Om Framnes PDF Skriv ut E-post

Visjon

"Framnes kristne vidaregåande skule er ein inkluderande skule og heim der alle trivest,
blir møtt med tillit og respekt og får vener for livet.
Elevane opplever personleg vekst, fagleg utvikling og eit godt åndeleg felleskap."

Kva kan me tilby deg?

Framnes Kristne Vidaregåande Skule er ein internatskule med ca. 260 elevar. Om lag 200 bur på internatet. Skulen vert driven av Indremisjonsforbundet og Indremisjonssamskipnaden. Skulen ligg i Norheimsund i Hardanger

Me ynskjer  å drive  ein god fagleg skule med eit godt sosialt og åndeleg miljø.

Alle skal trivast på Framnes. Ein skuleprest og miljøarbeidarar legg til rette for at du kan ha noko å fylle fritida med på Framnes.

På kveldstid kan du delta i bibelgrupper, møter, ulike idrettsaktivitetar, leik og moro i gymsalen, seminar, konsertar m.m. Noko arrangerer skulen, men mykje vert arrangert av elevane sjølve.  Framnes er bra utstyrt for dei som likar å drive idrett, men me kan også tilby noko for den musikkinteresserte.

Framnes samarbeider godt med aktørar i bygda og det er kort veg til skisenter både i langrenn og alpint/telemark.

Gamlesalen

Korte fakta

    • Framnes vart grunnlagt i 1897 av Thina og Johannes Brandtzæg som kjøpte Framnes-halvøya (Prestholmen) og bygde ein ungdomsskule/følkehøgskule. Året etterpå vart det òg starta opp ein misjonsskule som seinare vart flytta til Fjellhaug i Oslo.
    • I 1996 vart folkehøgskuledrifta lagt ned og Framnes starta som vidaregåande skule, men framleis med internat.
    • Skulen har no omlag 260 elevar.
    • Framnes er i dag ein treårig vidaregåande skole med idrettsfag og studiespesialisering. Me har elevar frå heile landet.
    • Skulen er ein kristen friskule med offentleg godkjenning og eksamensrett. Framnes halvøya og bygningane er eigde av Indremisjonssamskipnaden. Skulen vert driven av Indremisjonssamskipnaden saman med Indremisjonsforbundet (ImF).

Framnes i 1922

Framnes ca 1922. Sjå fleire gamle kort frå Kvam.

  • Trass i ei lang historie som skule har Framnes no mange relativt nye og tenelege bygg. Det nyaste bygget er eit internat som vart ferdig i oktober 2000.
  • Framnes har eit moderne og godt utstyrt skuleanlegg med gymsal, symjebasseng, beachvolleyballbane, treningsrom, eit lite bibliotek m.m..
  • Framnes ligg idyllisk på ei halvøy som stikk ut i Hardangerfjorden, omkransa av flotte fjell, omlag 3,5 km frå Norheimsund  i Kvam HeradHardanger.
  • Det er muleg å leige delar av skulen for kurs eller liknande. Ta kontakt med skulen.
  • Framnes tok imot ei gruppe sivile fangar fra Telavåg fram til mai 1944. Les meir om dette på Nordsjøfartsmuseet.

Framnes songen

Hans Woll 1888 (melodi: Himmelse Fader/Ungdommens Frelser)

I som er givet fremtidsarv i eie.
I som er livet langt med lyse veie. 
Måtte i have livets beste gave 
med på den fristende ferd.

Kun hvis I bygger huset på en klippe,
truende skygger vil jer livsvei slippe.
Kun hvis Gud Fader aldri I forlater, 
lykken vil føle jert fjed.

Fristende dage vandrer I til møte.
Hell dem der vraker hva de onde bøde. 
Hell eder unge, om I alltid sjunge 
sangen om julenattens fred.

Gud være ære i sitt høye rike.
Han vil oss lære hvortil vi skal hige.
Brave i verden, dyktige til ferden
mot det forjettede land.
 
RocketTheme Joomla Templates