P3090065Glade for å sleppe dei siste skuletimane sette 20 smørblide elevar frå VG2 friluftsliv og to heldige lærarar kursen mot Kvamskogen sist fredag. Sekkane var fylt opp med, forhåpentlegvis, varme klede og godt med mat(snop).

Så var det berre å sette på fellene, eller smøre skia, og lange ut i strålande solskin. Etter vi hadde fått erfare fordelen med feller oppover bakkane, og mykje knall og fall nedover fann vi oss ein stad og slå leir for natta.

Etter at telta var komne opp og middagen var i magen, vart det bålkos under ein nydeleg stjernehimmel før vi tok kvelden.

Det var mange trøtte fjes å sjå morgonen etter, ikkje alle hadde sove like godt i dei mange minusgradene. Tross lite søvn var gjengen klare for ein ny dag som starta med frukost i sola før det bar ut på tur igjen. Denne dagen skulle by på nye opplevingar for dei fleste, nemleg det å bygge snøhole.

Etter mykje om og men fann vi tilslutt ein plass der det var akkurat nok snø til å grave, og det var berre å setje i gang. Ute var det bitande kaldt så det var godt å ha noko å henge fingrane i så ein blei varme. Timane gjekk og snøholene blei større, tilslutt var det ein nøgd gjeng som la seg til å sove inne i dei sjølvlaga ”bustadane”.

Siste dagen tok friluftslivgjengen ein kort topptur i strålande solskin før dei rann ned til bussane igjen. Sjølv om det framleis er tær og fingrar blant gjengen som ikkje er ”komne tilbake”, hadde vi ein fantastisk tur og vi sit igjen med mange gode minner.

Foto og tekst: Amalie Gjengedal og Kristine Eide

Sjå fleire bilete i Fotogalleriet

fyllingen_kjetil_01_fotoejdKjetil Fyllingen (biletet) og Marit Ådnanes frå Indremisjonsforbundet har denne veka hatt temasamlingar for elevane på Framnes. Fyllingen opna serien på tysdagskvelden med temaet ”Det ondes problem”. Eit stadig like aktuelt tema, krevjande, på djupet i livet. Det er viktig at nokon tek tak i temaet og prøver å gje svar på vanskelege spørsmål. Gleda og lysten på livet står sjølvsagt i sentrum i ungdomstida, men samstundes kjenner mange på smerte i periodar med vonde hendingar. Ein skal ta det på alvor.

På onsdagskvelden hadde Ådnanes temaet ”Sex og samliv”, også eit aktuelt tema om ein viktig del av menneskelivet. Vakkert og vel verdt å ta vare på.

Torsdag kveld var det Fyllingen sin tur igjen. Denne gongen var temaet ”Disippel foran TV”. Korleis brukar me TV/film og video? Er det slik at me kan skru av hjernen og ukritisk sluke det som vert servert?

Fyllingen skisserte matnyttige metodar i det å bli bevisste disiplar framfor skjermane. Det er ulike måtar å konsumera inntrykka på. Ein kan vera aktiv og ta mediet og kulturen i bruk for å spreia ein god bodskap og kristen tru gjennom naturlege ”tilknytningspunkt” – og setja pris på kunsten, – eller sluka alt rått og ”flytta inn” i TV-seriane. Stikkordet er bevisstgjering.

Tekst: Lars Arvid Oma



kom_deg_ut2013_260Elevane frå Friluftsliv 2 tok på seg ansvaret for å arrangera årets utgåve av "Kom deg ut dagen" for Kvam turlag (DNT) sundag 3. februar. Dagen i førevegen reiste elevane til Sjusete for laga til området for skileik. Det vart lagt til rette for ei rekkje aktivitetar, som løyper med orgeltramp, ulike hopp og kular. I tillegg var det hinderløype og bobbane. Det vart også arrangert konkurranse i sekkeløp, og turar med hundespann. Oddrun og Solvor leia oppvarmingsdansen. Elevane laga bål til å varma seg på, og det var mogeleg å få seg pølse, saft og lappar. Det var også sett opp lavvo, for dei som ville kvila seg litt og få tak over hovudet.

