|
Nyhende
|
|
Skrevet av Lars Arvid Oma
|
|
fredag 27. januar 2012 15:13 |
Herrelaget til Framnes måtte bita i graset då dei møtte eit av favorittlaga, Sunnfjord folkehøgskule, i den innleiande runden i NM i volleyball for vidaregåande skular i dag. Gjestane vann 0-2, med settresultata 7-25 og 13-25. Sjølv om sunnfjordingane vart fleire hakk for "store", var det glimtvis bra spel på Framnes-laget i det andre settet. Likevel var ikkje det nok til å vippa dei godt trena spelarane frå Førde av pinnen. Fleire av spelarane til Framnes var forhindra i å spela, sidan dei deltek i eit worldcuprenn i telemark på Austlandet denne helga. (fleire foto under)
|
|
Les mer …
|
|
|
Nyhende
|
|
Skrevet av Lars Arvid Oma
|
|
fredag 27. januar 2012 10:25 |
|
Det effektive storkjøkenet på Framnes har fått ny avansert omn, ein såkalla ”kombidampar” av typen Rational. Det nye digitale ”vidunderet” vart montert 18. januar og sett i drift med det same. I går hadde kjøkenpersonalet besøk av Rune Torsvik frå leverandøren, som demonstrerte alle mogelegheitene med omnen. Ifølgje kjøkenleiar Berit Jørgensen er det ikkje grenser for kva den avanserte kombidamparen kan brukast til. – Me kokar, steikjer og varmar så og seia all mat i denne omnen. Kombidamparen er utruleg effektiv og enkel å arbeida med, seier ho. (les meir under)
Demonstrasjon: Rune Torsvik frå leverandøren demonstrerer mogelegheitene med den nye Rational-omnen.
|
|
Les mer …
|
|
Nyhende
|
|
Skrevet av Lars Arvid Oma
|
|
torsdag 26. januar 2012 13:59 |
|
Maskiner og mannskap frå Kjosås Maskin AS, og andre, starta måndag det førebuande arbeidet i samband med den planlagde utfyllinga av Vikøy-evja. Området skal omformast til friområde med idretts- og parkanlegg for alle i Vikøy. Ifølgje rektor Harald Voster er området ikkje regulert til skuleformål. (les meir under)
Tekst og foto: Lars Arvid Oma
|
|
Les mer …
|
|
|
Nyhende
|
|
Skrevet av Lars Arvid Oma
|
|
torsdag 26. januar 2012 14:51 |
Fredag 23. mars arrangerer Danielsen skoler og Framnes kristne vidaregåande skule kurs for lærarar, på Framnes.Temaet er Kristne verdiar i klasserommet i 2012. Førelesar er David I. Smith, som er professor ved Calvin College (USA), og direktør for Kuyer’s Institute for Christian Teaching and Learning. (les meir under)
|
|
Les mer …
|
|
Nyhende
|
|
Skrevet av Lars Arvid Oma
|
|
fredag 06. januar 2012 13:03 |
|
28. januar vert det trekning i Framnes-basaren. Ivrige loddbokselgjarar er allereie i sving. Ei stor mengd vinstar skal loddast ut, via loddbok og åresal. Det er også snakk om å få til ei tredje trekning. Mellom vinstane i boktrekninga finn ein til dømes ei bålpanne, eit tresnitt av Per Flatøy, ein sparkesykkel, eit fotoapparat med minnebrikke, diverse lappetepper og ein gutebunad. Dette er berre eit lite utval av det som dukkar opp på basaren i slutten av januar...
|
|
Les mer …
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>
|
|
Side 1 av 17 |