01.14


1

Ipad

Maria Øyen, Frekhaug

2

Tresnitt av Per Flatøy

Fam. Ivar Berland, Tysse

3

Frisbee-korg m/utstyr

Asbjørn Dalane, Vikeså

4

Maleri av Elna Bauge

Fam. Hans Arne Børsheim, Strandebarm

5

Internettradio

Anna Kristense Lund, Bergen

6

Vaffeljern

Sonja og Jens Fosse, Suldal

7

Hekla Teppe

Audny og Per Harald Hjelmeland, Skjold

8

Dessertsett, Carina

Agnes Olausen Strømme, co/Arthur Strømme, Norh.sund

9

Løpar i lappeteknikk

Fam. Egil Martinussen, Rong

10

Jentebunad str. 4 år

Fam. Atle Berland, Seim

11

Gensar m/hue, str. 6 år

Ikkje seld

12

Pyntelykt

Audny og Per Harald Hjelmeland, Skjold



Himmel_i_flammar_001
Austavinden har vore nærgåande og kraftig dei siste vekene, og snøen held seg framleis borte. Men sola stig på himmelen. I dag var morgonstemninga på Framnes ekstra vakker.
Foto: Lars A. Oma
Framnesopning2
(arkivfoto)
Laurdag 1. februar er det ny foreldredag på Framnes, med program for elevar i VG1, VG2 og VG3 og forleldre. Dagen byr mellom anna på eit føredrag ved Terje Forsberg, om temaet Aldri for sent å bli et lykkelig barn.
Velkommen!

Sjå program under:
Vedlegg:
Last ned denne filen (Program for foreldrelaurdagen 1. februar.doc)Program for foreldrelaurdagen 1. februar.doc[Program for dagen]30 Kb
Last ned denne filen (Timeplan forledrelaurdagen 1 Ark1.pdf)Timeplan forledrelaurdagen 1 Ark1.pdf[Timeplan for foreldrelaurdagen]41 Kb

hall

Skuleeigarane satsar. Dersom planarbeidet går slik skulen ynskjer kan elevane på Framnes ta i bruk ein flunkande ny og moderne idrettshall hausten 2015. Den nye hallen på Vikøyevja vil få eit totalareal på ca. 3.100 kvadratmeter fordelt på ein hovudetasje og ein mindre 2.etasje med tribune/galleri. (sjå bileta)

Framnes idrettshall får fotballbane med kunstgras på 36 meter x 27 meter, standard handballbane med frisone, klatrevegg, og banar i full storleik for volleyball, basketball og badminton. I tillegg vert det fire garderobar, styrkerom på 140 kvadratmeter og diverse sørvisrom – mellom anna eit disponibelt rom (klasserom) på 70 kvadratmeter. I hovudetasjen vert det tribuneanlegg med 200 stolar som kan trekkjast ut frå lager. Handballbanen får ei takhøgd på 7,3 meter.

– Kva betyr denne satsinga for Framnes?
– Det er nesten eit ”must” å byggja ut. Me har ikkje nok innandørs plass til alle aktivitetane våre slik situasjonen er no. Mykje er basert på aktivitetar utandørs, noko som gjer oss sårbare når snøen held seg borte og vêrtilhøva er dårlege. Me treng ein moderne hall for å vera skikkeleg konkurransedyktige og gje elevane eit maksimalt godt tilbod, seier inspektør Odd Inge Austevoll.

Utandørs skal det lagast fotballbane (sjuarbane), leikeplass, strandvolleyballbane og parkanlegg rundt hallen, som eit friområde som alle i Vikøy kan bruka. Kvam herad er ansvarleg for parkanlegget/friområdet.

Idrettshallen skal plasserast med kortsida mot skulen, i stor grad inne på det som i dagens plan er sett av til ny parkeringsplass (sjå bilete). Utsjånaden på hallen vert i samsvar med dei andre bygga på skuleområdet, med raud farge. Hallen skal òg ha vindauge slik at fasaden ikkje vert for einsformig. Taket vert tilnærma flatt, men vil få ei lita helling slik at vatnet renn av.

– Me har gjort det me kan for å ta omsyn til dei innspela som er komne inn i samband med oppstartsmeldinga, seier Austevoll.

Den nye reguleringsplanen som skal opp til fyrstegongs handsaming i plan- og bygningsutvalet i Kvam herad i byrjinga av februar. Dersom den formelle søkeprosessen går som planlagt, kan det verta byggjestart allereie i august i år. Det betyr at hallen skal vera klar til bruk ved skulestart neste år.

Med andre ord, fyrsteklassingane på skulen og dei nye elevane som byrjar til hausten vil få glede av den nye hallen.

Tekst: Lars Arvid Oma
Teikningar: Konstruksjonsteknikk
Foto og fotomontasje: Sweco

SJÅ STØRRE BILETE HER

evjo_etter_bygginglysingevjo_reguleringskartevjo_fr_bygging
basar_2014_001
(Arkivfoto)
Laurdag 25. januar klokka 16.00 er det klart for den tradisjonsrike Framnes-basaren. Det vert både åresal og hovudtrekning. Hovudvinsten er ein iPad (siste modell).
Lisbeth Fredheim Oma skal ha andakt, og barnekoret Shine vert med. Og når ein i tillegg får kaffi, saft og kaker er det mange gode grunnar til å ta turen til peisestova på skulen denne dagen!
Velkommen!

juleavslutning_2013__020
Elevane og personalet på Framnes har som vanleg hatt ei hektisk førjulstid, men det har også vore tid til skikkeleg julekos. Juleavslutning for personalet, juleavslutning for elevane, bygging av pepperkakeby, julefrukost, julelunsj og juletregang har fått julestemninga til å senka seg over Framnes-halvøya.
Me ynsker elevar, tilsette, foreldre og alle andre Framnes-vener ei god jul og eit godt nytt år!

Sjå glimt frå julekosen HER!


ljosglytt_2013_019
Elevane på Framnes er ikkje redde for å ta eit tak. Her om dagen var nokre av dei samla i personalstova for å pakka Ljosglytt (bladet til elevlaget) og 2014-kalenderen (også elevlaget) i konvoluttar, klare til sending. Med juletreet på plass og julemusikk på anlegget var det god stemning!
Sjå video HER!