Kostnadar skuleåret 2017/18

Skuleåret er på 10 mnd.

Pc-ordninga ved Framnes

Dei som vil ha pc gjennom Framnes si pc-ordning, må kvart år betale ein sum som tilsvarar den lågaste satsen på utstyrsstipendet, som ein kan søkje Lånekassen om. Det er knytt vilkår til kjøp og bruk av slik pc. Alle nye søkjarar som tek mot plass, vil få orientering om ordninga. Skulen sender ut eit informasjonsbrev i slutten av mai månad.

Pcen er eleven sin etter tre år. Sluttar eleven før tre år er gått, må han kjøpe den til ein pris som er maksimum tre gonger utstyrsstipendet.


Skulepengar 2017/18

Det er litt ulike satsar fordi det er noko dyrare å drive idrettsfag enn studiespesialisering. Elevar som tek idrettsfag i kombinasjon med studiespesisalisering må derfor betale noko meir.

Alle må i tillegg til skulepengene betale eit husleigetilskot på kr. 400,- pr. mnd., jfr. Forskrift til privatskolelova §10-1.

Studiespesialisering: kr. 1540,- + kr. 400 pr. mnd

Studiespesialisering m. idrettsfag: kr. 1620,- + kr. 400 pr. mnd.

Idrettsfag: kr. 1700,- + kr. 400 pr. mnd.


Kostnadar for å bu på internatet 2017/18:

Store enkeltrom m/bad: kr. 6040,- til 6150,- pr mnd.

Store enkeltrom u/bad: frå kr. 5620,- pr mnd.

Små enkeltrom: frå kr. 5520,- pr mnd.

Dobbeltrom: u/bad og m/bad: kr. 4990,- til 5400,- pr mnd. pr. person