pepperkake6Siste helgen før jul arrangerte miljøavdelingen pepperkakebaking. På lørdag ettermiddag kunne elevene komme og delta i baking og pynting av egne pepperkaker. På kvelden bygde gjengen Framnes-internatene som pepperkakehus. Mange elever var innom. De som stod i spissen for “internatene” var Ida Hanne Hagen og Marta Galtung. De mest ivrige i pyntingen var Sunniva Handeland og Ågot Bjotveit. (Se flere bilder under!)

Vi i miljøavdelingen ønsker alle en God Jul!

Tekst og foto: Kristina Ingvaldsen

 

Les mer …

Sierra_Leone_9 Natt til måndag 14. november sat me (les: skuleprest Arne Opsahl-Engen, leiar Håvard Drange, og nestleiar Kristin Eskeland) oss på flyet til Freetown, for å vitje Sierra Leone og M/S Africa Mercy. Dei tre første nettene budde me om bord på skipet til Mercy Ships. Her fekk me visning av heile skipet, vere med inn på ein leppe- og ganespalteoperasjon, og i tillegg snakke med nokre av pasientane. Særleg det siste gjorde sterkt inntrykk. Det var artig å sjå korleis små born som nyleg var blitt operert kunne krangle med kvarandre, le, eller leike i saman. (les meir under!)

Tekst: Håvard Drange

Foto: Kristin Eskeland

Les mer …

Talentiade_og_apen_dag_054

Laurdag 3. desember arrangerte russen Talentiade 2011 til inntekt for misjonsprosjektet. Elevane frå første til tredje klasse stod for heile 17 innslag, der dei fikk visa fram ei lang rekkje talent som sang, musikk, dans, drama, film og biketrial. Leiar for arrangementskomiteen, Gjermund Fure Johansen, er svært nøgd med kvelden, og kjempeglad over å ha selt om lag 350 billettar.

Konkurransen var delt inn i tre ulike kategoriar; publikumspris, mest originale innslag og juryens pris. Vinnaren av publikumsprisen gjekk til Benjamin Røen med sangen ”Stay with me” av Bernhoft. Det mest originale innslaget gjekk til Jens Ivar Melås og Erlend Løvfall, for filmen om to russiske gutar som hadde lova foreldra å vinna Framnes-talentiaden ved å gjennomføra eit dansenummer i tights og rulleskøyter. Prisen ”Juryens beste innslag” gjekk til biketrialtalentet Svein Olav Halvorsen, som imponerte med sine avanserte ferdigheiter på sykkel. (sjå fleire foto under!)

Tekst: Lisbeth F. Oma

Foto: Håkon Bjelland

 

Les mer …

Open_helg_2117 tiandeklassingar frå Hordaland, Rogaland, Møre og Romsdal, Trøndelag og Buskerud deltok på Open helg første helga i desember. Målet var å gjera dei unge gjestene betre kjende med skulen. Oppslutnaden er ei dobling frå i fjor. Interessa for Framnes er med andre ord stor! Gjennom ulike aktivitetar fekk tiandeklassingane innblikk i fagtilboda, internatlivet og det sosiale livet på skulen. Laurdag føremiddag arrangerte lærarar og elevar 13 fagstasjonar som viste ein del av dei faga skulen tilbyr. (les meir under!)

Tekst: Lisbeth F. Oma

Foto: Lars Arvid Oma

 

Les mer …

Sykkel_klarSykkel_klarFramnes kristne vidaregåande skule vil skuleåret 2012/13 tilby toppidrett sykling for elevar som går på studiespesialiserande fag og idrettsfag. Framnes KVGS har knytta til seg trenar med høg utdanning og lang erfaring innan sykling, og ein legg opp til eit tett samarbeid mellom skulen sine lærarar og trenarar i «moderklubben», der det er ynskjeleg. Skulen har og eit samarbeid med Hardanger Sykkelklubb. Dei har ca 100 medlemmer og har eigne treningar for ungdom på kveldstid og i helgene. Treningsmengden må tilpassast den enkelte utøvar ut fra føresetnad. (Les meir under)

Les mer …

fagervik-1Torsdag 10.november fekk Framnes besøk av artisten Hans Inge Fagervik. Han tok tak utfordringane ungdom møter i dagens samfunn når det gjeld rus og sex.

Foto: Håkon Bjelland

Les mer …

I morgon tidleg (måndag 14.11) reiser skuleprest Arne Opsahl-Engen og leiarane for misjonsprosjektet, Håvard Drange og Kristin Eskeland, til Sierra Leone på prosjekttur. For at me her heime kan følgja med på turen, og prosjektet elevane på Framnes er med på å støtta, er det oppretta ein blogg. Du finn han her .

framneshalvoyaHelga 2.– 4. desember har du som er 10.klassing høve til å koma til Framnes for å verta kjend med skulen. I løpet av helga vil du få innblikk i kva studieretningar og fag me kan tilby. Elevane har ulike faglige stasjonar klare på laurdag, der du ved hjelp av “fadrar” vil verta losa gjennom mange aktivitetar.

Påmeldingsfrist: 25. november.

Vedlegg:
Last ned denne filen (brosjyre til open helg 2.pdf)brosjyre til open helg 2.pdf[ ]2037 Kb

Les mer …

Misjonslpet_3Elevar, foreldre og tilsette på Framnes er storleg imponerte over innsatsen på dagens misjonsløp. Berre på løpet i dag kom det inn over 660.000 til misjonsprosjektet som støttar hjelpeorganisasjonen Mercy ships! I tillegg har det kome inn fleire titals tusen kroner på foreldrehelga, i form av blant anna kollekt, kiosk, kafé, kaffisal, fast givarteneste og basar. – Me hadde eit mål om å samla inn 600.000 i løpet av året, og ein draum på 1.000.000. På førehand hadde me ca. 50.000 på kontoen. Me er med andre ord på god veg, seier ein strålande nøgd leiar for misjonsprosjektet, Håvard Drange.

 

Sjå fleire foto under (les meir).

Foto: Lars A. Oma


Les mer …

misjonslop

Laurdag 5. november, litt før ti om morgonen, skal elevane på Framnes springa “Mercyløpet”. Dei har ein og ein halv time på seg til å springa så mange rundar dei klarar til inntekt for årets misjonsprosjekt. På førehand har dei skaffa seg sponsorar, som støttar dei som spring. Me vonar det vert eit kjempeløp, og at du tek deg tid til å koma for å heia fram og gira opp elevane! Løpet er lagt til same dag som foreldrehelga, og vil vara fram til kvart over elleve.