15175550_10153992610830143_321611473_n

Torbjørn 60 år
I går vart ein av medarbeidarane våre, Torbjørn Vågen, 60 år. Vedlikehaldsleiar Kjell Magne Solsvik heldt tale til jubilanten, som har vore tilsett som vaktmeister på skulen i 14 år.
– Han er, slik eg kjenner det, den mest rotfeste og trufaste Vikøy-buaren eg veit om, sa Solsvik til heidersgjesten under lunsjen i går.
Torbjørn har budd i Vikøy i alle år, bortsett frå militærtenesta.
Han har fagbrev som bilmekanikar, og har arbeidd ved fleire bilverkstader i Kvam, mellom anna Mo Auto AS i Steinsdalen og Kvam bilhus. Etter militærtenesta byrja han i Vågen Transport og byggefirma. Det førte mellom anna til at han gjekk laus på ny læretid og tok fagbrev i tømrarfaget.
Etter kvart tok han over firmaet til faren, Vågen bygg. Det som no er ”hovudgesjeften” utanom Framnes er Vågen rom- og hytteutleige, med over 30 sengeplassar.
Torbjørn er ein mann med mange jarn i elden. Friluftsliv og folkemusikk/folkedans er noko av det han set høgt. Eldstejenta Kjersti deler interesse med faren, noko som har resultert i fleire prisar for hardingfelespelet.
– Nøyaktigheit er noko av det som kjenneteiknar Torbjørn. Det går også att i arbeidet hans. Han set si æra i å gjera nøyaktig og godt arbeid, og kjem ofte med gode innspel som bidreg til ein god prosess fram mot gode val og gode løysingar for Framnes, sa Solsvik.
Dagen på Framnes vart feira med kaker og mykje merksemd.

Tekst (henta frå talen): Lars A. Oma
Foto: Geir Johnny Undal

misjonslpet2016_11

Elevane på Framnes, saman med nokre representantar for foreldra og dei tilsette, sprang inn om lag 720.000 kroner under misjonsløpet på foreldrelaurdagen.

Pengane frå misjonsprosjektet går denne gongen til organisasjonen NSP Aid, som skal byggja ein barnelandsby for foreldrelause born i Voi i Kenya. Bygget som pengane går til, ”Framnestunet”, vert ein del av Malaika Childcare Villages. Det nystarta arbeidet skal gje foreldrelause born tryggleik og ei ny framtid.
NSP Aid har fått tilgang på ei tomt på 600 mål og arbeider no med å få på plass formalitetane. Målet er å byggja mange husklynger, med ni bustadhus i kvar klynge. Kvart hus skal ha ei ”mor” og åtte born. I tillegg tek organisasjonen sikte på å byggja skule og barnehage.

Foreldredagane på Framnes samlar mykje folk, og slik var det også denne gongen: Misjonsløp, festsamling, foreldresamtalar, klassesamlingar, matfellesskap og kafé skapte stemning og engasjement.

Tekst og foto: Lars A. Oma

Sjå fleire foto på Facebook!

 

 

tapas_vg1_spansk_2016_1

Den siste tida har spanskklassane i vg1 jobba med temaet spansk mat, og fredag før haustferien vart det til meir enn berre teori. Då var nemleg bordet dekka til tapas, og elevane fekk smaka på ulike smårettar, som tortilla de patatas (potetomelett), jamón serrano (serranoskinke), chorizo (sterk pølse), ensaladilla rusa (russisk salat, tross namnet er det faktisk ein typisk spansk rett!), patatas bravas (steikte poteter med sterk saus), aceitunas (oliven) mm. Dei fekk også bl.a. prøve seg på nokre spanske songleikar, og det vart ei kjekk avslutning før ferien!

