Miljø

Framnes er ein internatskule. Det betyr at du bur tett på dei du går på skule saman med, og mykje av det du gjer på fritida skjer også på Framneshalvøya. Vi ynskjer at du skal trivast og kjenne deg heime.

Det betyr at miljøavdelinga vår har ein svært viktig jobb. På Framnes har vi gode miljøarbeidarar som jobbar for nettopp deg, og for at du skal ha eit godt fritidstilbod medan du er elev her. Som oftast er miljøarbeidarane tidlegare elevar, som kjenner skulen godt og som sjølve veit korleis det er å flytte heimanfrå for første gong. Dei begynner på jobb når lærarane går heim, og lagar aktivitetar både i vekedagane og i helgane. Når det gjeld miljøaktivitetar er et berre fantasien som set grenser, men Oscars, mørkegjømsel, såpefotball, capture the flag og lovsongskveld er eksempel på aktivitetar som miljøteamet vårt står for. Det skal ikkje vere vanskeleg å fylle fritida si med aktivitetar når du er elev på Framnes.

Miljøteamet 23/24