NM_volleyball3Herrelaget til Framnes  måtte bita i graset då dei møtte eit av favorittlaga, Sunnfjord folkehøgskule, i den innleiande runden i NM i volleyball for vidaregåande skular i dag.
Gjestane vann 0-2, med settresultata 7-25 og 13-25. Sjølv om sunnfjordingane vart fleire hakk for "store", var det glimtvis bra spel på Framnes-laget i det andre settet. Likevel var ikkje det nok til å vippa dei godt trena spelarane frå Førde av pinnen. Fleire av spelarane til Framnes var forhindra i å spela, sidan dei deltek i eit worldcuprenn i telemark på Austlandet denne helga. (fleire foto under)

Les mer …

ny_ovnDet effektive storkjøkenet på Framnes har fått ny avansert omn, ein såkalla ”kombidampar” av typen Rational. Det nye digitale ”vidunderet” vart montert 18. januar og sett i drift med det same. I går hadde kjøkenpersonalet besøk av Rune Torsvik frå leverandøren, som demonstrerte alle mogelegheitene med omnen. Ifølgje kjøkenleiar Berit Jørgensen er det ikkje grenser for kva den avanserte kombidamparen kan brukast til. – Me kokar, steikjer og varmar så og seia all mat i denne omnen. Kombidamparen er utruleg effektiv og enkel å arbeida med, seier ho. (les meir under)

Demonstrasjon: Rune Torsvik frå leverandøren demonstrerer mogelegheitene med den nye Rational-omnen.

 

Les mer …

davidsmithFredag 23. mars arrangerer Danielsen skoler og Framnes kristne vidaregåande skule kurs for lærarar, på Framnes.Temaet er Kristne verdiar i klasserommet i 2012. Førelesar er David I. Smith, som er professor ved Calvin College (USA), og direktør for Kuyer’s Institute for Christian Teaching and Learning. (les meir under)

Les mer …

UtfyllingpaaevjaMaskiner og mannskap frå Kjosås Maskin AS, og andre, starta måndag det førebuande arbeidet i samband med den planlagde utfyllinga av Vikøy-evja. Området skal omformast til friområde med idretts- og parkanlegg for alle i Vikøy. Ifølgje rektor Harald Voster er området ikkje regulert til skuleformål. (les meir under)

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

Les mer …

todo1

Ni elevar frå sosialkunnskapsklassen på Framnes KVGS har den siste tida fått opplæring som formidlarar i rusførebyggingsprogrammet To Do or Not to Do. Opplegget er eit samarbeid med Utekontakten i Kvam og Øystese gymnas. (les meir under)

Tekst: Sverre Lindøy

På gruppebiletet ser me heile To Do-gjengen samla på rådhuset under opplæringa. No er dei klare for å formidle kunnskapen sin vidare! Foto: Sverre Lindøy

Les mer …

Framnesopning2Velkommen til Framnes på foreldredag laurdag 11. februar! Me vonar at de tek dykk tid å vera saman med oss denne dagen. Les meir om opplegget og aktivitetane  under.

Les mer …

Sigurd Singelstad (19) fekk spela dei siste sju minuttane på A-laget til Sogndal I kampen mot Førde i går. Den unge spelaren er nøgd og overraska.

– Det var svært uventa, litt rart og veldig kjekt, seier han.

Les mer …

Framnesrussen-2012Årets russekull på Framnes sette i dag tidleg kursen mot Lyngdal. 68 elevar skal i løpet av turnéhelga møta "russekollegaer" frå Kristen videregående skole, Lyngdal. Forutan ei rekkje akitivitetar og samlingar skal russen frå dei to skulane arbeida saman for årets misjonsprosjekt, til støtte for det humanitære arbeidet Mercy Ships utfører for å hjelpa fattige med livsnødvendige sjukehusoperasjonar.
– Det blir ei variert helg der me skal gjera alt me kan for å "sveisa saman" elevane frå dei to skulane, sa skuleprest Arne Opsahl-Engen rett før avreise.
Tekst og foto: Lars A. Oma

Les mer …

sigurd_singelstad_1Sigurd Singelstad (19), som har vore idrettslærer på Framnes KVGS det siste halvåret, reiser til Sogndal for å studera og spela fotball. Singelstad skal delta på 2. laget til tippeligaklubben.

– Eg kjem til å klina ti. Dette er ein mogelegheit eg kjem til å utnytta. Å gjera ein skikkeleg innsats vert min måte å takka for denne unike sjansen, seier fotballspelaren.

Han har spela på A–laget til Norheimsund dei siste tre åra. (Les meir under)

Tekst og foto: Lars A. Oma

 

Les mer …

P1000996Elevar frå klasse 1C deltok som dommarar under Norgescupen i telemark på Geilo 7. til 8. januar. Tilbakemeldingane frå arrangøren er svært gode. Elevar og lærarar sette seg i respekt når det gjeld kunnskapar og innsats som dommarar. Svein Olav Halvorsen, Espen Svåsand og Joar Skutlaberg frå 3c deltok i rennet.

Her kan du sjå film frå skirennet på Geilo: http://www.youtube.com/watch?v=L_NcVNa7_HI

Her er elevane si eiga skildring av turen, skrive av Gunhild Misje og Marta Galtung:




1C på tur til Geilo

Tidlig fredag morgon 6.januar (Sara Roaldsnes sin bursdag) var den spreke 1c-gjengen klare for vintertur. Med stappfulle sekkar og trøytte fjes, subba ”gogjengen” seg ned til minibussane som skulle frakte oss til Geilo.
NB! Les vidare under.

Les mer …