Internat

Alle bygg på Framnes (bortsett frå Gamlesalen frå 1897) har namn som ender på «heim». Dei elevane som bur på skulen er fordelte på internatbygga «Framheim», «Nesheim», «Fjordheim», «Strandheim» og «Sjøheim». Det er ulik kvalitet og storleik på dei ulike internata, og komforten aukar etter som du blir flytta opp fra første- til tredjeklasse.

Skulebygg

Skulebygget heiter “Austheim” og rommar både klasserom, spisesal, kjøkken, auditorium, peisestove og hems. I 2025 fekk vi ein ny og moderne avdeling med klasserom, bibliotek, stillerom, grupperom og opphaldsrom der den gamle gymsalen stod.

Framnes Arena sto ferdig i 2017. Idrettshallen har standard handballbane med parkett (44×23), og fotballbane på 27×36 meter – med krøllgras som dekke.
I tillegg har hallen nytt styrkerom på 170 kvadratmeter og eit moderne klasserom.