008miljoarbeidarar

Dei flotte miljøarbeidarane våre for skuleåret 2017/2018, Lars Rognald Midtgård Matre og Anna Lena Nævdal, har allereie vore i sving eit par månader på Framnes. Det er på høg tid å ta ein prat med dei:

– Korleis er det å vera miljøarbeidar på Framnes?
– Det å vera miljøarbeider er veldig stas. Det er godt å vera i gang. Å starte i ny jobb er alltid spanande, men det er veldig kjekt å få kunne koma tilbake til Framnes og få høve til å jobbe her. Når me kom her ved skulestart møtte me både kjende og ukjende. Felles for dei var at me blei møtt med både smil og varme. Me ser det er mykje som skal gjerast på ei veke, men med god hjelp frå tilsette og ikkje minst det store engasjementet frå elevene er det ei fryd å vera i gang!

– Kva tankar har de om arbeidet denne skulevinteren?
– Det er viktig for oss å koma tidleg i gang med planane våre. I starten er det viktig å vera ”på”, for å få ein best mogeleg start på året. Nokon kjem åleine til ein heilt ny stad, medan andre kjem tilbake etter sommarferien og sklir fort inn i gamle rutinar og møter kjende fjes. Målet vårt er at alle skal kunne føle seg heime på Framnes, og at alle har sin plass.

– Kva har de gjort så langt, og kva er planane framover?
– Så langt har me vore på jobb i om lag to månader. I vekedagane prøver me fast å arrangere eit møte, der ein kan kople litt av ein elles hektisk kvardag - med andakt, lovsong og gjerne litt is på hemsen etterpå. På torsdagar pleier det å vera KRIK – ofte i den nye hallen. Her pleier me, med hjelp frå elevane, å finne på mange kjekke aktiviteter, og ein pause i midten der det blir ein kort andakt.


Elles i helgene har me så langt arrangert til dømes såpefotball ute på plenen, Frisbee – ultimate, utekino, ”Capture the flag” paintball, ”just dance” og diverse anna. Fredagen består som regel av film og vaflar på hemsen.

– Miljøarbeidarane er viktige: Kva trur de sjølve om funksjonen de har? Er det lett å koma i kontakt med elevane?
– Me har begge gått på Framnes, og merka at det var godt å ha nokon, på noko lunde same alder, som var i miljøet. Folk som drog i gong arrangement og aktiviteter, og som var tilgjengeleg om ein ville ha nokon å prate med, eller berre henge saman med. Målet vårt må jo vera å skapa eit best mogeleg miljø, der alle kan føle seg trygge og inkludert. Her på Framnes er det ein herleg bukett av ungdom, og så langt føler me at me har ein god kjemi med elevene.

– Kva er det beste med å vera miljøarbeidar?
– Det beste er nok moglegheitene me har til å bli kjende med så mange flotte menneske – både elevar på skulen, og dei tilsette. Det å kunne vera med  å bidra til å skape eit fellesskap og eit godt miljø, er veldig givande.

– Kva kan me i personalet gjera for å vera til hjelp for dykk?
– Berre det å føle seg velkommen og bli tatt inn i varmen som ein del av dei tilsette har vore til god hjelp. Me føler det er eit godt samarbeid, der me gjensidig kan gjera vårt beste for å spela kvarandre gode.

– Kan de fortelja litt om kva de har gjort etter Framnes, og kva planar de har vidare framover?  

– Begge har hatt eit år i militæret etter at me var ferdige på Framnes. Vegen vidare er ikkje spikra heilt endå, men me håpar dette året vil gje oss nokre tankar om vegen vidare.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

010miljoarbeidarar