Studietilbod PDF Skriv ut E-post

 

Framnes har følgjande utdanningsprogram/studieretningar:

Studiespesialiserande utdanningsprogram:

þ Vg 1 – 1. klasse

þ Vg 2 – 2. klasse

þ Vg 3 – 3. klasse

Utdanningsprogram for idrettsfag:

þ Vg 1 – 1. klasse

þ Vg 2 – 2. klasse

þ Vg 3 – 3. klasse

Studiespesialisering

Bakgrunn

Du som vel studiespesialisering, bør i utgangspunktet like å arbeide med teoretiske fag. Fyrste året har du berre fellesfag. Det andre året  må du velje fordjuping innan eit av programområda  realfag eller samfunnsfag/økonomi/språkfag.

Studiespesialisering gir det breiaste grunnlaget for vidare studiar ved høgskuler og universitet. Har du spesielle framtidsdraumar, bør du sjekke nøye kva fagkombinasjonar som vert krevd før du gjer dine val av programområde og fag. (Alle timar er oppgitt som 45 min. timar.)

Fellesfag Vg1

Fellesfag Vg2

Fellesfag Vg3

4t

Norsk

4t

Norsk

6t

Norsk

4t

Framandspråk, nivå I eller II

4t

Framandspråk, nivå I eller II

5t

Framandspråk, nivå II *

5t

Matematikk, praktisk eller teoretisk

3t

Matematikk, praktisk, eller programfag R1

3t

Religion og etikk

5t

Engelsk

2t

Historie

4t

Historie

2t

Kroppsøving

2t

Kroppsøving

2t

Kroppsøving

2t

Kristendom

2t

Kristendom



5t

Naturfag





3t

Samfunnsfag





2t

Geografi





* Dersom du ikkje har eit framandspråk frå ungdomsskulen (t.d. tysk, fransk, spansk), må du ha framandspråk nivå II på Vg3. Då treng du ikkje velje valfritt  programfag i 3. klasse. 

Dersom det er få elevar på eit framandspråk nivå II på Vg 1 vert kurset ikkje starta opp, då lyt ein ta framandspråk nivå I i 2 år

Felles og valfrie programfag på Vg2 og Vg3 (15 timar/veke)
Du må velje eit av programområda nedanfor:

Programområde for Realfag  

som inneheld faga:

Programområde for Samfunnsfag, økonomi og språk som inneheld faga:

5t

Matematikk 

5t

Media- og informasjonskunnskap

5t

Fysikk

5t

Sosiologi (Vg2) og Sosialkunnskap (Vg3)

5t

Kjemi

5t

Psykologi

5t

Biologi

5t

Engelsk





Kva fag som det vert gjeven tilbod om varierer frå år til år.

Du må velje minst 2 fag frå det programområdet du vel. Dei faga må du ha i både andre og tredje klasse. Totalt 20 veketimar. Framnes har kristendom som obligatorisk programfag.

Dei  siste 5 timane kan du velje fritt. Her kan du òg velje fylgjande fag frå utdanningsprogram for idrettsfag:


Utdanningsprogram for idrettsfag

5t

Toppidrett fotball (ein kan ha det alle tre åra).

5t  

Toppidrett sykling (ein kan ha det alle tre åra).

5t

Friluftsliv (Vg2 og Vg3)






Idrettsfag


Bakgrunn

Du som vel idrettsfag, bør vere glad i trening og fysisk aktivitet, men du må også like å arbeide med teoretiske fag. På Framnes kan du velje fordjuping innan programfaga toppidrett (fotball), breiddeidrett og friluftsliv. (Alle timar er oppgitt som 45 min. timar.) 


Fellesfag Vg1

Fellesfag Vg2

Fellesfag Vg3

4t

Norsk

4t

Norsk

6t

Norsk

4t

Framandspråk, nivå I eller II

4t

Framandspråk, nivå I

eller II

5t

Framandspråk,

nivå II *

5t

Matematikk, praktisk

3t

Matematikk, praktisk (2P)

3t

Religion og etikk

5t

Engelsk

2t

Historie

4t

Historie

5t

Naturfag

2t

Geografi



2t

Kristendom

2t

Kristendom





3t

Samfunnsfag









Felles programfag Vg1

Felles programfag Vg2

Felles programfag Vg3

5t

Aktivitetslære

5t

Aktivitetslære

5t

Aktivitetslære

2t

Treningslære

3t

Treningslære

5t

Treningslære



2t

Treningsleiing

4t

Treningsleiing



2t

Idrett og samfunn

3t

Idrett og samfunn







Du skal velje eitt (pr. år) av dei valfrie programfaga nedanfor:

Vg1

Vg2

Vg3

5t

Toppidrett fotball

5t

Toppidrett fotball

5t

Toppidrett fotball

5t

Breddeidrett

5t

Breddeidrett

5t

Breddeidrett

5t

Toppidrett sykling

5t

Friluftsliv

5t

Friluftsliv

5t

Toppidrett sykling

5t

Toppidrett sykling

* Dersom du ikkje har eit framandspråk frå ungdomsskulen (t.d. tysk, fransk, spansk), må du ha framandspråk nivå II på Vg3. Då kan du ikkje velje valfritt  programfag i 3. klasse.

Dersom det er få elevar på eit framandspråk nivå II på Vg 1 vert kurset ikkje starta opp, då lyt ein ta framandspråk nivå I i 2 år

Utdanningsprogrammet har som føremål å gje elevar med interesse for idrett ei allsidig idrettsutdanning, samt å gje talentfulle idrettsutøvarar moglegheit til å kombinere utdanning med toppidrett. Det gjev grunnlag for å ta på seg trenarjobbar innafor idretts- og friluftsliv, spesielt barneidrett. Utdanningsprogram for idrettsfag fører fram til generell studiekompetanse, som gjev deg grunnlag for å søkje dei fleste studie ved høgskular og universitet, for eksempel ved idrettshøgskulen.

 

 
RocketTheme Joomla Templates