|
Årets misjonsprosjekt på Framnes (2011 – 2012) arbeider for: Akkurat no bringer frivillige frå heile verda håp til tusenvis av menneske som aldri kunne tru det var mogleg. Sidan 1978 har Mercy Ships brukt sjukehusskip for å tilby forvandlande helseomsorg heilt gratis til verdas gløymte fattige. Meir enn 2,9 millionar liv har blitt påverka, inkludert meir enn 56.000 gratis operasjonar ombord. Gjennom Misjonsprosjektet 2012 ynskjer me å støtte Mercy Ships sitt vidare arbeid. Eit arbeid som er med å bringe håp og legedom gjennom livsforvandlande operasjonar. Kvart år blir tusenvis av menneske operert gratis ombord på sjukehusskipet M/S Africa Mercy. (Sjå bilete side 2) Dei 430 tilsette om bord jobbar gratis, og betalar sjølv for kost og losji! Etter 13 år med bortimot gratis skulegang, ynskjer me å gje noko tilbake. Å kunna gjere ein forskjell for menneske utan dei same framtidsutsiktene som me har. Menneske som opplever lukke, sorg, glede, svolt, forelsking, angst og uro akkurat som meg og deg. Me ynskjer å gjere verda til ein betre stad for enkeltmenneske. Til ein betre stad for medmenneske.
Les meir om prosjektet her, for å finne ut kva me gjer, samt korleis du kan bidra! |






