Avslutningsfesten_27
På avslutningsfesten laurdag overleverte russen imponerande 1.336.250 kroner til misjonsprosjektet, Mercy Ships! Gratulerer med strålande innsats! (truleg ny rekord!) Dette er pengar som vil endra livet til det betre for mange fattige menneske.

Foto: Lars A. Oma
Avslutningsfesten_5
På laurdag var det avslutningsfest for 3.klassane på Framnes, med foreldra som gjester. Godt måltid i matsalen, fotografering i "fotobakken" og fest i gymsalen etterpå, med mange fine innslag, festtale,song, humor og høgtidelege helsingar. Ei verdig avslutning for fantastisk flotte elevar. Lukke til vidare!
Etterpå var det kaker ute i den fine kvelden.

Sjå fleire foto på Facebook!
Skjermbilde_2016-06-14_kl._13.40.42
Mathias Haughom (HaughomFoto) har laga den nye presentasjonsfilmen for Framnes. Dette er den korte versjon av ein meir omfattande film som han skal vera med å laga neste skuleår. Mathias er elev på skulen, og er ein meister med drone-filming.

Sjå filmen på Facebook HER!  


(Pass på at du ser filmen i HD!)


futsal1
Noreg tok ein imponerande femteplass i EM i futsal i Russland. Ein av idrettslærarane på Framnes, Eivind Daniel Røed, gjorde ein solid innsats på landslaget. I kampen mot Tsjekkia vart han kåra til banens beste! Gratulerer!
I dei innleiande rundane spelte det norske landslaget uavgjort 2-2 mot Frankrike, men tapte såvidt etter straffekonkurranse. Laget spelte jamnt mot Russland (3-4), (som til slutt vann EM), og tapte 1-2 i kvartfinalen mot Tsjekkia etter først å ha leia kampen. Med andre ord, det var svært så små marginar som hindra Noreg i å klatra enda høgare på resultatlista. Det smakte nok ekstra godt då laget slo Israel i plasseringskampen. Dette var solide saker!
Tekst: Lars A. Oma

Sjå linken her: http://futsal.no/…/eivind-daniel-roed-om-mesterskapet-sa-l…/

futsal2

brosjyre
Hei alle Framnes-vener!
Elevstemnet nærmar seg med stormsteg. Dersom du treng meir informasjon om stemnet, kan du klikke det inn på BROSJYREN! Denne kan du lasta ned og studera i fred og ro. Du finn også meir generell info om elevlaget og stemna på nettsida HER.

Skjermbilde_2016-04-26_kl._14.07.31
Når de skal ha kontakt med dei tilsette, bruk telefonen i staden for å senda melding. Eller bruk vanleg epost, direkte til skulen eller til epostadresser du kjenner frå før. Meldingsfunksjonen på nettsida er ute av drift. Me arbeider med saka!

mvh
Lars A. Oma
Webredaktør

001varen_2016
Det er framleis kaldt om nettene, men sola varmar om dagen. Bløminga på Framnes er i full gang. Litt meir varme no, så vil våren truleg eksplodere i alle slags fargar - og Hardanger vil stiga fram i si finaste drakt!
Foto: Lars A. Oma
002varen_2016
20160422_172352
Miljøavdelinga på skulen finn stadig på kjekke ting. I helga var det utandørssjakk med store brikker. Elevane laga sitt eige sjakkbrett med kritt, akkurat som i før i tida. Det ser ut til at det var ei alle tiders sjakkoppleving i finvêret.

Foto: Anita Espevik
20160422_172453
20160422_174553.jpg

001idrettshallen
Arbeidet med den nye idrettshallen er godt i gang. "Pæling", graving og anna naudsynt grunnarbeid skrid framover.
Foto: Lars A. Oma
002idrettshallen
003idrettshallen
004idrettshallen
menneskeverd
Måndag 18. april hadde me besøk frå organisasjonen Menneskeverd ved Anette Sørensen. Menneskeverd er ein organisasjon som har fokus på dei «svake» i samfunnet i Norge. På Framnes samla me alle elevane i tre økter (Vg3, Vg2 og Vg1 kvar for seg) og fekk foredrag om dei to temaene «abort» og «selekteringssamfunnet». Begrepet «fosterreduksjon» har vore eit aktuelt tema i debatten i Norge i seinare tid. Ved hjelp av bilder og filmar greidde Anette å engasjere oss og få oss til å tenke over desse aktuelle problemstillingane.
Takk for besøket!

Tekst og foto
Jostein Moldsvor