| Skulereglementet ved Framnes KVGS |
|
|
|
| Informasjon |
|
REGLEMENT FOR FRAMNES KRISTNE VIDAREGÅANDE SKULE
UTDRAG FRÅ FRAMNES KR. VID.SKULE SINE VEDTEKTER:
§ 1. Framnes Kr. Vidaregåande Skule er ein privat vidaregåande skule som er oppretta av religiøse og etiske grunnar i samsvar med Lov av 1. okt. 2003, (Friskulelova). § 2. Framnes Kr. Vidaregåande Skule byggjer si verksemd på Bibelen, den norske kyrkja sine vedkjenningsskrifter og grunnreglane for dei to lutherske organisasjonane som driv skulen. Indremisjonssamskipnaden eig skulen og driv han saman med Indremisjonsforbundet § 3. Føremålet med skulen er å gje ungdom undervisning og opplæring i samsvar med gjeldande lover og planar for skuleslaget, og å føra elevane fram til godkjend offentleg eksamen. Skulen sitt sikte er å gje elevane personleg overtyding og tryggleik slik at dei kan møta andre menneske med respekt. Skulen ønskjer å vekkja og nøra personleg kristenliv hos elevane, og formidla kallet til teneste i Guds rike. VISJON: Framnes Kr. Vgs. er ein inkluderande skule og heim der alle trivest, blir møtt med tillit og respekt og får venner for livet. Elevane opplever personleg vekst, fagleg utvikling og eit godt åndeleg fellesskap.
ELEVREGLEMENT VED FRAMNES KRISTNE 1. SKULEREGLEMENT Innleiing: Framnes er ein kristen vidaregåande skule, og dette skal prega både skule og fritid. For ein elev som er tatt inn i den vidaregåande skulen, kan dei generelle rettar og plikter samanfattast slik: · Eleven har krav på undervisning, hjelp og rettleiing i samsvar med dei føresegner som gjeld for skuleslaget til ei kvar tid, · Eleven vert medlem av eit samfunn som består av elevane og personalet ved skulen, · Eleven har medansvar for å skapa eit godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsformer. · Eleven pliktar å rette seg etter vedtak i lovar, reglement og instruksar. 1.1 Frammøte: a) Eleven møter presis til morgonsamlingane og undervisninga, og tar del i undervisninga i den forma ho vert gjeven. c) Dersom ein elev er borte frå prøvar og ikkje leverer heimearbeid, kan han måtta møta til individuelle prøver som er nødvendige for å ha karaktergrunnlag. 1.2 Fråvær/permisjon: Organisert eller sjølvstendig studiearbeid som på førehand er avtalt/godkjent av faglærar, klassestyrar eller rektor, skal ikkje bli rekna som fråvær. Eleven bør føra si eiga fråværsbok. På den måten vil elevane få større ansvar for sin eigen arbeidssituasjon og eiga læring. e) Stort fråvær kan føra til at ein manglar grunnlag for å gi vurdering med karakter. 1.3 Undervisningsutstyr: bruka t.d. gym-tøy, verneutstyr i fag der dette er eit krav. 1.4 Ordenselev: skiftar ordenselev kvar veke. Ordenseleven si oppgåve er å opna vindauge i friminuttane, vaska tavla og elles hjelpa til med å halda klasserommet fint og ryddig. Vikar for ordenselev er den som hadde dette oppdraget veka før. 1.5 Oppslag: til rådvelde for dei. Inngangsdøra skal ikkje brukast til oppslag. Alle oppslag skal godkjennast og stemplast av skulen. 1.6 Vanleg orden og høveleg framferd: andre på s b) For å skapa trivelege arbeidsforhold er det viktig at alle er med på å halda det reint og ryddig på skulen og skuleområdet. 1.7 Rusmiddel, tobakk: a) Det er totalforbod mot alkohol og andre rusmiddel. Det er forbode å ha med seg og bruke rusmiddel, eller å vera påverka av rusmiddel på skulen. på skuleområdet (Jfr. røykjelova). 1.8 Dans/diskotek: 1.9 Kontakt og samarbeid mellom skule og heim: Foreldre er alltid velkomne til å ta kontakt med skulen. I tillegg vert det arrangert foreldrehelg to gonger i året, ei samling om hausten og ei om vinteren/ våren. Det vert då sett av tid til samtale med personalet ved skulen.
2. BROT PÅ SKULEREGLEMENTET:
2.1 Tiltak og sakshandsaming: a) Ein ser det som sjølvsagt at alle elevane gjer sitt beste for å skapa eit positivt læringsmiljø i klassa. Dersom dette ikkje skjer, og det oppstår konfliktar, skal læraren først prøva å løysa forholdet i dialog med den eleven det gjeld eller la saka bli sendt til skulemekling. b) Dersom det ikkje lar seg gjera å ordna forholdet på lågaste nivå, blir eleven sendt til rektor/inspektør som kan gi påtale og/eller åtvaring. c) Dersom ein umyndig elev bryt reglementet på same eller liknande måte som han tidlegare har vorte refsa for med påtale, kan skulen senda skriftleg melding om dette til foreldre og føresette. Det same kan skje dersom eleven blir stengd ute frå undervisning resten av dagen. d) Dersom ein elev i lengre tid viser ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro, eller når ein elev i alvorleg grad forsømmer pliktene sine, bryt skulen sine reglar eller gjer noko straffbart, kan rektor stengja eleven ute frå skulen i opp til 5 dagar. e) Oppbevaring og bruk av stoff/narkotika vil bli meldt til politiet, og eleven vert vist bort frå skulen. f) Bortvising kan ankast til Fylkesmannen. g) Fylkeskommunen kan i svært alvorlege tilfelle visa eleven bort frå resten av skuleåret. Då er departementet klageinstans. h) Når det gjeld sakshandsaminga og dei rettane og pliktene som eleven, foreldre/ føresette og skulen har, viser ein til Forvaltningslova kap. IV og VI, Friskulelova § 3.10 og Opplæringslova § 3 - 8. Vedtatt av styret for Framnes 20. nov. 2000 |