Tekst og foto: Anne-Kjersti Omdal

Sjå fleire foto i fotogalleriet

mafDet er allereie ei stund sidan Misjonsprosjektet på Framnes passerte 1 million kroner i innsamlinga til MAF (Mission Aviation Fellowship). Les og høyr kva NOREA Mediemisjon har laga om saka på heimesida si HER
treningsleksjon_250I dag hadde idrettsklassane på Framnes  besøk av Joar Hansen frå Høgskolen i Lillehammer. Han er testleiar på det fysiologiske testlaboratoriet til Olympiatoppen på høgskulen, og arbeider tett med utøvarar og trenarar på internasjonalt toppnivå. Han arbeider mellom anna for skikyttarlandslaget, langrennslandslaget og sykkellandslaget i Noreg. Hansen har travle dagar med mange oppgåver innan undervising, rådgjeving og forsking.
– Det er eit svært interessant og utfordrande arbeid. Ein må vera på ”tå hev” og vera på ”hugget”. Eg arbeider med utøvarar og trenarar som er ekstremt motiverte og som forventar topp innsats og oppdatert kompetanse, forklarar laboratoriesjefen.
Han legg mellom anna vekt på å utfordra topptrenarane i treningsfilosofien dei arbeider etter. Aller helst vil han ha på plass endringar som kan betra prestasjonane.
Noko av dette tankegodset fekk elevane del i under nokre lærerike timar i føremiddag.
Hansen, som kjem frå Hålandsdalen, gjekk ut som russ på Framnes i 2000. Han var elev på skulen samstundes som Øystein Mongstad – som no er idrettslærar på Framnes.
Hansen har seks års utdanning frå Noregs idrettshøgskole, og har også vore aktiv idrettsutøvar – mellom anna i sykkelsporten.

Tekst og foto: Lars A. Oma

treningsleksjon_249
basar2013__199Den tradisjonsrike Framnes-basaren held fram med å skaffa gode inntekter. Det kom inn totalt 62.400 kroner laurdag 26. januar. Det var hovudtrekning, åretrekning og eiga trekning for born. I tillegg vart det ei triveleg stund med andakt, song og musikkinnslag.
Framnesforeningen var arrangør.

Lista over vinnarane i hovudtrekninga og fleire foto finn du HER
barmarkstrening_telemark_212Frå tysdag til torsdag hadde Framnes besøk av ein spennande trio frå Skiforbundet:
Seks gonger verdsmeister i telemark, Sigrid Rykhus, landslagssjef for telemarkslandslaget, Jo Mork og ”mr. Telemark”, Morten Nordli.
Dei tre gjestene har kursa både idrettselevar og idrettslærarar under opphaldet. Det er også blitt tur til Eikedalen på Kvamskogen og hektisk barmarkstrening i gymsalen på Framnes. Torsdag vart gjestene med til Voss, der Framnes hadde ansvaret for eit telemarkkurs for idrettselevar frå heile Hordaland.

Sjå fleire foto frå barmarktreninga HER

Sjå film på YouTube HER


Ivrige telemark-elevar
– Etter det Framnes, med Odd Inge Austevoll i spissen, har gjort for telemarksporten i Noreg, er det utruleg viktig for oss å stille opp nokre dagar på skulen. Odd Inge legg ned mykje arbeid i dette og han er alltid å nå på telefonen når me treng svar på eitt eller anna. Då han spurde om me kunne tenkja oss å ta turen over hit, var det ikkje vanskeleg å svara ja. Det er viktig for oss å gje noko tilbake, seier Mork.
– Korleis har de opplevd dagane på Framnes?
– Det er flott å oppleva så mange ivrige elevar på telemark, og som er så flinke til å stilla opp. Det er ein strukturert og fin gjeng. Det er også spesielt å få oppleva den nære kontakten som er mellom lærarar og elevar, seier han.

"Kvifor er eg ikkje nummer sju?"
Forutan seks VM-titlar har Rykhus også sikra seg 39 worldcupsigrar i dei ti sesongane ho har delteke i internasjonale meisterskap. Ho har også vore innom skicross-landslaget.
– Eg har vakse opp i Vinstra i eit miljø som har vore engasjert i telemarksporten. Det fine med denne skiidretten er at han er så allsidig. Telemark stiller krav til styrke, koordinasjon og spenst. Dei mange elementa gjer at det blir ekstra interessant og utfordrande, seier Rykhus.
Bror hennar, Eirik Rykhus, har tolv VM-titlar i telemarkkøyring.
På onsdagen hadde ho foredrag for elevane, med overskrifta ”Kvifor er eg ikkje nummer sju?” Det handla om kva som skal til for å bli best i det ein held på med.


_Volleyball_i_Tnsberg184Volleyball-gjengen som deltok i NM i volleyball for vidaregåande skular i Tønsberg i helgen, kom tilbake med en solid 6. plass i bagasjen. Laget beit godt frå seg og sette seg i respekt. Ifølgje trenar Martin Dalane kunne laget ha sikra seg finaleplass dersom ein hadde klart å halda det nivået spelarane presterte på det beste i kampane.

Sjå fleire foto i fotogalleriet HER:

Under kan du lesa korleis spelarane opplevde turen og turneringa:


Les mer …

ernring_og_svn_175Fredag sist veke hadde Framnes besøk av folkehelsekoordinator Reidun Braut Kjosås frå Kvam herad. Ho hadde føredrag for alle elevane på skulen om kva som skal til for sikre overskudd og god helse. Braut Kjosås tok mellom anna fram betydninga av næringsrik mat, mosjon, nok søvn og gode rutinar. Ho understrekar kor viktig det er å ta vare på helsa allereie i ung alder, både med tanke på læring og utdanning, og det å førebyggja sjukdom i eit langsiktig perspektiv.
opningshelga_2012_18Hei!
9. februar er det ny foreldredag. De er hjarteleg velkomne!
Info og program for dagen finn du HER.