Framnes KVGS er ein kristen internatskule, eigd av Indremisjonsforbundet (IMF) og Indremisjonssamskipnaden (IMS). Skulen ligg idyllisk plassert på ei halvøy i Hardangerfjorden, vel tre kilometer frå Norheimsund sentrum. Skulen har om lag 280 elevar, fordelt på studiespesialiserande og idrettsfag. Dei fleste elevane bur på internatet, men nokre bur heime.

Ledig stilling som vaktmeister ved Framnes Kristne Vidaregåande Skule

Me søkjer etter ein person som kan gå inn i stillinga som vaktmeister frå 1.august 2026. Den tilsette vil arbeide i eit team på tre personar.

Me søkjer etter ein allsidig person i 60-100% stilling. Skulen søkjer ein person med brei fagleg interesse, og gjerne fagutdanning innan tømrarfaget. Arbeidet er variert og kan til ein viss grad tilpassast den som vert tilsett. Me legg vekt på god ordenssans, vilje til samarbeid og fleksibilitet i ein travel kvardag.                                                                                                      

Tilsette må identifisere seg med skulen sitt verdigrunnlag og målsetting og arbeide i tråd med skulen sitt verdidokument. Alle tilsette deltek i skulen si tilsynsordning og anna sosialpedagogisk arbeid. Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk. Skulen kan hjelpe til med å skaffa bustad.

Nærare opplysning om stillinga kan ein få ved å kontakte vedlikehaldsleiar Kjell Magne Solsvik tlf 918 55 651, epost vedlikehald@framnes.vgs.no , eller rektor Harald Voster rektor@framnes.vgs.no

Ein kortfatta søknad med cv vert å sende rektor@framnes.vgs.no

Søknadsfrist: 10. april