Tekst og foto: Ranveig Bjelland

tapas_vg1_spansk_2016_2

tapas_vg1_spansk_2016_3

tapas_vg1_spansk_2016_4

tapas_vg1_spansk_2016_5

tapas_vg1_spansk_2016_6

tapas_vg1_spansk_2016_7

hareide01

I går, 17. oktober, hadde Framnes besøk av partileiar for Krf, Knut Arild Hareide.
Under besøket hadde han gjesteforelesing for alle elevane og lærarane på skulen; om kristent samfunnsengasjement. Etter føredraget fekk elevane stilla spørsmål. Mange nytta høvet til å utfordra partileiaren med gode problemstillingar. Hareide gav uttrykk for at han var imponert over engasjementet hjå elevane.
Seinare på dagen deltok han på middag saman med KrF-politikarar i Kvam og nabokommunane.
Hareide er også stortingsrepresentant for Hordaland KrF, og tidlegare miljøvernminister i Bondevik II-regjeringa.

Foto: Sondre Olsen, Krf

hareide02

hareide03

hareide04

hareide05

hareide06

vip_1

Framnes KVGS skal ta i bruk Skoleprogrammet VIP (Veiledning og Informasjon om Psykisk helse i skolen).
I dag var leiar og psykiatrisk sjukepleiar Espen Hansen og vegleiar/konsulent Maya Kaur frå Vestre Viken i Helse Sør-Øst på besøk for å ha opplæringskonferanse om Skoleprogrammet VIP, og korleis programmet kan inkluderast i det generelle skulearbeidet.

VIP er eit tiltak som i første omgang rettar seg mot Vg1-elevar i vidaregåande skule. Hovudmålet med programmet er å gjera elevar betre rusta til å ta vare på eiga psykisk helse og verta merksame på kor ein kan søkja hjelp. Dette vert gjort gjennom opplæring av skulens tilsette, og gjennom samarbeid mellom skule og lokal psykisk helseteneste.

Dei to gjestene brukte først ein skuletime saman med heile personalet, og deretter to klokketimar med dei av personalet som skal gjennomføra programmet på Framnes.
Personell frå psykisk helseteneste i kommunen vert også ein del av programmet på skulen.

Tenesta vert omtala som eit helsefremjande og førebyggjande tiltak. VIP-programmet vert finansiert av Helsedirektoratet som ein del av satsinga Psykisk helse i skolen, saman med andre program som dekker heile skuleløpet.
VIP er ein del av Lærings- og mestringssenteret (LMS) i Vestre Viken.

Tekst og foto: Lars A. Oma

vip_2

Skjermbilde_2016-10-04_kl._08.33.59
Om ikkje alt for lenge er det klart for Open helg, spesielt tilrettelagt for 10.klassingar og VGS-elevar. Ta turen til Framnes og opplev det yrande liv på nært hald! Kanskje Framnes KVGS er den rette skulen for deg? Då bør du ta turen for å sjå nærare på forholda. Du er hjarteleg velkommen!

Last ned programmet her:
Vedlegg:
Last ned denne filen (openhelgFramnes.pdf)openhelgFramnes.pdf[Open helg 25. - 27. november]2157 Kb

kristine_huse_3

Ein av våre kjære miljøarbeidarar, Kristine Husa, fyller 20 år i dag! Gratulerer!
Under lunsjen i dag var dette markert med kake, is og gode ord. Lærar John-Sindre Sætrenes, som fylte 40 år i går (kjem foto!), samarbeider tett med miljøarbeidarane. Han hadde mange fine poeng og interessant tilbakeblikk på historiske hendingar året Kristine vart fødd.
Lukke til vidare! Helsing oss andre på Framnes.

Tekst og foto: Lars A. Oma

kristine_huse_1

jens_ivar_melas_2

 

Den nye idrettslæraren

Jens Ivar Melås (23) frå Åfjord i Sør-Trøndelag er tilbake på Framnes, no som faglærar i idrett.


Den unge læraren var russ på Framnes i 2012, og etter eitt år på folkehøgskule og ein fullført bachelor-grad frå NLA i kristendom og idrett, takka han ja til full stilling på Framnes.

– Eg trudde det skulle bli ”rart” å koma tilbake skulen som lærar, men det vart ikkje så ”rart” som eg trudde. Eg stortrivst i rolla, og det er meiningsfullt å byggja fellesskap med lærarane og personalet på skulen.  Det vert mykje arbeid no i starten, men eg held hovudet over vatnet, forsikrar han.

