Om linjene PDF Skriv ut E-post
Studietilbod

Framnes Kristne Vidaregåande Skule er ein internatskule med ca. 260 elevar. Om lag 200 bur på internatet. Skulen vert driven av Indremisjonsforbundet og Indremisjonssamskipnaden. Skulen ligg i Norheimsund i Hardanger

Me ynskjer  å drive  ein god fagleg skule med eit godt sosialt og åndeleg miljø.  

Alle skal trivast på Framnes. Ein skuleprest og to miljøarbeidarar legg til rette for at du kan ha noko å fylle fritida med på Framnes.

På kveldstid kan du velje mellom bibelgrupper, lovsongsmøte, ulike idrettsaktivitetar, leik og moro i gymsalen, seminar, konsertar m.m

Framnes har symjebasseng, gymsal, buldrevegg, styrkerom, peisestove, fleire piano, utandørs fotballbane, sandvolleyballbane, brygge med stupebrett, naust som inneheld klassesett med  kanoar og kajakkar.

Idrettslaga i Kvam har tilbod i mellom anna fotball, volleyball og handball. Det er kort veg til skisenter både i langrenn og alpint/telemark.

Ungdomskoret i Noheimsund/Øystese er populært, og mange framneselevar syng eller spelar der.

Studiespesialisering 

Bakgrunn 

Du som vel studiespesialisering, bør i utgangspunktet like å arbeide med teoretiske fag. Fyrste året har du  berre fellesfag. Det andre året  må du velje fordjuping innan eit av programområda  realfag eller samfunnsfag/økonomi/språkfag. 

Studiespesialisering gir det breiaste grunnlaget for vidare studiar ved høgskuler og universitet. Har du spesielle framtidsdraumar, bør du sjekke nøye kva fagkombinasjonar som vert krevd før du gjer dine val av programområde og fag.

Studiespesialisering Vg1

Fellesfag

5t Engelsk
4t Framandspråk, nivå I eller II
5t Matematikk praktisk eller teoretisk 
5t Naturfag
4t Norsk
3t Samfunnsfag
2t Geografi
2t Kroppsøving
2t Kristendom

Studiespesialisering Vg2 og Vg3

Fellesfag Vg2 Fellesfag Vg3
4t Framandspråk, nivå I eller II 4t Framandspråk nivå II *
3t Matematikk praktisk eller programfag 6t Norsk
4t Norsk  4t Historie
2t Historie 2t Kroppsøving
2t Kroppsøving 3t Religion
2t Kristendom

Felles og valfrie programfag (15 timer/veke)

Du skal velje eit av programområda nedanfor

Programområde for Realfag

5t Matematikk (R1)
5t Fysikk
5t Kjemi
5t Biologi

Programområde for Samfunnsfag, økonomi og språk

5t Media – og informasjonskunnskap
5t Historie og Filosofi
5t Politikk, individ og samfunn
5t Engelsk
5t Spansk

* Dersom du ikkje har eit framandspråk frå ungdomsskulen(t.d. tysk, fransk, spansk), må du ha framandspråk nivå II på Vg3. Da kan du ikkje velje valfritt  programfag i 3. klasse.

Du må velje minst 2 fag frå det programområdet du vel. Dei faga må du ha i både andre og tredje klasse. Totalt 20 veketimar. Dei  siste 10 timane kan du velje frå andre programområde. Her kan du òg velje fylgjande fag frå studieretning for idrettsfag.

Studieretning for idrettsfag

5t Toppidrett fotball (ein kan ha det alle tre åra).
5t Friluftsliv (Vg2 og Vg3)

Idrettsfag

Bakgrunn 

Du som vel idrettsfag, bør vere glad i trening og fysisk aktivitet, men du må også like å arbeide med teoretiske fag. Skulane kan spesialisere seg på idrettar, men du kan ikkje få tilbod om alle idrettar. Men generelt kan du velje fordjuping innan programfaga toppidrett (fotball), breddeidrett og friluftsliv.

Idrettsfag Vg1

Fellesfag

5t Engelsk
4t Framandspråk, nivå I eller II
5t Matematikk praktisk 
5t Naturfag
4t Norsk
2t Kristendom

Felles programfag (7 timer/veke)

5t Aktivitetslære
2t Treningslære

Valfrie programfag (5 timer/veke)
Du skal velje eit av faga nedanfor

5t Breddeidrett
5t Toppidrett fotball

Idrettsfag Vg2

Fellesfag

4t Framandspråk, nivå I eller II
2t Geografi
2t Historie
3t Matematikk praktisk 
4t Norsk
3t Samfunnsfag
3t Kristendom

Felles programfag (12 timer/veke)

5t Aktivitetslære
4t Treningsleiing
3t Treningslære

Valfrie programfag (5 timer/veke)
Du skal velje eit av faga nedanfor

5t Breddeidrett
5t Friluftsliv
5t Toppidrett fotball
5t Toppidrett

Idrettsfag Vg3

Fellesfag

4t Historie
6t Norsk
3t Religion og etikk

Felles programfag (17 timer/veke)

5t Aktivitetslære
5t Idrett og samfunn
2t Treningsleiing
5t Treningslære

Valfrie programfag (5 timer/veke)
Du skal velje eit av faga nedanfor

5t Breddeidrett
5t Friluftsliv
5t Toppidrett fotball

Dersom du ikkje har eit framandspråk frå ungdomsskulen(t.d. tysk, fransk, spansk), må du ha framandspråk nivå II på Vg3. Da kan du ikkje velje valfritt  programfag i 3. klasse.

Idrettsfag (Studiekompetanse)

Utdanningsprogrammet har som føremål å gje elevar med interesse for idrett ei allsidig idrettsutdanning, samt å gje talentfulle idrettsutøvarar moglegheit til å kombinere utdanning med toppidrett. Det gjev grunnlag for å ta på seg trenarjobbar innanfor idretts- og friluftsliv, spesielt innanfor barneidrett. Utdanningsprogram for idrettsfag fører fram til generell studiekompetanse, som gjev deg grunnlag for å søkje dei fleste studie ved høgskular og universitet, for eksempel ved idrettshøgskulen.


Eigenskapar
Du bør være glad i og ha anlegg for idrett – her er det trening kvar einaste dag i skuletida. I tillegg bør du kunne meistra krevjande teoretiske fag.

 
RocketTheme Joomla Templates