FridaBergeFrida Berge (18), som er elev på Framnes KVGS, gjorde eit imponerande 1500m-løp på elitestemnet Hyundai Grand-Prix i Florø 3. juni. Med tida 4.24.56 kvalifiserte ho seg til junior-VM i Barcelona, som vert arrangert i midten av juli. VM-kravet er 4,28.
Foto: Johannes Børsheim

Les mer …

IMG_963430. mai dro 1a, ib og 2c på geografiekskursjon til Eidfjord. Tema vi skulle innom i løpet av dagen var først og fremst  vannkraft, kulturlandskap og geomofologi (læren om landformene og hvilke prosesser som har skap lanformene), men også befolkningsutvikling og næringsliv langs fjorden. Første stopp var Sima kraftverk, et av de største vannkraftverkene i Europa. Vi fikk omvisning  i stasjonshallen, 700 meter inne i fjellet, og så en  film om utbyggingsperioden og kraftverket. Alle måtte på med hjelm og vest før turen inn i fjellet. Les heile reportasjen under!
Det dukkar opp fleire foto i galleriet litt seinare!

Les mer …

frisbee08Då er den fyrste "offisielle" frisbeegolfturnering på Framnes gjennomførd!
Turneringa gjekk av stabelen onsdag ettermiddag, med 28 deltakarar. Gjermund Fure, Lillian Eide, Marius Svortevik, Truls Bru og Andreas Rødland gjekk vidare til finalerunden. (Marius Haugland Mikkelsen vart òg kvalifisert, men måtte på fotballtrening). Gjermund var solid heile vegen og trekte det lengste strået også i finalen, medan Truls kom like bak og Marius på 3. plass berre eitt kast etter det igjen. GRATULERER! Takk til Roar som kom frå Bergen og stilte med ein del av premiane, og takk til alle som deltok! (sjå resultatlista frå innleiande runde, under)

Les mer …

maria_raniwalla02Frå oktober i fjor til over påske i år, var Maria Raniwalla frå Øystese utplassert i Kampala i Uganda. Den tidlegare Framnes-eleven, som var russ i 2011, er student på Studium i tverrkulturell forståelse & internasjonalt arbeid på Hald Internasjonale Senter. Maria deltek på Focus, Laget sitt utvekslingsprogram, eit opplegg for dei som vil bli ”utfordra, inspirert og forandra”, som det heiter på nettsida til skulen. Maria kan skriva under på at dette er røyndom. – Det er vanskeleg å forklara med få ord dei opplevingane eg har hatt. Tida i Uganda har gjort noko med meg. Eg hadde godt av desse opplevingane, og ser meg sjølv i eit anna perspektiv etterpå, seier ho.
Maria var saman med ti andre studentar frå Hald i Kampala.
(les heile reportasjen under)

Sjå fleire foto HER!

Les mer …

Kajakk_Oliver06Oliver Zimmer (19), som går andre året på Framnes KVGS, vart tysk meister to gonger i sprintkajakk i sin årsklasse i 2007. Etter vel tre års pause satsar han for fullt på kajakksporten igjen. Om to veker skal han delta på Noregscupen i Årungen.
– Dette blir det første stemnet eg deltek på sidan konkurransen i Berlin i 2007, rett før familien flytta frå Tyskland til Hardanger, fortel Zimmer.
Han har padla sidan 9-årsalderen, og skulle etter planen utvikla seg vidare på det tyske landslaget. Flyttinga til Noreg endra dette. (les resten av reportasjen under)

Sjå fleire foto HER!

Les mer …

sommerfoto_media17Elevane i media og informasjonskunnskap har vore på fotorunde på Framnes for å dokumentere eksamenstida, og at sommaren er komen for fullt. De kan sjå resultatet HER.
frisbee06Onsdag klokka halv fem blir det arrangert turnering på den nye frisbeegolfbanen på Framnes, for første gong i historia. Grip sjansen og bli med!

– Me får besøk av ”Mr Bergen Frisbee”, Roar Gjøseter, han som starta frisbeeklubben i Bergen for nokre år sidan, fortel lærar Frede Hatlen.
Gjøseter dukkar opp med eit bagasjerom fullt av diskar, så det blir høve til å kjøpa for ein grei sum.
Me vil ha påmelding for å få litt kontroll over kor mange som kjem. Det heng liste utanfor toalettet ved resepsjonen!
Velkommen!

Helsing Frede og Martin

frisbee03Framnes KVGS har fått si eiga frisbeegolfbane, eller diskgolfbane som det også vert kalla. Bana er samansett av fem korger og til saman 15 hol (ruter). Dette utgjer til saman 894 meter med ei gjennomsnittslengde pr hol på 59 meter. Par på bana er 47. (les meir under)

Sjå fleire foto HER!

Vedlegg:
Last ned denne filen (FramnesDiskgolfbane-Hefte.pdf)Info om diskgolfbanen[Oversikt over banen og reglar.]1736 Kb

Les mer …

Foredragsbilete Framnes har dei siste åra hatt eit tett samarbeid med gründeren Geir Jonassen frå Lysekloster. Han har vore på besøk på skulen og har halde føredrag om prosessen rundt det å starte eiga verksemd. 10. mai var det nytt møte med gründeren, der elevar frå 1A, 1B og 2C fekk innblikk i entreprenørskap, frå idéutvikling til forretningsplan, marknadsføring og økonomi. (les meir under!)
Foto: Elisabeth Myrlid Eide

Sjå fleire foto HER!

Les mer …

bogeskytingLes kva Ingrid Flotve og Kristiana Zuarina skriv om den siste friluftsturen til årets 3.-klassingar, og sjå bileta til Kristina Ingvaldsen og Sunniva Lie Nese!

"The last friluftstur"

Helga 4.–6. mai var det klart for den siste friluftslivturen til 3.klasse. Fredag reiste me til Langøy på Sotra og sette opp lavvo på ein nydeleg plass ved sjøen. Bogeskyting var den første aktiviteten me fekk prøva oss på. Etter ein god middag hadde me teambuilding med forskjellige aktivitetar. Me vart delt inn i grupper og laga naturbilde, leita etter nugatti- og leverposteiboksar og kasta støvel på ein innvikla måte. Kvelden vart avslutta med framføringar om flod og fjære og skjeltypar, og til slutt eit ord for dagen. (les meir under!)

Sjå fleire foto HER!

 

Les mer …