Slik er det vanlegvis for alle nye lærarar. Det er mange fag og nye rutinar å setja seg inn i.


Faglærar

Jens Ivar underviser i treningsleiing, treningslære, kroppsøving og har i tillegg litt spesialundervisning. I vinter skal han også ha breiddeidrett ski/telemarkkøyring. På sikt har han planar om å ta praktisk pedagogisk utdanning.

Jens Ivar er gift med Synniva Nese Melås. Ho er sjukepleiar og jobbar i helse- og omsorgstenesta i Kvam herad. Paret leiger hus i nærleiken av skulen.

– Kvifor valde du Framnes etter tiandeklasse?

– Eg ville ikkje gro fast heime. Foreldra mine anbefalte Framnes KVGS, og eg har to søstrer som har gått på kristne vidaregåande skular – og som også anbefalte dette. I tillegg ville eg til ein skule med idrett  og eit godt kristent fellesskap, forklarar Melås.


Møtte ektefellen på skulen

Han visste ikkje så mykje om Framnes på førehand, men han kom fort inn i miljøet.

– Eg hugsar eg likte godt treningsleiing på idrettslina. Det lærte eg mykje av, og det er kjekt å koma tilbake og dela kunnskap med elevane som går her no.

– Kva har Framnes betydd for deg?

– Her får ein gode og varige vennskap, og ein finn seg sjølv! Eg fekk eit tettare band til både meg sjølv og Gud. Og eg møtte kona mi her! fortel ein nøgd idrettslærar.

Jens Ivar har mykje positivt å seia om skulen.

– Det er eit godt fellesskap mellom elevane og eit godt fellesskap mellom lærarar og elevar.


Blir vestlendingar

Dei to søstrene hans bur i Bergen, og snart flyttar også foreldra til vestlandshovudstaden.

– Saknar du Trøndelag?

– Ja, men eg kjem ikkje til å slå meg ned på heimstaden. Men det er godt å besøkja staden eg vaks opp på. Det er rart å tenkja på at heile familien no hamnar i Hordaland, vedgår han.

Den nye idrettslæraren har mange interesser, og har eit hjarte for friluftsliv og sportsaktivitetar.

– Eg likar i grunnen alle typar idrett. Det er kjekt å prøva nye aktivitetar og utfordra kroppen. Til dømes er golf mykje artigare enn det ser ut til!

Jens Ivar spelar fast på A-laget til Norheimsund FK. Det inneber tre fotballtreningar i veka, pluss kampar. Litt badminton blir det også tid til.

– Kva med framtida?

– Det er vanskeleg å seia, men me kan godt enda opp her!

 

Tekst: Lars A. Oma

Aktivitetsfoto: Privat

jens_ivar_melas_1

jens_ivar_melas_3

jens_ivar_melas_4

jens_ivar_melas_5











_DSC8270
I dag tidleg sette leiarane for misjonsprosjektet, Markus Andersland og Synne Vigane, og lærar Kjell Strømme, kursen mot Kenya. Trioen skal sjå nærare på arbeidet til organisasjonen North-South Partnership Aid, som får pengane frå misjonsprosjektet 2016-2017. Midlane går til oppbygginga av Malaika Childcare Villages, ein barnelandsby for foreldrelause born.

Foto: Lisbeth F. Oma
Foto: Lisbeth Fredheim Oma
fitjadalen_botnen_8
Helgen 9 – 11 september var elevene i faget Friluftsliv 1 på tur. Klassen var delt inn i to. Den ene delen av klassen padlet fra Framnes til Botnen innerst i Fyksesundet, der de sov første natten. For så å gå opp Botnadalen, forbi Breisete, til Solheimsdalsvatnet hvor de sov andre natten. Sisten dag gikk de ned til Fitjadalen. Den andre delen av klassen gikk motsatt vei. Turen inneholdt 18 km padling, 18 km til fots og 800 høydemeter gange med tunge sekker. Herlig humør og flott gjeng å være på tur med!

SJÅ FLEIRE FOTO PÅ FACEBOOK!

Tekst: Håkon Bakke Jensen (lærar)
Foto: Halvard Kleven (elev)