Info sendt til foreldre
hausten 2026 /våren 2027
Kjære foreldre/føresette
Framnes, 1.oktober 2026
No er me allereie kome til haustferien og de får gjerne heim dykkar håpefulle! Det er no 8 veker sidan de sa adjø ungdomen dykkar – og tida har gått grueleg fort.
Me har aldri før vore så mange elevar på skulen. Pr 1. oktober er det 253 som bur på internata – me har heile 285 elevar som har skuleplass, altså 32 «heimebuarar» også. Me er godkjente for 288 elevar totalt. Til opplysning er me også 66 tilsette (av desse 4 i permisjon) – og så ei håndfull deltidstilsette elevar som er kjøkkenassistentar/reinhaldarar. Dette viser at me er ein ganske stor «bedrift» som skal forvaltas på ymse vis dagleg.
Venleg helsing
Oss på Framnes
Oversikt over info
Info kjem fortløpande
VIP Makkerskap
Haustbrev 2026
Telefon og e-post
postmottak@framnes.vgs.no
56 55 05 00 (Sentralbord)
930 09 831 (Rektor)
481 13 160 (Tilsyn)
Helsesjukepleiar: 918 26 285. Har kontortid på Framnes tirsdagar. Kan ringast på dagtid alle vekedagar.
Dersom du ikkje får kontakt på telefonen, send gjerne ei melding til oss på e-post, så tek me kontakt med deg! Du kan også gå inn her, og ta direkte kontakt med den det gjeld